tirsdag 29. desember 2009

Strategimøte om Lærdal sjukehus 7. januar, ope for alle


HELSE FØRDE Helse Førde legg opp til informasjons- og arbeidsmøter i samband med strategiprosessen allereie tidleg i januar. Merk deg datoane.

– For å sikre at flest mogleg får delta i prosessane, både internt og eksternt, er det viktig at vi allereie no kan tidfeste dei første møta. Like over nyttår er heile møte- og kommunikasjonsplanen for strategiarbeidet fram til april klar, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Han er oppteken av at både tilsette og representantar frå kommunane merkar seg dei første møta i januar.
– Møta 7., 11. og 12. januar blir viktige arbeidsmøter. Då skal vi samlast på dei ulike sjukehusa og vi prøver å leggje opp til mellom anna gruppearbeid. Desse arbeidsmøta er både for tilsette og eksterne partar, som til dømes kommunetilsette. Folk flest er også invitert til desse møta. Her skal vi ta utganspunkt i ein del av dei kartleggingane og analysane som er gjort, og deretter drøfte korleis Helse Førde skal sjå ut mot 2020 og korleis skal vi kome dit, seier han.

Dei vanlege dialogmøta, der styret møter ordførarane, er tenkt til februar og april. Nøyaktig dato for desse vil vi kome tilbake til når møte- og kommunikasjonsplanen er klar.

På nettsida Helse Førde 2020 vil vi leggje ut informasjon og saker frå det pågåande strategiarbeidet.

Møteplan januar:


6. januar Kl 14.00 - 15.30
(førebels tidsramme)
Stormøte med videooverføring til alle institusjonar. * Om strategi og Døgn til dag Forankring Helse Førde mot 2020. * Presentere rammene for arbeidet
Alle tilsette tillitsvalde, verneteneste


(MØTE OM LÆRDAL SJUKEHUS:)
7. januar Kl. 15.00 – 18.00
Arbeidsmøte strategi LSH
Alle tilsette, tillitsvalde, verneteneste.

7. januar Kl. 19.00 – 22.00
Arbeidsmøte strategi
Lærdal lokalsjukehusområde
Administrasjon, helsepersonell og innbyggjarane i kommunane.



(MØTE OM FØRDE SENTRALSJUKEHUS:)
11. januar Kl. 15.00 – 18.00
Arbeidsmøte strategi FSS
Alle tilsette, tillitsvalde, verneteneste.

11. januar Kl. 19.00 – 22.00
Arbeidsmøte strategi Førde lokalsjukehusområde
Administrasjon, helsepersonell og innbyggjarane i kommunane.


(MØTE OM NORDFJORD SJUKEHUS:)
12. januar Kl 15.00 – 18.00
Arbeidsmøte strategi NSF
Alle tilsette, tillitsvalde, verneteneste.

12. januar Kl 19.00 – 20.00
Arbeidsmøte strategi
Nordfjord lokalsjukehusområde
Administrasjon, helsepersonell og innbyggjarane i kommunane.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 15. desember 2009

Styremøtet 16.12.: Budsjett for Helse Førde 2010



• Klikk her eller på overskrifta for å lese budsjettforslaget som skal handsamast i styremøtet onsdag 16. desember

• Klikk her for å finne alle styresakene til møtet 16. desember

Møtet startar på Sunnfjord hotell, Førde, kl. 09 og er ope for publikum og presse.

NB! NRK SOGN OG FJORDANE SENDER DIREKTE FRÅ STYREMØTET, SJÅ HER

Årdal: Reagerer på ambulansekutt


SOGN AVIS Tidlegare ambulansesjåfør i Årdal meiner ambulansetenesta er nærast rasert enkelte stader.

Glenn Morten Hestetun, tidlegare ambulansesjåfør i Årdal, reagerer på kuttframlegg i Helse Førde som kan gå ut over ambulansetenesta.

– Helse Førde ville sjølv overta ambulansetenesta frå Røde Kors og private aktørar, det var ingen som tvang dei til det. Men alt skulle bli så mykje betre dersom dei fekk overta, blant anna skulle det verta krav om at samtlege skulle ha fagbrev. Ambulansetenesta i distrikta skulle også styrkjast. Her var det heller ikkje snakk om kva det skulle kosta, heile ambulansetenesta skulle styrkjast, seier Hestetun.

Rasering
Han var sjåfør på ambulansen i Årdal og er også kommunepolitikar for Ap. Kommunen hadde ein periode to ambulansar, men står no att med ein.

– Og Aurland si ambulanseteneste er på det næraste rasert. Det blir sagt at det ikkje er behov for ambulanse i Aurland sidan det er så få oppdrag. Men kven er det som styrer oppdraga? Dette er det Helse Førde som kan gjera noko med.

– Det er heilt klart noko som ikkje stemmer her. Fyrst raserer dei lokalsjukehusa, og i mitt hovud burde dei då styrkja ambulansetenesta når folk blir tvinga til å reisa i fleire timar for å få spesielle helsetenester, som blant anna eit fødetilbod. Då kan dei ikkje kutta i ambulansetenesta. Det blir heilt feil og er eigentleg ei tragedie for heile helsevesenet i Sogn.

Tek opp saka
Hestetun trur ambulansetenesta i dag blir driven til ein langt høgare pris enn før Helse Førde overtok.

– Det skulle ha vore moro og sett kva ambulansetenesta kostar i dag, med den store administrasjonen som sit og styrer. No kuttar dei der arbeidet skal utførast, medan administrasjonen blir bygd opp. Eg blir både forbanna og frustrert på heile dette systemet, som til sjuande og sist går ut over pasientane.

Hestetun seier han vil ta saka opp i Arbeidarpartiet, og ser det som naturleg at det kjem ein uttale frå kommunestyret torsdag.

– Så får det bli opp til ordføraren å bringa dette vidare til naturlege samarbeidsfôra og inn mot Helse Førde. Dette er ei sak som gjeld oss alle, uavhengig av både kommune- og partigrenser.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Nordfjordrådet ber om møte med den politiske leiinga i helsedepartementet


FJORDABLADET Helse Førde sitt framlegg til strategidokument samsvarar ikkje med overordna statlege styringsdokument, korkje i tid eller innhald.

På grunn av at det råder ulike syn mellom det den raudgrøne regjeringa seier i Soria Moria II om lokalsjukehus og Helse Førde sitt syn på kva rolle desse sjukehusa skal spele i framtida, kjem Nordfjordrådet til å be om eit avklaringsmøte med den politiske leiinga i helsedepartementet.

Dette vart klart då Nordfjordrådet hadde møte i Smia i Hornindal måndag ettermiddag.
I ei uferdig fråsegn frå møtet heiter det mellom anna:
«I Soria Moria II heiter det at eksisterande desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldas. Dette skal sikre nærleiken til akuttfunksjonar og fødetilbod, og det vert frå regjeringa presisert at: «Ingen lokalsjukehus skal leggast ned ». Regjeringa seier også at: «Når sjukdom rammar, skal folk oppleve at de får tilbod om behandling og pleie med kort ventetid og med størst muleg nærleik til brukaren.»

I uttalen frå Nordfjordrådet heiter det at regionrådet tek ovannemnde utsegner og lovnader på alvor, og viser til at Helse Førde i sitt framlegg til strategidokument startar ein endrings- og sentraliseringsprosess som korkje i tid eller innhald samsvarar med overordna statlege styringsdokument.

Samhandlingsreforma skal til dømes ut på høyring i januar 2010. Førebels dato for handsaming i Stortinget er 27. april 2010. Nordfjordrådet meiner at eventuelle endringar ved drifta ved Nordfjord sjukehus no ikkje er i samsvar med den helsepolitikken som er nedfelt i Samhandlingsreforma og Soria Moria II.

Nordfjordrådet held vidare fast på at Nordfjord sjukehus må oppretthaldast med dei funksjonane som ligg til sjukehuset i dag.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Vellukka folkemøte i Lærdal - 3312 underskrifter for Føden.




• Les om folkemøtet på Porten ved å klikke her og overrekkinga av underskriftene ved å klikke her

• Les om overrekkinga av underskriftene i Sogn Avis ved å klikke her

• Les om folkemøtet og overrekkinga av underskriftene på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her

(BILETE FRÅ NRK, SOGN AVIS OG PORTEN)

Omlegging av OVOP på Nordfjord: – Sjukehuset vert sett tilbake til 70-talsnivå


FJORDABLADET – Nordfjord sjukehus vert sett tilbake til 70-talsnivå dersom Helse Førde vedtek å leggje ned overvakingsavdelinga (OVA) og plassere pasientane ut på sengepostane. Det seier ein sterkt opprørt overlege Henrik Berg, som karakteriserer ei slik omlegging som uforsvarleg overfor pasientane.

Fagansvarleg Henrik Berg ved overvakingsavdelinga (OVA) ved Nordfjord sjukehus reagerer sterkt på at administrerande direktør Jon Bolstad har gått ut og sagt på samhandlingskonferanse med ordførarane at ein vil gjennomføre den same omlegginga ved Nordfjord sjukehus som i Lærdal, der ein har innlemma OVA i ei anna avdeling.

Berg las i avisa Firda om endringane som Helse Førde-direktøren vil gjennomføre. Sjølv hadde han ikkje høyrt eit ord om at dette var så godt som bestemt.

– Helse Førde er ei offentleg, skattefinansiert verksemd, det er ikkje ein liten privat bilverkstad der somme kan gjere sine eigne vedtak etter sitt eige hovud, tordnar Berg. Han er sterkt opprørt både fordi han ikkje er blitt informert om den planlagde nedlegginga av OVA ved Nordfjord sjukehus og fordi han meiner at ei slik omlegging vil vere uforsvarleg overfor pasientane.

Overlegen viser også til at ei breitt samansett gruppe leia av direktør Arve Varden for eit par år sidan hadde ein grundig gjennomgang av aktiviteten ved OVA og eventuelle omleggingar. Konklusjonen var at det ikkje var noko å vinne korkje fagleg, økonomisk eller personellmessing på å gjere dei endringane som Bolstad no ser ut til å ha bestemt seg for.


Dei sjukaste sjuke
Overvakingsavdelinga (OVA) ved Nordfjord sjukehus har åtte sengeplassar der dei sjukaste sjuke vert tekne hand om av spesialutdanna sjukepleiarar. Avdelinga tek hand om både nyopererte ortopedipasientar og eventuelle komplikasjonar, samt medisinske pasientar som treng intensiv behandling og tilsyn. Ved ei eventuell nedlegging av OVA, vil intensivpasientane i staden bli plasserte på dei to sengepostane medisin og ortopedi.

På OVA ligg det i dag alt frå pasientar med hjarteinfarkt til personar som har forsøkt sjølvmord. Det seier seg sjølv at det vil vere lite tilfredstillande å stue slike pasientar saman på eitt rom på medisinsk avdeling.

Om natta og i helgane er det få på vakt og med ressurskrevjande pasientar som treng intensiv behandling og tilsyn på avdelinga, vil omlegginga også kunne gå sterkt ut over dei andre pasientane som ikkje er fullt så sjuke, men som også har behov for ein del hjelp.

– Helse Førde skriv fint på sin nettstad at dei er opptekne av å involvere dei tilsette. Direktøren sine utsegner, som inneber nedlegging av OVA, er eksempel på det motsette, seier Berg. Han legg til at dette føyer seg inn i rekkja av tiltak som ikkje er godt fagleg grunngjevne, men som openbart har sentralisering av oppgåver til sentralsjukehuset som einaste hensikt.

Dersom Helse Førde-styret vedtek den førespegla omlegginga, betyr det at sjukehuset vert sett tilbake til 70-talsnivå.

Overvakingsavdelinga vart oppretta i 94/95 fordi organiseringa med felles avdeling ikkje heldt mål fagleg sett, og har ifølgje overlege Henrik Berg fungert glimrande. Her har dei sjukaste sjuke med størst fare for liv og helse blitt tekne hand om av spesialutdanna sjukepleiarar som er trena til å bruke avansert medisinsk utstyr.

– Å flytte tilbake denne pasientgruppa med svært sjuke pasientar til vanlege sengepostar er fagleg sett heilt uakseptabelt, konstaterer Berg. Han legg til at ved slike gjennomgripande endringar, som vil kunne få store negative konsekvensar for pasientane, har han som lege ikkje berre rett, men også plikt, ifølgje norske legeforeinings retningsliner, til å varsle om konsekvensane.

Svært opprørande
Styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde har også uttalt seg positivt om å gjennomføre dei same endringane innan OVA på Nordfjordeid som ein har gjort i Lærdal. Berg stiller spørsmål ved kva for faglege vurderingar han byggjer sine uttalelser på.

– Det er svært opprørande å få servert slike utsegner i media når ei breitt samansett faggruppe har konkludert med det motsette, seier Berg. Han registrerer også at pasientar og sjukepleiarar i Lærdal er svært misnøgde med den omlegginga som har blitt gjennomført der.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 14. desember 2009

Om overvakinga i Lærdal





NRK SOGN OG FJORDANE Sjukepleiar meiner overvakingsavdelinga ved sjukehuset i Lærdal vert drive uforsvarleg. No seier ho opp i protest.

Overvakingsavdelinga i Lærdal vert drive på ein uforsvarleg måte, meiner sjukepleiarar ved sjukehuset.
No søkjer fleire seg bort frå sjukehuset i Lærdal.
- Det går ei grense for kor mykje du som sjukpleiar kan finne deg i. Når du ser at det blir uforsvarleg, greier du ikkje å jobbe der lenger. Det kjennest som om ein forlet eit synkande skip, seier Liv Marie Skjerdal.

Blir kvalm når ho kjem på jobb
For å spare pengar valde Helse Førde i haust å innlemme overvakingsavdelinga i ei anna avdeling ved Lærdal sjukehus.
Det har i etterkant skapt reaksjonar hos dei tilsette ved sjukehuset.
- Det er ikkje kjekt å kvi seg for å gå på jobb. Eg vert kvalm når eg kjem i garderoben. Eg veit at kollegene eg jobbar med alle har sett seg om etter jobb, seier Skjerdal.

- Det var nokon som var veldig imot omlegginga. Det er heilt greitt at dei tek konsekvensen av det og sluttar, seier Jon Bolstad.

- Dette er ei god løysing
Den administrerande direktøren i Helse Førde er ikkje samd i at det er uforsvarleg å drive overvakingsavdelinga slik dei gjer i dag.
- Eg meiner det er ei god ordning. Vi hadde ikkje gjort dette, dersom vi ikkje trudde det var ei god løysing, seier han.
- Det positive er at sist vi lyste ut stillingar, var det heile åtte søkjarar. Så det ser ut som om det er lettare å få tak i kvalifisert personell, seier han.

• Klikk her for å lese denne saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider

• Klikk her for å høyre kva direktør Jon Bolstad seier om dei tilsette sine reaksjonar

• Klikk her for å sjå saka "Dette reagerer dei tilsette på"

søndag 13. desember 2009

FOLKEMØTE OM FRAMTIDA FOR LÆRDAL SJUKEHUS MÅNDAG 14.12.2009


Møtet er måndag 14. des. kl. 18.30–21.30 i Kulturhuset (Norsk Villakssenter), Lærdal

Lærdal Musikklag spelar i vestibylen frå kl. 18.

18.30 Velkomen v/møteleiar Jan Olav Fretland

18.40 Omstillingar for Helse Førde og Lærdal sjukehus v/Arne Eithun, informasjonssjef Helse Førde

19.10 Framtidas utfordringar for spesialisthelsetenesta v/fylkeslege i Sogn og Fjordane Petter Øgar

19.30 Treng folk i Indre Sogn Lærdal sjukehus? v/kommunelege i Lærdal Frode Myklebust

19.50 Overrekking av opprop og underskrifter til Helse Førde frå representantar for aksjonen ”Forsvar Føden i Lærdal”

20.00 Pause

20.15 Framtida for Lærdal sjukehus v/Bente Øien Hauge, Forsvar Lærdal sjukehus og Folkebevegelsen for lokalsykehusene

20.30 Paneldebatt med Arne Eithun, Petter Øgar, Frode Myklebust, Arne Sanden, Rigmor Cruickshank m.fl.

Høve til spørsmål frå salen.

lørdag 12. desember 2009

Uttale frå Forsvar Lærdal sjukehus: Ordførar på soloferd


ORDFØRAR PÅ SOLOFERD

I Lærdal har det vore tverrpolitisk semje om at ein vil arbeida for å halda oppe fullverdige lokalsjukehustenester for befolkninga i Sogn. Med lange avstandar og usikre vegar til andre sjukehus har det vore semje om at mellom anna det lokale fødetilbodet må sikrast for å gje tryggheit for liv og helse.

I Lærdal formannskap si sjukehusfråsegn 17. november 2009 vart Helse Førde oppmoda om å ta i bruk prosesskrava som det nasjonale lokalsjukehusutvalet kom med i sin rapport frå 2007 og sikre brei deltaking, godt forarbeid, informasjon og reell brukarmedverknad i omstillingsprosessane. Vi er derfor overraska over at Lærdals-ordførar Arne Sanden før helga brått gjekk ut og signaliserte ei vesentleg endring i politisk holdning til den kanskje viktigaste politiske saka i kommunen – utan at det har vore noka brei deltaking, forarbeid, informasjon eller medverknad frå fagfolk, brukarar og organisasjonar i kommunen.

Ordføraren opplyste til media at det var eit samla Ap og Sp som stod bak kursendringa og at opposisjonen ikkje hadde vesentlege merknader. Gjennom media har vi registrert at dette er feil; mange av kommunepolitikarane i Lærdal fekk informasjon om standpunktskiftet gjennom media, og partia hadde ikkje hatt høve til å drøfta saka på medlemsmøte.

Ordførar Sanden si handtering av denne saka har skapt sterke reaksjonar lokalt og utryggheit blant gravide i regionen. Aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus meinar at ordføraren sitt utspel om kursendring i høve til lokalt fødetilbod ikkje er forankra i det politiske miljøet og dei ulike lag og organisasjonar i Lærdal og Indre Sogn. Me vonar flest mogeleg vil gje uttrykk for dette, gjerne gjennom å støtte denne fråsegna.


Bente Øien Hauge
Forsvar Lærdal sjukehus

----------------------------------------------------------

LÆRDAL VENSTRE støttar denne fråsegna
LÆRDAL SV støttar denne fråsegna
FAGFORBUNDET LÆRDAL støttar denne fråsegna
SJUKEPLEIARFORBUNDET AVD. LÆRDAL støttar denne fråsegna
LÆRDAL BYGDEKVINNELAG støttar denne fråsegna
LHL LÆRDAL OG AURLAND støtter denne fråsegna
UTDANNINGSFORBUNDET LÆRDAL støtter denne fråsegna



----------------------------------------------------------

fredag 11. desember 2009

Verneombud: Leiinga i Helse Førde bryt arbeidsmiljølova


FJORDABLADET – Leiinga i Helse Førde bryt arbeidsmiljølov når tilsette sine tillitsvalde og verneombod ikkje blir involverte i dei store endringsprosessane som no vert foreslått.

Dette seier verneombod og operasjonssjukepleiar Nils Anders Sørland og viser til dei mangelfulle prosessane som har vore i forkant av budsjettmøtet i Helse Førde komande onsdag.

– I budsjettsaka og strategidokumentet, som skal opp til handsaming på styremøtet i Helse Førde komande onsdag, skriv administrerande direktør at overvakingsavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal omorganiserast tilsvarande det som er gjort i Lærdal. I tillegg skal det utgreiast om ein skal legge ned ortopedien ved Nordfjord sjukehus eller ved Lærdal sjukehus. I tillegg skal det utgreiast om fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal leggast om til ei jordmorstyrt fødestove.

Desse framlegga pluss ein del tiltak som allereie er gjennomført, utan at styret har behandla dei, vert lagt fram for styret til avgjerd utan at tilsette sine representantar, tillitsvalde og verneombod, har fått vere med i prosessen. Etter mitt syn er dette heilt klare brot på sentrale paragrafar i Arbeidsmiljølova som regulerer slik forhold, seier Nils Anders Sørland som no har engasjert advokat for å vurdere dei manglande prosessane i helseføretaket.

Prosessar
– I saksutgreiinga til budsjettsaka under strekar administrerande direktør at det i samband med budsjettet gjennomført omfattande prosessar i alle klinikkane. Stemmer ikkje dette?

– Det kan godt hende at det har blitt gjennomført omfattande prosessar i alle klinikkane, men desse prosessane har ikkje involvert tillitsvalde og verneombod i råka avdelingar ved Nordfjord sjukehus, seier Nils Anders Sørland og viser til eit døme, omlegging av overvakingsavdelinga ved sjukehuset på Eid.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Fjordabladet

Bolstad førebur avvikling av føden i Lærdal


SOGN AVIS Nådestøyt for føden i Lærdal

Fødetilbodet ved Lærdal sjukehus blir fjerna i administrerande direktør Jon Bolstad sitt utkast til strategi for Helse Førde 2010 til 2020. I dokumentet, som styret i Helse Førde skal behandla den 16. desember, skriv Bolstad rett nok at før noko vedtaket blir gjort, må helseføretaket venta på signala som kjem i Helse Vest sin regionale plan for fødselsomsorga.

Men Bolstad skriv likevel at han må setja ned ei prosjektgruppe som skal sjå på fødetilbodet, og som skal vurdera nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus. I tillegg ønskjer Bolstad å få utgreidd ei omlegging av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus til ei jordmorstyrd fødestove.

Ortopedi
Også for ortopedisk kirurgi varslar Bolstad at det blir endringar i høve dagene tenestetilbod. Han vil vurdera nedlegging av tilbodet anten på Eid eller i Lærdal. Dei to sjukehusa har om lag halvparten av den samla aktiviteten innan ortopedi i Helse Førde.
Jon Bolstad ønskjer å behalda den eine av dei to nemnde avdelingane, og at den som bli verande att blir ei avdelinga som berre tek planlagde ortopediske inngrep. Noko som betyr at avdelinga ikkje skal ha akuttberedskap.

I dei siste vekene har det kome innspel frå fleire hald om at den ortopediske avdelinga utanfor sentralsjukehsuet må plasserast i Lærdal. Både ordførar Arne Sanden og fem av dei andre ordførarane i Sogn Regionråd har gjeve signa om dette.

Og i Firda fredag stør styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, ei slik ordning. Mowatt ønskjer å vidareutvikla ortopeditenesta i Lærdal, og han meiner at ortopedien ved Nordfjord sjukehus bør leggjast om til dagkirurgi.

• Les saka og kommentarane i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

NRK med innringingsprogram tirsdag ettermiddag: Kommenter budsjettet!

I forbindelse med det forestående Helse Førde-styremøtet onsdag 16. desember, vil NRK Sogn og Fjordane ha åpne linjer for innspill og spørsmål om kuttforslagene tirsdag ettermiddag.

NRK skriver: "Både styreleiar Clare Øberg og direktør Jon Bolstad kjem i studio. Det same gjer ordførar i Eid, Sonja Edvardsen og Arne Sanden, Lærdal."

• Ring NRK Sogn og Fjordane med dine spørsmål om, eller innspill til, budsjettet på telefon 57 72 42 42 da vel!

• Les om innringingsprogrammet ved å klikke her eller på overskrifta

Styremedlem Harry Mowatt: – Tida overmoden for å avvikle Lærdal-føden


FIRDA Og ortopedien bør leggjast om på Eid, meiner Mowatt.

Styremedlem Harry Mowatt meiner strategiframlegget frå adm. dir. Jon Bolstad gir ei god retning og inneheld mange aktuelle tiltak som han trur vil bli gjennomført.
–Men tempoet i gjennomføringa bør vere større. Fleire av tiltaka har høg risiko, samstundes som innsparingane i budsjettframlegget berre ligg så vidt over grensa for det vi må spare. Vi bør ha større margin, seier styremedlemen.

Nær millionen i månaden
Mowatt meiner at fleire tiltak som Helse Førdes administrerande direktør berre legg opp til å vurdere, bør vedtakast og setjast ut i handling så tidleg som mogleg i 2010.
–Tida er overmoden for å leggje ned fødestova i Lærdal. Dette fødetenestetilbodet er i røynda allereie lagt ned tre gonger, først av dei fødande sjølve, deretter av ordførar og formannskap i Lærdal, og attpåtil også av Sogn regionråd. Når denne forsterka fødestova kostar Helse Førde ein liten million kroner i månaden, burde ho leggjast ned 1. februar, seier styremedlemen.

Veit nok
Mowatt meiner at Helse Førde også har data nok til å setje ut i handling den omlegginga av ortopedien Helse Førde-administrasjonen inviterer til, når den vil vurdere nedlegging av det ortopediske tenestetilbodet i Eid eller Lærdal.
–Etter mi meining, bør vi leggje om ortopedien ved Nordfjord sjukehus til dagkirurgi og vidareutvikle dagens ortopedi i Lærdal, seier han.

Også ei omlegging av overvakinga på Nordfjordeid, tilsvarande den som vart gjort i Lærdal, bør kunne gjennomførast raskt, seier Harry Mowatt.

Annleis for Eid-føden
Han er derimot ikkje innstilt på noko snarleg endring i fødetilbodet i Eid, der adm. dir. Bolstad legg opp til å vurdere omlegging frå fødeavdeling til jordmorstyrt fødestove.

–Eg tykkjer ikkje vi bør gå inn i denne typen vurderingar før Helse Vest har lagt fram sin varsla plan for fødetilbodet i heile regionen. Den planen skal kome 1. juli neste år. Fødetenesta på Nordfjordeid står dessutan i ein annan situasjon enn i Lærdal, seier styremedlemen.

Trongare økonomi
–I all hovudsak tykkjer eg administrasjonen har jobba godt og seriøst med strategiframlegget. Men eg er redd dei økonomiske utfordringane kan bli så store at vi må kome oss meir i forkant og ha meir å gå på enn det administrasjonen her legg opp til.

Regjeringa gir klare signal om at pengebruken i statsbudsjettet skal tilbake til handlingsregelen. Då blir det mindre vekst i sjukehusøkonomien enn før, seier Harry Mowatt.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 10. desember 2009

Helse Førde: Budsjett og strategi


FRÅ HELSE FØRDE SINE SIDER Helse Førde har no sendt ut styresakene som omhandlar mellom anna budsjettet for neste år, samt strategiprosessen fram mot 2020.

- Sidan september har vi brukt mykje tid på å kartleggje og analysere tenestetilbodet i Helse Førde. Funna der har vore viktige i forhold til budsjettet for neste år, og ikkje minst med tanke på det vidare arbeidet i strategiprosessen.
Det seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Handlingsrom
Han peikar mellom anna på at slik situasjonen er i dag, har ikkje føretaket rom for heilt naudsynte tiltak som til dømes nyinvesteringar innan medisinsk-teknisk utstyr, nyinvesteringar i bygg og eigedom, etablering av ruspost på Nordfjordeid eller til etablering av nye tilbod til eldre og kronikarar.

- Strategiprosessen må sørgje for at vi kjem i posisjon til å gjere noko innan desse viktige områda. Vi har i fleire år gjennomført endringsprosessar innan eit snevert handlingsrom som i stor grad har sett ein stoggar for strukturelle endringar. Dette har vore naudsyne endringar, men er over tid ikkje nok til å skape ein berekraftig økonomi.

Helse Førde har lagt nasjonale rammedokument og styringssignal i botn for sitt arbeid med strategien dei komande 10 åra.
- Både Soria Moria 2 og stortingsmeldinga om samhandlingsreformen legg opp til at spesialisthelsetjenesta skal utviklast i ein endå tydelegare spesialisert retning. Det får betyding ikkje berre med tanke på arbeidsdelinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, men også for arbeidsdelinga mellom sjukehusa. I strategiarbeidet ynskjer vi å vidareføre arbeidet med ein betre arbeidsdeling mellom våre institusjonar, seier Bolstad.

Ortopedi
I det vidare strategiarbeidet blir det lagt opp til å sjå på det ortopediske tenestetilbodet i Helse Førde, og moglegheitene for å samle dette på berre to stader. Bolstad meiner det ortopediske tilbodet i Helse Førde har god breiddekompetanse, men utfordringa er at denne kompetansen er spreidd på tre små og sårbare einingar.

- Vi har overkapasitet innan dette fagområdet. I samband med implementering av gjeldande ortopediplan har styret bedt om ei utgreiing som skal synleggjere korleis Helse Førde kan tilpasse kapasiteten og redusere kostnadane. Samla sett utgjere aktiviteten i Eid og Lærdal om lag halvparten av den samla aktiviteten i ortopedisk avdeling, og det er difor omfattande oppgåver som skal flyttast til andre lokalisasjonar. Truleg vil ein lokalisasjon med rein elektiv aktivitet utan akuttberedskap vere ei svært kostnadseffektiv løysing og kunne sameine høg kvalitet og stabil produksjon med lågt personellbehov, seier han.

Felles sengepostar
Styresaka om den vidare strategien i Helse Førde peikar også på fleire område det er naudsynt å kartleggje nærmare.
- Det er ei heil klar målsetjing for oss å redusere liggjetidene og samstundes dreie mykje av aktiviteten over frå døgn til dagbehandling. Sett i lys av dette er det naturleg å vurdere samanslåing av sengepostar og oppretting/utviding av pasienthotell ved alle sjukehusa.

Fødetilbod
Også fødetilboda på Eid og i Lærdal skal analyserast og vurderast før det endelege strategidokumentet blir vedteke av styret til våren. Men Bolstad seier at dette arbeidet også må sjåast i samanheng med Helse Vest sine planar for fødselsomsorga.
- Tidligare nivåinndeling med bakgrunn i talet på fødslar skal erstattast av kvalitetskrav til tenestetilbodet ved fødeinstitusjonane. Med bakgrunn i dette arbeider Helse Vest med ein regional plan for fødselsomsorga og dei signal som kjem i denne, vil være sentrale for organiseringa av tilbodet også i Helse Førde, seier han.

