Fødeavdelingen på Nordfjordeid må reduserest til fødestue, meinar gynekologisk foreining. Leiar av Norsk gynekologisk foreining, Rolf Kirschner, meiner at under 300 fødslar i året er for lite for å oppretthalde statusen som fødeavdeling. - I dette tilfellet kan det bli ei jordmorstyrt fødestove for friske fleiregangsfødande på Nordfjordeid og at førstegangsfødande og der ein finner avvik under graviditeten flytter desse til næraste fødeavdeling, seier han.
Fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus hadde i fjor 295 fødslar. Det er over 100 fødslar mindre enn Statens Helsetilsyn si tilrådde norm på 400 fødslar for å ha status som fødeavdeling. På fødestover er det ikkje krav om gynkelogar, og alle gravide med potensielle risikofødsler må difor sendast til Førde.
Denne tanken likar ikkje seksjonsoverlege Arne Jernbert ved fødeavdelinga på Eid. Jernbert seier fødestovemodellen er ein utmerka modell i storbyar, men at det i distriktet vil vere ein høgrisikoinstitusjon. - Plasseringa av sjukehuset og geografien det ligg i, kvalifiserer for at vi framleis skal vere fødeavdeling som også kan ta hand om risikofødslar. Bygger ein ned avdelinga her, så inneber det ei reisetid på fire timar for fødande. Det er kynisk. Kvinner og barn vil betale ein for høg pris, seier han og fryktar at liv kan gå tapt.
Kirschner avviser at lange reiseavstandar vil skape problem for dei fødande. - Det vil vere nokre som eventuelt må flytte på seg før fødsel eller ved fødsel. No er kommunikasjonen i Noreg heldigvis ikkje dårlegare enn for nokre år sidan, seier han.
• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her
onsdag 2. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar