mandag 10. november 2008

Nordfjord-aksjonen med brev til Statens Helsetilsyn

Sjukehusaksjonen i Nordfjord har bedt Statens Helsetilsyn sjå på ortopedisaka:


STATENS HELSETILSYN
V/ANDERS HAUGLAND
OSLO.

HELSETILBODET I SOGN OG FJORDANE.
NORDFJORDEID SJUKEHUS ORTOPEDISAKA.


Vi viser til ortopedisaka og ber om at Statens Helsetilsyn ser på denne saka.
I Nordfjordregionen er det 36000 som naturleg høyrer til under Nordfjord sjukehus.
Den trakkaseringa som har blitt oss til del frå administrasjonen og styre i Helse Førde som pasientar og pårørande frå Nordfjord finn vi oss ikkje i.