Vedtak i april
Arbeidet med strategiprosessen i Helse Førde har pågått i heile haust, men eit endeleg dokument som skal stake ut kursen fram mot 2020 blir ikkje vedteke før i april.
- Både vi og eigar, Helse Vest, er opptekne av at vi skal ha gode prosessar med våre tilsette. I tillegg har vi ein løpande dialog med ordførarane i fylket om dei endringane vi legg opp til. Sidan mykje av strategiarbeidet må sjåast i samanheng med samhandlingsreformen, der kommunane skal overta ein del av våre oppgåver, er det viktig at vi har ei god samhandling med kommunane. Det endelege strategidokumentet legg vi opp til at styret skal vedta i april, seier Jon Bolstad.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på Helse Førde sine sider

tirsdag 8. desember 2009

Fire kvinner møtte ordføraren og varaordføraren


PORTEN Ordførar Arne Sanden og varaordførar Lars Petter Nesse inviterte måndag unge kvinner i Lærdal til dialog om fødetilbodet ved Lærdal sjukehus, men vart møtt med boikott. Kun fire kvinner møtte fram til det som vart ein oppheta debatt.

Ordføraren sitt tidlegare utspel om å gje slepp på den forsterka fødestova, til fordel for ortopedien, har fått mange til å reagere. Ikkje minst dei dette gjeld aller mest, nemleg unge kvinner. Men i staden for å takke ja til ein dialog med den politiske leiinga, boikotta kvinnene møte. Etter det Porten.no kjenner til fordi dei meiner denne dialogen burde funne stad før ordføraren kom med sitt utspel i media. I tillegg burde og kvinner i Aurland og Årdal fått invitasjon.

Arne Sanden var bekymra og skuffa over at kun fire kvinner møtte fram.
- Grunnen til dette møte var at me ærleg og oppriktig ville lytte til unge kvinner i bygdi, i kveld hadde dei ein sjanse, men har valt å boikotte, det får eg gjort lite med, sa ein skuffa ordførar. Han hadde ynskt seg full ein full kommunestyresal.

Ordføraren sa lokale folkevald også måtte vere budd på å ta upopulære avgjerder.
- Mitt mål som ordførar i Lærdal er slett ikkje å bli populær, å bli hivd som ordførar på grunn av eit kvinneopprør ville gledd meg. De har sjansen i 2011, sa Arne Sanden.

Mange i ryggen
Sjølv om det var svært god plass i kommunestyresalen, mangla det ikkje på engasjement.
-Kvifor spurde de ikkje bygdefolket før det kom med utspelet om føden. Engasjementet for å behalde eit godt fødetilbod i Lærdal er svært stort, det viser ikkje minst underskriftsaksjonen, som i løpet å dagar har fått stor oppslutnad. Folk reagerer på at dei rett og slett ikkje har fått lov til å vere med på dialogen, sa Frøydis Helland. Ordføraren repliserte med at ein ikkje kunne ha folkeavstemning på alle spørsmål.

Dei fire kvinnene i salen køyrde knallhardt mot Sanden for måten denne saka var handtert på. Kari Grøttebø sa det vart heilt feil å setje føden opp mot ortopedien.
- Føden er livsviktig, det er ikkje ortopedien. Det er snakk om ei omstilling i helseføretaket - men å ta vekk fødetilbodet i Lærdal vert rett og slett ei tilbakestilling, sa Grøttebø. Frøydis Helland var skuffa, nemde alle som i mange år hadde kjempa for fødeavdelinga, med utspelet til ordføraren meinte ho ein lang kamp var gravd ned i sanden. Dei fire damene i salen var og opptekne av kva det kosta å leggje ned fødetilbodet i Lærdal, med omsyn til lengre reiser og liggjetid. Dette reknestykkjet må kommunen få på bordet, var den klare beskjeden til ordføraren.

Den politiske leiinga måtte tole knallhard kritikk, men Sanden argumenterte med kvifor han i lag med varaordføraren kom med utspelet om å ofre fødetilbodet i Lærdal slik det fungerer i dag.
- Eg var jo klar over at dette ville skape uro i bygda, og det var heller ikkje med lette hjarte me gjekk ut offenteleg slik me gjorde. Men etter ei samla vurdering, med klare utsegner frå Regjeringa, som i Soria Moria2 seier at alle sjukehus i framtida ikkje kan utføre alle type tjenester, og innsparingskrav til Helse Førde om at dei innan 2012 skal gå i balanse ligg til grunn for vårt standpunkt, sa Sanden. Og la til;
- Eg trur det me har gjort er med på å berge sjukehuset vårt, og det som betyr aller mest nemleg å behalde den indremedisinske akuttberedskapen med anestesilege i døgnberedskap.

Har ikkje valt dette
Sanden la fram talmateriale som viste korleis fordelinga av fødslar var mellom Lærdal, Voss og Førde. Då han sa at mange sjølve hadde valt å fø andre stader enn i Lærdal fekk han så øyrene flagra.

-Dette er heilt feil, det er ikkje slik at kvinnene har valt bort Lærdal, det er kritieria som set ein stoggar for dette. Dette har Helse Førde sjølv bestemt. Kompetansen i Lærdal er svært god, eg er sikker på at mange kvinner i Indre Sogn hadde valt Lærdal hadde dei berre fått lov til det, sa Frøydis Helland.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 7. desember 2009

Mange valde å boikotte ordføraren sitt initiativ


NRK SOGN OG FJORDANE Lærdalsordførar Arne Sanden inviterte til dialogmøte om fødestova, men kvinnene bak underskriftsaksjonen møtte aldri opp.

Ordføraren i Lærdal hadde måndag kveld invitert unge kvinner i Lærdal til eit dialogmøte om fødestova ved sjukehuset.

Men mange valde å boikotte ordføraren sitt initiativ.
- Han burde ha invitert til dialogmøte før han gjekk ut i avisene med utspelet sitt. Dessutan er det latterleg at han berre inviterte jentene i Lærdal - han burde også ha invitert alle dei i Årdal og Aurland, dei over fjorden og ikkje minst fedrene, seier Linda Kvam Bjørkum.

Trur ikkje på signala
Saman med Marita Mo står ho bak underskriftsaksjonen mot planane om å leggje ned fødestova i Lærdal. Måndag kveld nærma aksjonen seg 1000 underskrifter, etter at aksjonen starta laurdag.

- Uansett kor mykje vi snakker med ordføraren om dette, hjelper det ikkje oss til å få att føden. Dei har allereie sagt det dei meiner, så då har vi ingenting å snakke med dei om, seier Kvam Bjørkum.

- Eg trur også at litt av grunnen til at dei inviterer til eit slikt møte, er at dei vil ro seg inn att, og vise at dei bryr seg om det vi meiner - men det trur vi ikkje på.

Har ikkje tillit til ordføraren
Arne Sanden har tidlegare gått ut med at han kan tenkje seg å byte bort fødestova mot at Lærdal får behalde andre viktige funksjonar ved sjukehuset - som ortopedien.

Men det har aksjonistane lita tru på.
- Reiser føden, reiser også ortopedien. Eg trur det vil bli ein dominoeffekt, seier Kvam Bjørkum.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 3. desember 2009

Kva vil Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa gjera med helseproblema i Sogn og Fjordane?

Aurland Arbeidarparti hadde møte i Flåm den 30. oktober i år, der mellom anna stortingsrepresentant Ingrid Heggø var med.
På møtet heldt Harald Sjursen eit innlegg med tittelen:Spørsmål til Ingrid Heggø om kva Arbeiderpartiet og den Raudgrøne regjering vil gjera med helseproblema i Sogn og Fjordane (Helse Førde):

Her er innlegget frå Harald Sjursen:

Det vert sagt i Soriamoria II, og i media, at lokalsjukehusa ikkje skal leggast ned i denne stortingsperioden.

Spørsmål:
Skal det halda fram med å leggja ned avdelingar ved desse? Slik det har vore gjort etter staten overtok.
Skal Lærdal sjukehus framleis senda pasientar til Førde sjukehus, sjølv om det i Lærdal er god nok kompetanse til å handsama pasientar der?
Skal ”den forsterka” fødestova ved Lærdal sjukehus framleis vera stengd i 10 veker sumarsbel og i jul og nyttårshelgar?
Skal det som no om helgane liggja pasentar på gangane (koridorane), sjølv om det er sjukerom ledige?
Når kan Lærdal sjukehus atter verta eit påliteleg akuttmottak?

Før valet sende eg på vegne av Aurland Arbeiderparti spørsmål til Jens.
Eg fekk svar den 12. sept. kl. 11:19 frå Margrete Cappelen, politisk rådgiver, Arbeiderpartiets stortingsgruppe.
I svaret sto det mellom anna:
”I Regjeringsærkleringen lovet vi – ha en ambulansetjeneste med god kvalitet og kompetanse over hele landet som har god beredskap og forsvarlig responstid….”
”…Vi er som du påpeker, ikke helt i mål enda. La oss få litt mer tid til å følge opp. Gi oss 4 nye år!

Var alt dette berre valløfter og ingen ting anna?

Etter fyrste brev til Jens Stoltenberg, helse og omsorg, og justisdep. sende 02. febr. 2009 fekk me svar frå Bjarne Håkon Hansen den 6 okt. 2009. Åtte månader etterpå. Og etter valet. Svaret er nær ein kopi av argumenta frå administrasjonen i Helse Førde i 2004, for nedlegging av Aurlandsambulansen frå 2005. Attgjeve i Aurlendingen jan. 2007 med nytt framlegg om nedlegging i 2008. Vesentleg grunna det faste, låge innbyggjartalet i Aurland.
Det går fram i brevet frå Bjarne Håkon Hansen at regjeringa set sin lit til Helse Vest sitt ”faglege” skjønn, og vil ikkje gripa inn i føretaket sine vurderingar eller deling av helsekronene innafor føretaket. Så mange års svelteforing av Helse Førde held fram. Kvifor sa de ikkje dette før valet?

Kva slags styring er dette av ein eigar? Kvar er vallovnadene?
Me er skuffa og vonbrotne. Korleis kunne me endå ein gong stola på ei regjeringsærklering,og gje dei raudgrøne nye 4 år ?
Den var kanskje ikkje meint for Sogn og Fjordane.
Er maktesløysa den raudgrøne regjering sitt reelle program?


Våre argument, som du Ingrid kjenner godt til, er i svarbrevet frå Bjarne Håkon Hansen ignorerte eller ikkje lesne. Argument som: Auka turistmengde på fjord, i fjell, med Flåmsbana og Bergensbana, på rallarvegen, (der det i sumar har vore mange alvorlege uhell) og i Nærøyfjorden Verdsarvområde. Stor aust vest trafikk på E16 og riksveg 50, med mange ulukker i dei mange lange tunnelane me har i kommuen, der ikkje helikopter kan koma til.

I år, etter at ambulansepersonalet frå Aurland vart flytt til Lærdal, har responstida våre rundt ein time og meir, om då ambulanse i det heile har komme. Kor mange som har døydt på grunn av manglande ambulansar i tide, er det ikkje tilgjengeleg statistikk på.

Det me veit er at fyrstehjelp frå eit oppegåande brannvesen i Aurland har redda liv, og redusert skadeomfang av skadde, sjølv om brannvesenet manglar utstyr og utdanning som ambulansepersonal, og tek seg ikkje av akutte sjukdomstilfeller. Fagleg høg kompetanse veg ikkje opp for auka responstid. Ved akutte skader og sjukdomar, står det om minuttar og sekundar for å kunna redda liv.

Meinar Ingrid Heggø og den raudgrøne regjering at dette er forsvarleg responstid?
Når får me att personalet til og dermed Aurlands-ambulansen
?

Helsepolitikken til Helse Vest/ Helse Førde i Sogn og Fjordane minner meg om han som tykte grisen sin var vel dryg i matfatet, så han gav han kvar dag mindre og mindre mat. Då grisen var nesten avvend, døydde han. Då var det slutt på plagene og klagene, for daude folk og griser gryler ikkje.

Harald Sjursen

Flåm 30. okt. 2009.

• Attgjeve med løyve frå Harald Sjursen

onsdag 2. desember 2009

Hestehandel ikkje lurt av Sanden


NRK SOGN OG FJORDANE Lærdalsordførar Arne Sanden får både støtte og motbør for forsøket på å gje slepp på fødestova mot å berge andre viktige funksjonar ved sjukehuset.

- Slik det no er blitt, trur eg faktisk at det er mest fornuftig å handle hest. Greitt Arne, men då får du også syte for å handle på plass ein tryggleiksbase, seier tidlegare fylkesordførar, lærdalsordførar og økonomisjef ved Lærdal sjukehus, Knut O. Aarethun.

- Ikkje lurt
Ordførar Arne Sanden vakte oppsikt då han i førre veke uttala at han er viljug til å ofre føden i Lærdal mot at dei får behalde den viktige ortepediavdelinga. I dag seier Sanden til Sogn Avis at han har fått klare signal på nedlegging av fødestova. Men ikkje alle er samde i at det er ein lur hestehandel han prøver seg på.

- Då bør han iallefall telje fingrar både før og etterpå, seier politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås.

Kan slå attende
Medan Aarethun og Sanden trur utspelet fører til godvilje hjå eit Helse Førde-styret på jakt etter innsparingstiltak, trur Kjølås at ein slik hestehandel er ein risikosport som fort kan slå attende på lærdalsordføraren.
- Når ein byrjar å flytte element ut av eit sjukehus, så ramlar lett heile korthuset saman. No er det berre ei fødestove i Lærdal, og det er lettare å legge ned enn ei fødeavdeling. Men ei fødeavdeling krev kirurgisk kompetanse. Tek du fødeavdelinga, så reiser gjerne kirurgen og då reiser også akuttfunksjonen, seier han.

- Ein stad går grensa
Sunnmørsposten sin politiske redaktør har meir tru på ordlyden nordfjordingane sin aksjonsstrategi. Her har dei vald å kjempe for alle funksjonar.
- Det er klart at ein må prøve å samarbeide, men det er grense for kor mykje ein kan kutte utan at det går utover pasientane. Det må vere målet; å kutte slik at pasientane merkar minst mogeleg, seier Kjølås.

Eid og Volda utan fødeavdeling?
Ifølgje Kjølås er også sjukehuset i Volda i fare for å misse både kirurgi og fødeavdeling. Det kan gjere det vanskeleg med ei samordning mellom sjukehusa i Eid og Volda.
- Det er litt dumt at desse helseføretaka omstrukturerer seg i Nordfjord, når det berre er eit par år til Kvivsvegen opnar. Med berre ein halvtime imellom, er det mogelegheit for å sjå Eid og Volda i samanheng. Også på vaktberedskap, seier han.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Samlar underskrifter for Føden


SOGN AVIS To unge jenter engasjerer seg for å redda fødetilbodet i Indre Sogn. Marita Mo og Linda Kvam Bjørkum frå Lærdal set denne veka i gang ein underskriftskampanje til forsvar for fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.

Dei to meiner ordførar Arne Sanden verken har støtte hjå bygdefolk eller andre lokalpolitikarar når det gjeld utspelet om at fødetilbodet må leggjast ned for å berga ortopedien ved sjukehuset i Lærdal.

Folkemøte
I eit opprop skriv dei to jentene:
"Ordføraren i Lærdal gjer det, med sitt samtykke til nedlegging, lite attraktivt for unge familiar å busetja seg i Sogn! Me krev at kommunane og Helse Førde tek hensyn til unge kvinner og familiar i Indre Sogn og syter for eit sikkert og trygt fødetilbod lokalt."

Dei etterlyser no underskrifter til ein underskriftskampanje som skal gå fram til folkemøtet om framtida til Lærdal sjukehus den 14. desember, då dei skal leverast til representantane frå Helse Førde, som er inviterte på møtet.

Innan laurdag denne veka vert det lagt ut underskriftslister på Coop, Kiwi og Esso i Lærdal.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Sogn Avis.

Ap diskuterte ordførar-utspel


SOGN AVIS Ei resignert forsamling møtte ordførar Arne Sanden på medlemsmøtet i Lærdal Ap.

– Fødetilbodet tapte me eigentleg i 2003, då fødeavdelinga vart omgjort til fødestove.
Det sa Jarle Vindedal i debatten som følgde Sanden si forklaring på kvifor han i førre veke gjekk offentleg ut og sa han ville ofra fødestova til fordel for ortopedien i Lærdal.

Har snakka saman
Utspelet til Sanden vekte naturleg nok oppsikt, men det var tydeleg på Sanden at han hadde vore i kontakt med fleire instansar, blant anna med Helse Førde, før utspelet. Sjølv om han ikkje sa det direkte.
– Eg lever ikkje i eit vakuum og kan seia så mykje at det er ingen hjelp i å stå på barrikadane og skrika om hjelp verken til departement eller Storting. Og skal me klara å oppretthalda det viktigaste tilbodet, som er akuttberedskapen rundt indremedisin, så må me gjera nokre val.

Men ordføraren måtte tola kritikk frå eigne rekkjer på korleis han hadde handtert saka.

–Burde hatt medlemsmøte
– Me har programfesta at me skal jobba for å få tilbake fødeavdelinga, så me skulle absolutt hatt medlemsmøte på saka, sa Eva Hage Solstad, som la til at ho hadde møtt mange personar som ikkje kjende att partiet i saka.

Kristen Olav Grøttebø sa at han i sin villaste fantasi ikkje hadde trudd at det var ordføraren i Lærdal frå Ap som tok initiativet til å få legga ned fødestova.

Nær utmelding
– Dette var noko styret i Helse Førde skulle ha teke ansvaret for i tilfelle, ikkje ordføraren i Lærdal. Eg var på nippet til å melda meg ut då eg høyrde dette, sa Grøttebø, som streka under at det var viktig å ha nærleik til fødetilbodet.

Jan Børge Monsen viste til at informasjonen som kom frå Helse Førde når det gjeld fødetilbodet, var full av faktafeil.
– Og kva med reisekostnader og anna. Eg trur ikkje Helse Førde vil spara så mykje på dette.

Neppe fullmakt
Også Knut O. Aarethun meinte Sanden burde ha teke medlemsmøte på saka.
– Men når du fyrst byrjar å handla hest, så er det viktig at sjukehuset blir den tryggleiksbasen det er tenkt å vera, sa Aarethun, som tvilte på at Helse Førde hadde fullmakt til å leggja ned fødestova i Lærdal.

Rasande
Harry Haugen la ikkje skjul på at han vart rasande på eigen ordførar då han las om saka i Sogn Avis.
– No skal eg ikkje vera langsint, med fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus har vore ei fantastisk fødeavdeling. Og det er slike avdelingar dei fødande vil ha, dei vil ikkje føda i ein stor fabrikk der dei må ut att neste dag. Dette er også ein trend som blir sterkare og sterkare, men helsestyresmaktene jobbar stikk imot det tilbodet som dei fødande vil ha, sa Haugen, som la til at det var mange tilhøve som gjorde at det ikkje var fødde så mange i Lærdal for tida.
– Fyrst og fremst gjeld dette kriteria, og her burde me hatt ei ny fagleg vurdering. Men det er folk i fleire kommunar som jobbar i mot at dei fødande skal velja Lærdal. Her er det berre Årdal me kan stola på.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 1. desember 2009

Unge kvinner med underskriftsaksjon for fødetilbodet i Sogn


Forsvar føden i Lærdal!

Føden i Lærdal står i fare for å bli lagt ned. Fødetilbodet i Indre Sogn er no meir trua enn nokon gong etter at ordføraren i Lærdal, Arne Sanden, i forrige veke gjekk ut i media og eigenhendig la ned fødestova i Lærdal, til stor glede for styret i Helse Førde. Utspelet har verken støtte hjå innbyggjarane eller andre lokalpolitikarar i Lærdal, og dersom føden blir lagt ned skapar dette ei svært utrygg framtid for unge kvinner og familiar i Indre Sogn. Dette kan me ikkje godta!

Fødande må då sendast på utrygge vegar til Voss og Førde, noko som kan vera ei påkjenning for både mor og barn. Det er ikkje alltid forsvarleg å frakta den fødande over så lange avstandar, berre i fjor hadde ein fleire døme på at føden i Lærdal var avgjerande for å redda liv! Når det er snakk om minuttar er både Voss og Førde for langt unna.

Det er viktig å ha eit trygt og forsvarleg fødetilbod med akuttberedskap i nærleiken, og innbyggjarane i Indre Sogn har krav på eit tilbod som er likeverdig med resten av landet. Soria Moria II stadfestar at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast, og dette skal sikra nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Regjeringserklæringa lovar vidare at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned dei neste fire åra.

Sogn og Fjordane er eit fylke med høge fødselstal, og det er tydeleg at det låge antalet fødslar ved fødestova i Lærdal ikkje skuldast nedgong i fødande, men heller for strenge seleksjonskriterier som tvingar friske kvinner til å reisa til Voss eller Førde for å føde.

Ordføraren i Lærdal gjer det, med sitt samtykke til nedlegging, lite attraktivt for unge familiar å busetja seg i Sogn! Me krev at kommunane og Helse Førde tek hensyn til unge kvinner og familiar i Indre Sogn og syter for eit sikkert og trygt fødetilbod lokalt.

Me treng di hjelp for å redda føden i Lærdal! Vis di støtte og skriv under på oppropet!

Kampanjen varar fram til folkemøtet om Lærdal sjukehus si framtid den 14. desember, då underskriftene blir overlevert representantane frå Helse Førde som er invitert på møtet.

Tips gjerne familie og venner om underskriftskampanjen!

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Det blir stand på butikkane i Lærdal laurdag 5. og 12. desember kl. 12–15. Dersom du kan tenkja deg å setja av ein time eller to ein av desse dagane, ta kontakt med Marita Mo på tlf 90596571 eller marita_mo@hotmail.com og Linda Kvam Bjørkum på tlf 47646741 eller linda_kb@hotmail.com
Dersom du ikkje har høve til å vera med på sjølve standen treng me også hjelp til mindre oppgåver som å laga plakat, trakte kaffi og bake kake, køyre ned bord o.l.
Me vil også prøva å få til stand i nabobygdene laurdag 12. desember, dersom du vil gjera ein innsats for føden i Lærdal ta kontakt med Marita eller Linda.
All hjelp er god hjelp!:)

-------------------------------------------------------------------------------------------------

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå og signerel underskriftskampanjen.

- Nedlegging av ortopedien svekkar legeutdanninga


NRK SOGN OG FJORDANE Leiar i Turnusrådet i den Norske Legefoeining, Jørn Kippersund, fryktar svekka turnuslegeordning dersom Helse Førde legg ned ortopedien i Lærdal eller Nordfjordeid.

Lokalsjukehusa avheng av turnuslegane for å drive sjukehusa. Samstundes avheng turnuslegane av erfaringa frå sjukehusa.
- Det vil heilt klart kunne føre til fagleg svekking av innhaldet i turnustjenesta, og dårlegare arbeidsvilkår for turnuslegane i ordninga. "Summasummarum", ei uheldig utvikling ja, seier Jørn Kippersund.

Del av utdanning
Eitt års samansett praksis frå sjukehus som turnuskandidat, er ein del av legeutdanninga her i landet. Etter tidlegare kutt innan kirurgien ved lokalsjukehusa, må turnuskandidatane der no ta delar av praksisen sin i Førde.
Dersom eitt av lokalsjukehusa misser ortopedien er heile turnuslegeordninga i fare.

Vil ikkje ha oppsplitting
Leiaren i Yngre Legers Forening, Hege Gjessing, trur ikkje turnuslegane ynskjer ytterlegare oppsplitting, og meir flytting under turnustenesta.
- Det tenkjer eg mange turnuslegar ynskjer å unngå, dersom dei kan og heller vel seg til andre stadar, seier ho.

- Treng ei robust ordning
Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde seier at turnuslegane har stor betydning for lokalsjukehusa.
- Difor er det viktig å få til ei robust ordning kring både kva som skal vere beredskapsordning, kva som skal vere vaktordningane og korleis heile den totale drifta skal vere på sjukehusa våre, seier han.

• Les meir på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 26. november 2009

Folkemøte om framtida for Lærdal sjukehus mandag 14. desember

Forsvar Lærdal sjukehus skiper til ope møte om framtida for Lærdal sjukehus mandag 14. desember.
Møtet vert i kulturhussalen (Villakssenteret) frå kl. 18.30 til kl. 21.30.

Programmet er ikkje spikra i detalj, men det vert innlegg ved politikarar, representantar for Helse Førde, fylkeslege, kommunelege og sjukehusaksjon. Høve til spørsmål og innlegg frå salen.

Legg ned gyn. operasjonar ved Nordfjord sjukehus


FJORDABLADET Kari Holvik Furevik, konstituert klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, seier til Fjordabladet at ei endring av lokalisasjon for større gynekologiske operasjonar er ein del av den pågåande budsjettprosessen i Helse Førde.

Etter det Fjordabladet for opplyst vert det no arbeidd med eit forslag som går ut på å kutte ut større gyneko- logiske operasjonar, som til dømes fjerning av livmor, ved Nordfjord sjukehus. Dersom administrasjonen sitt framlegg i samband med budsjettet for 2010 går uendra gjennom styrehandsaminga i desember, blir alle større gynekologiske operasjonar i framtida lagt til sentralsjukehuset i Førde.


Gynekologane ved Nordfjord sjukehus har, etter det Fjordabladet får opplyst, allereie no fått beskjed frå overordna om at ein ikkje får lov til å sette opp gynekologiske operasjonar ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Mellom anna betyr dette at pasientar som må fjerne livmor, må få utført silke inngrep ved Sentralsjukehuset i Førde. Dette trass i at Nordfjord sjukehus er det einaste sjukehuset i Helse Førde som utfører slike operasjonar vaginalt. Ved Førde sentralsjukehus blir fjerning av livmor i dag utført med eit større inngrep gjennom magen.

Etter det Fjordabladet erfarer er det også gjort forsøk på å få gynekologar ved Nordfjord sjukehus, som i dag utfører fjerning av livmor vaginalt, til å anten å lære opp gynekologar ved Sentralsjukehuset i denne type inngrep, og/eller få dei til å byrje å jobbe ved Sentralsjukehuset.

Kari Holvik Furevik, konstituert klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, seier til Fjordabladet at ei endring av lokalisasjon for større gynekologiske operasjonar er ein del av den pågåande budsjettprosessen i Helse Førde.
– Eg føler det vert feil av meg å kommentere saker som er ein del av den pågåande budsjettprosessen, seier Kari Holvik Furevik.

– Kan du stadfeste at gynekologane ved Nordfjord sjukehus har fått beskjed om at dei ikkje får lov til å avtale større gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus no? Vidare at operasjonar ut over mindre dagkirurgiske inngrep skal tilvisast til Førde?
– Som sagt så har eg ikkje lyst til å vere konkret når det gjeld desse tinga i den pågåande prosessen. Men eg kan vel stadfeste at det har gått ut ei slik melding og at vi ikkje har lyst til å sette opp større gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus, så lenge vi kanskje gjer endringar i tilbodet i høve kvar slike inngrep blir utført, seier Hovik Furevik og legg til at det også i budsjettprosessen i 2009 vart sett på om ein skulle gjennomføre tiltak innanfor gynekologi som det ein no er i ferd med å planlegge. – Den gongen let ein det vere som det var.

– Betyr det du no seier at denne gongen så kjem det konkret framlegg om å kutte gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus?
– Eg ønskjer ikkje å kommentere denne saka ut over det eg allereie har gjort, seier Holvik Furevik.

Til Sentralsjukehuset
– Er det rett at ein har førespurt gynekologar, som i dag arbeider ved Nordfjord sjukehus, om anten å lære opp gynekologar ved Sentralsjukehuset i dei operasjonsteknikkane ein i dag nyttar ved lokalsjukehuset for fjerning av livmor, og/eller har tilbode dei jobb ved Sentralsjukehuset i Førde?
– Eg føler at det vert feil av meg å gå inn på dei faglege vurderingar ein har gjort no når vi er i avslutningsfasen av budsjettprosessen, seier Hovik Furevik.

Dagkirurgi og poliklinikk
– Dersom styret vedtek administrasjonen sitt forslag til tiltak, kva står ein då att med innanfor området gynekologi på Nordfjord sjukehus?
– Det ein står tilbake med på Nordfjord sjukehus er mindre dagkirurgiske inngrep og gynekologisk poliklinikk. Og sjølvsagt fødeavdeling, seier kari Holvik Furevik.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Feil om "samla" politikarar bak fødeutspel


I følge NRK Sogn og Fjordane skal ordførar Arne Sanden (Ap) ha fortalt at politikarane i Lærdal står samla om utspelet hans om å gje slepp på fødetilbodet ved Lærdal sjukehus. Dette er ikkje rett, ettersom fleire av partia ikkje har vore førespurt om saka.

Styreleiar jublar over Lærdal-utspel


NRK SOGN OG FJORDANE Styreleiar Clara Øberg meiner utspelet til Arne Sanden viser at lærdalsordføraren har teke inn over seg den økonomiske situasjonen Helse Førde er i.
- Eg synest dette er positivt. Arne Sanden viser med dette utspelet at han har teke inn over seg den økonomiske situasjonen Helse Førde er i, og at vi må vere villige til å samarbeide om kva vi skal ha av tenester - og kva vi ikkje skal ha av tenester, seier Clara Øberg.

Rosar politikarane
Styreleiaren i Helse Førde er svært glad over utspelet til Lærdal-ordførar Arne Sanden. Torsdag gjekk han ut i media og sa seg villig til å gje slepp på fødestova for heller å sikre den viktige ortopediavdelinga ved Lærdal sjukehus.

- Det er første gongen i mi tid som styreleiar at eg har høyrd noko seie noko om kva vi kan redusere, og ikkje berre kva dei vil ha. Dette er konstruktivt, og det vil eg rose politikarane i Lærdal for, seier Øberg.
Ho meiner dette også viser at Sanden faktisk meiner det, når han tek til orde for å samarbeide om å finne løysingar på utfordringane i Helse Førde.

- God start for sjukehuset
Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus meiner derimot ordføraren i vertskommunen sviktar kvinner og unge familiar i Sogn med utspelet sitt.

- Blir det no forholdsvis lettare å avvikle fødetilbodet i Lærdal?
- Det er ikkje berre lett. Fødetilbodet er oppretta av ministeren, og det same organet må eventuelt leggje ned att. Men det viktigaste her er at vi har ein ordførar som vil samarbeide med Helse Førde - og det trur eg er ein god start på å styrke Lærdal sjukehus og tenestene der framover, seier Øberg.

- Eg vil ikkje forskottere noko styrevedtak her. Men ordføraren har no gjeve ei klar prioritering på kva dei vil bidra med for å hjelpe Helse Førde i den økonomiske situasjonen vi er i, seier styreleiaren.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Årdal kommunestyre med uttale om Lærdal sjukehus: – I strid med Soria Moria


SOGN AVIS Kommunestyret i Årdal meiner ei omstilling av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter vil vera det same som nedleggjing.

Det går fram av ein uttale kommunestyret i Årdal vedtok i ettermiddag.
– For å sikra tryggleiken til befolkninga og eit tilbod som er likeverdig med resten av landet må akuttberedskapen i indremedisin ved Lærdal sjukehus oppretthaldast på det nivå den har i dag. Ei omstilling av Lærdal sjukehus til eit reint «lokalmedisinsk senter» utan akuttfunksjonar og eit fødetilbod vil vera det same som nedleggjing av sjukehuset og vera i konflikt med Soria Moria 2, heiter det i uttalen.

Årdal kommune meiner utviklinga av helsetenesta i fylket må skje gjennom ein dialog mellom helseføretak og kommunane som to likeverdige partar.

Styreleiar Clara Øberg sine utsegner til mellom anna NRK Sogn og Fjordane vert ikkje opplevd som ein invitasjon til dialog, skriv ordførar Arild Ingar Lægreid i brevet som er stila til Helse Førde.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Styreleiar Clara Øberg rosar Arne Sanden


SOGN AVIS – Dette er eit fantastisk flott og viktig utspel frå Arne Sanden, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.
Med full støtte frå dei folkevalde i kommunen, gjekk Sanden tidlegare i dag ut og sa at vertskommunen gjev opp fødetilbodet.

Nesten genialt
– Det faktum at ein vertskommune seier at dei er villige til å gje slepp på eitt tilbod for å styrka eit anna, er konstruktivt og svært bra. Dette er etter mitt skjønn eit nesten genialt utspel frå Sanden, dagen før me skal diskutera framtidige strategiar i styret, seier Clara Øberg.

Ho er full av ros til det politiske miljøet i Lærdal, som på denne måten bidreg til heilt nødvendige innsparingar i Helse Førde. Så langt attende som i 2006 ville ein spara inn 4,6 millionar kroner ved å leggja ned den forsterka fødestova i Lærdal, det er vesentleg meir i dag.

Frigjer viktig areal
– Dette er eit klokt utspel frå Sanden, som eg er rimeleg trygg på vil styrka sjukehset i Lærdal på sikt, seier Clara Øberg.
Ho peikar på at ei nedlegging av fødestova vil frigje areal i Lærdal. Mellom linjene er det ikkje tvil om at Øberg i den samanheng tenkjer på ei utviding av ortopedien.

Ja til ortopedisatsing
Helse Førde har tidlegare sagt at det i framtida skal vera to ortopediske avdelingar i fylket. I dag er det tre, ei i Lærdal, ei i Førde og ei på Nordfjordeid,
– Når lærdølene frivillig gir frå seg føden, så styrkar dei vel sjansane sine for å få satsing på ortopedien?
– Eg vil ikkje forskottera styret si handsaming den 16. desember, men dette er eit gledeleg og konstruktivt utspel frå det politiske miljøet i Lærdal, eitt av dei klokaste og mest fornuftige på lang tid, seier Clara Øberg.

• Klikk her for å lese saka med Øberg i Sogn Avis

Ordførar Arne Sanden vil ofre fødestova ved Lærdal sjukehus









NRK SOGN OG FJORDANE – Me er villige til i gje slepp på den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus, og heller behalde den viktige ortepediavdelinga som er ved sjukehuset i dag.

Men ei slik ordning kan ikkje gjerast utan å stilla krav, forklarar Sanden.
– Det er rimeleg klårt at frå politisk hald i Lærdal og i Sogn, så vil me måtte stille sterke krav til helseføretaket når det gjeld deirar medverknad til å få gode følgjetenester og eit sikkert opplegg rundt transport i framtida.

Ei vanskeleg avgjerd
Sanden seier at det er vanskeleg for han som ordførar å gå ut og seie dette om eit så viktig tilbod som fødetilbodet til kvinnene i Sogn tross alt er.
– Det er smertefullt, seier han.

Låge fødetal
Det at fødetala har gått såpass mykje ned dei siste åra at tida, meinar Sanden gjer at tida no er inne til å innsjå at det bør endrast.
Han fortel at både helsegruppa i Sogn regionråd og politikarane i Lærdal står samla om utspelet.
No ventar Sanden politikarar i andre deler av fylket skal følgja etter det han karakteriserer som god vilje.
– At den politiske leiinga i dei andre regionane syner tilsvarande god vilje til å vera med, seier han til slutt.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese utspeletet frå lærdalsordførar Arne Sanden på NRK Sogn og Fjordane sine sider

• Klikk her for å lese saka i Sogn Avis

• Klikk her for å lese saka på Porten

• Klikk her for å lese kommentar frå aksjonsleiar Bente Øien Hauge på NRK Sogn og Fjordane sine sider

tirsdag 24. november 2009

Styresakene til fredag 27. november er lagt ut på nett


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå sakene til Helse Førde-styremøtet 27. november, på Førde sentralsjukehus.
Møtestart kl. 09.

onsdag 18. november 2009

Hilmar Høl: Manar til ro


SOGN AVIS Leiar i Årdal Ap, Hilmar Høl, er irritert over sjukehusstriden og manar til ro og samhandling.
– Til tider får me ein debatt som er fullstendig ute av proporsjonar. Det er ikkje bra i det heile tatt, og eg er redd for at dette er særs øydeleggjande for folk generelt si oppfatning av tilstanden i fylket vårt, seier Høl til Sogn Avis.

Fogderistrid
– Det eine innlegget overlappar det andre og dei fleste meiner å ha svar på korleis tenestene skal takast i vare i sitt fogderi. Når organiseringa av Helse Noreg er blitt slik han er, i høve til reforma, og pengestraumen frå Helse Vest til Helse Førde er slik han er, så er det eit styre si fordømte plikt å gjera grep i forhold til dei midlane som står til disposisjon, seier han, og legg til at for politikarar blir det som å kasta stein i det vidgjetne glashuset å meina at Helse Førde skal bruka meir midlar enn dei har til rådvelde.

Må dela kutta
Høl legg ikkje skjul på at han meiner det er legitimt å stilla spørsmål om organiseringa i Helse Førde er optimal og god nok for å ivareta helsetilbodet i fylket, ikkje minst om ein prioriterer rett, og gjev si fulle støtte til Lærdalsordførar Arne Sanden om at det må samarbeid til for å løysa utfordringane i helseføretaket.
Samarbeidet må byggja på at kutta vert fordelt mellom desse – også sentralsjukehuset, seier Høl.

Stør Lunden
Han minner om at når samhandlingsreforma kjem og kommunane skal overta mange av dei tenestene helseføretaka tek seg av i dag, vil det gje dei einskilde kommunane ei kolossalt ansvar der samarbeid over kommunegrenser er vesentleg.
– Difor stør eg også KS-leiar Olav Lunden sitt synspunkt om distriktsmedisinske senter i Lærdal i tilknyting til sjukehuset, men det er då også viktig å poengtera at folk ikkje må få ei oppfatning om at tilbodet i Sogn vert rasert, seier Høl.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Nær sal av Florø sjukehus


Helse Førde skriv på sine nettsider (Arne Eithun 17.11.2009):

Helse Førde og Flora kommune er samde om ein intensjonsavtale som inneber at sjukehusbygget i kystbyen blir overdrege til kommunen.

Føretaket og kommunen har over tid hatt fleire tingingar for å bli samde om ein avtale. Måndag ettermiddag kunne eit samrøystes formannskap i Flora slutte seg til avtaleutkastet som administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad og ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, hadde lagt fram.

God løysing
- Det er dette vi har ønskt å få til heile tida, og eg er veldig glad for at vi er nærmare ei løysing enn nokon sinne, seier Bolstad.
Han meiner dette er ei fornuftig løysing for begge partar.
- Det hadde vore trist om eit så stort bygg berre skulle forfalle når vi ikkje har behov for det. Ei overdraging til Flora vil tene både byen og innbyggjarane på ein annan måte, og eg trur kommunen er den rette aktøren til å utvikle bygget vidare.

5 millionar
Flora kommune må betale 5 millionar kroner for bygget, samstundes som Helse Førde får gratis husleige i inntil ti år.
- Eg er veldig glad for at vi er komne så langt, og denne avtalen er god for Flora. Føretaket har gått litt ned i pris, og vi har aksepterte eit noko høgare prisnivå enn tidlegare i prosessen. Vi håpar sjølvsagt at vi kjem heilt i mål med avtalen, seier ordførar Bente Frøyen Steindal.

Det er føretaksmøtet i Helse Vest som endeleg skal godkjenne salet, medan saka skal handsamast i Flora bystyre i desember.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Petter Øgar sitt innlegg på Fylkesmannsbloggen: Spesialisthelseteneste i hengemyr


Av Petter Øgar, publisert måndag 16. november 2009

Spesialisthelsetenesta i fylket er i ei hengemyr med omsyn til utvikling og styring. Det er ikkje noko nytt, men av omsyn til befolkninga bør det ikkje få halde fram.

Vi er den friskaste befolkninga i landet. Likevel brukar vi mest sjukehustenester av alle – med tilhøyrande kostnadsnivå og budsjettunderskot. Vi har den beste luftambulansetenesta i verda med to ambulansehelikopter i eige fylke og tre helikopter tilgjengeleg like utanfor fylkesgrensa. Vi har ei statsrådverna fødestove i Lærdal med full gynekologberedskap, sjølv om fødestova berre skal ta i mot forventa normalfødslar og i oktober berre hadde éin fødsel. Vi går i fakkeltog som ingen andre for å halde på akuttberedskapen alle stadar, sjølv om stadig fleire av dei verkeleg akutte og alvorleg sjuke vert transportert direkte til Sentralsjukehuset eller Haukeland. Likevel klarer enkelte å skape eit tilnærma katastrofebilete av akuttberedskapen i fylket dersom noko vert endra.

Samstundes har vi over ei årrekkje hatt det dårlegaste geriatritilbodet i landet til ei pasientgruppe som er større enn nokon andre og berre vil vekse i åra som kjem. Ikkje nok med det; vi vel å leggje ned det geriatriske teamet som endeleg var etablert etter ein særs lang og vanskeleg fødsel. Vi har ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde der dei må spele musikk på venterommet for at ein ikkje skal høyre kva som vert sagt på behandlarromma. Vi har ein nybygd rusinstitusjon for yngre rusmisbrukarar på Nordfjordeid som ikkje kan opnast fordi det manglar pengar.

I tillegg har vi ein ulukkeleg tradisjon med endelause kampar og omkampar om lokalisering av tilbod og budsjettmessige nedskjeringsprosessar som stel ressursar og kreativ kraft som burde vert brukt på heilt andre måtar.

Kort sagt har vi ein nedbrytande situasjon som også på fleire område er på kollisjonskurs med erklærte helsepolitiske prioriteringar og satsingar. Eit samla styringssystem over år, med Storting og helseminister på toppen til lokale styringsorgan i eige fylke, har ikkje evna å fatte varige vedtak i kontroversielle spørsmål for å rydde opp i dette. Vi treng slike vedtak for å gje befolkninga i fylket ei spesialisthelseteneste som er organisert og rigga for framtida sine behov, pårekneleg ressurstilgang og nasjonale helsepolitiske prioriteringar. Dette fylket har til no ikkje evna å fatte eigne vedtak om lokalisering av sjukehus. Mykje tyder på at vi også no må ha hjelp utanfrå.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå innlegget på Fylkesmannsbloggen

• Bergens Tidende skriv i dag at professor i offentleg rett Jan Fridthjof Bernt meiner bloggen til Fylkesmannen er upassande. Bernt seier til avisa at han er kritisk til denne typen for kommunikasjon frå staten sine representantar ute i fylka, og han ser store prinsipielle problem med dette.
Saka står berre i papirutgåva av Bergens Tidende, men NRK Sogn og Fjordane har lagt ho ut på sine sider og skriv mellom anna:
"Professoren poengterer at fylkesmannen er ein overordna kontroll - og klagefunksjon i mange kontroversielle saker, og at risikoen er stor for at embetet kan sakene inn som klage eller tilsynssaker."
Klikk her for å sjå kva NRK Sogn og Fjordane skriv om saka.

Kan vi stole på luftambulansen?


INNLEGG PÅ FIRDA.NO (ORIGO FJORDAGLIMT) 17. NOVEMBER, AV RUNE LARSEN

I Sogn og Fjordane har vi mye vær, og det er ganske skiftende værforhold mellom de ulike delene av fylket. Dette er en stor utfordring for oss som arbeider i luftambulansen. Dersom vi ser årene under ett så gjennomfører vi ca 85% av de henvendelsene som det er medisinsk behov for. De fleste kanseleringene skyldes dårlig vær. Noen få skyldes flytekniske forhold i tillegg til at der er noen oppdrag som ikke kan gjennomføres pga at vi er underlagt strenge reguleringer for arbeids og hviletid. I disse siste tilfellene blir henvendelsen da vanligvis styrt til en av nabobasene som løser det dersom det vurderes som medisinsk behov.

De vanskeligste oppdragene er akutt-oppdrag hvor behovet helt klart er tilstede, men hvor det ikke er mulig å dra pga vær. Vi prøver da å få til alternative løsninger, enten i form av helikopter fra andre baser, redingshelikopter eller vi prøver å få tak i ambulansefly fra Ålesund eller Gardermoen. Men oftest blir det tii at det startes imøtekjøring med ambulanse. Det er forbausende hvor store deler som kan dekkes i løpet av en time dersom 2 ambulanser kjører uttrykning mot hverandre. Vi har da med oss samme utstyr som er i helikopteret og som også er det samme som finnes i mottak/intensiv. Vi kan da starte den nødvendige stabiliseringen som må til før en evt ØH operasjon. Er det snakk om en større trafikkulykke kan vi også ta med kriseblod.

Vi samarbeider tett med nabobasene, fordi at de ulike vindretningene har ulik effekt . Blåser det fra sørvest kan gjerne Ålesund klare å komme til Nordfjord, mens de har mer problem ved Nordvest vind. Ål og Dombås kan klare å komme til indre Sogn og Indre Nordfjord selv om både Bergen, Førde og Ålesund kan være blokkert av tåke.

Det er helt klart at redningshelikopteret i Florø representerer en kraftig styrking av mulighetene i dårlig vær, og de sier ganske greit at de skal klare å komme seg inn til f.eks Selje eller Vågsøy. I mørke og tåke så kan de gjøre en “radar-innflyging” til kysten.

Vi vet at en del kommuneleger ikke ringer etter helikopter når det er dårlig vær, så den reelle prosenten gjennomførte oppdrag er nok litt lavere. Men dette må være et ganske lite antall, fordi at når vi går inn og ser på alle akutt-oppdrag med ambulanse fra f.eks Vågsøy og Selje så er det svært få hvor vi kan se at det har fått medisinske konsekvenser at luftambulansen ikke har kunnet komme. Noen hjertepasienter burde vært til Haukeland for blokking, men ble istedet fraktet til lokalsykehus for blodproppsoppløsende behandling.

I debattene omkring organisering av akutt-beredskap i fylket kan man få inntrykk av at det stadig er situasjoner hvor folk vil dø dersom det blir gjort endringer.

Disse situasjonene er svært sjeldne når man ser på det som faktisk skjer av pasienttransport.

• Les innlegget på Firdas lokalsone Fjordaglimt ved å klikke her eller på overskriften

tirsdag 17. november 2009

Uttale frå formannskapet i Lærdal kommune 17.11.2009


Lærdal formannskapet har i møte 17.11.2009 kome med følgjande uttale i høve den pågåande prosessen med nye omstillingar ved sjukehusa våre.

FØRESTÅANDE OMSTILLINGAR I HELSE FØRDE

Vi viser til den pågåande prosessen i Helse Førde, der føretaket ser på ytterlegare omstillingstiltak for å imøtekome eigaren, Helse Vest, sine krav om budsjettbalanse. Lærdal kommune meiner at heile fylket må ta inn over seg den økonomiske stoda som Helse Førde har, og gjennom samarbeid og samhandling bidra til å finne konstruktive løysingar for alle delar av fylket. Vi meiner at byrdene ved dei komande omstillingane i størst mogeleg grad bør fordelast likt mellom alle delar av fylket, men likevel slik at fylket samla beheld dei viktige akutt- og spesialistfunksjonane.

Røynslene frå tidlegare viser at slike omstillingsprosessar er særs krevjande og set store krav til både sjølve prosessen og til leiarskapet. Det omfattar både det politiske leiarskapet i fylket, ordførarane og leiarskapet i helseføretaket. Lokalsjukehusrapporten frå 2007 sine tilrådingar innan prosesskrav og leiing bør leggjast til grunn for den komande omstillingsprosessen. Vi vil oppmode leiarskapet i Helse Førde til samarbeid og samhandling, gjennom ein open prosess, der det også må vere plass til dei tilsette og innbyggjarane si røyst.

Med utgangspunkt i lokalsjukehusrapporten frå 2007, vil vi og påpeike at det er avgjerande at lokalsjukehusa framleis skal ha ein god medisinsk akuttberedskap, der nærleik til tenesta er eit sentralt element. Vi vil derfor oppmode Helse Førde om å prioritere denne tenesta ved lokalsjukehusa høgt, når ein no skal vurdere funksjonsfordelinga mellom sjukehusa på nytt.

Vi vil vise til dei store utfordringane og moglegheitene som ligg i den nye samhandlingsreforma. Lærdal kommune vil arbeide for eit breitt samarbeid mellom kommunane i Sogn for å utvikle helsetenestene våre vidare. Lærdal kommune meiner at nye samarbeidstiltak som t.d eit distriktsmedisinske senter bør leggjast i tilknytning til lokalsjukehusa våre og slik utnytte viktige effektar ved sams lokalisering med spesialisthelsetenesta.

Samandrag av prosesskrav frå arbeidsgruppa som utgreidde lokalsjukehusa sine akuttfunksjonar, overlevert mars 2007.

Arbeidsgruppa mener at følgende er av betydning for å etablere gode utviklings- ogommstillingsprosesser:

• Det er behov for bred deltakelse. Det innebærer at både pasientene/brukerne og deres organisasjoner, alle ansatte og alle faggrupper, kommunens politiske ledelse og primærhelsetjenesten må delta.

• Deltakerne må gis reell innflytelse. Det innebærer samtidig at deltakelse forplikter.

• Det må etableres en felles oppfatning av hva som er dagens situasjon og hva som er målet for omstillingene.

• Det er et stort behov for informasjon og formidling, blant annet for at det skal bli mulig å skape felles mål og sammenfallende virkelighetsoppfatning. God informasjon, sammen med åpne prosesser der deltakerne gis reell innflytelse er sentralt for å bygge tillit.

• Nødvendig forarbeid må være gjennomført før en omstilling gjennomføres.

• Omstillingsprosesser krever økte ressurser i en overgangsfase. Nødvendige ressurser må derfor stilles til disposisjon ved større omstillinger.

• Gode omstillingsprosesser krever godt lederskap på alle nivåer.

LES UTTALEN PÅ LÆRDAL KOMMUNE SINE SIDER VED Å KLIKKE HER ELLER PÅ OVERSKRIFTA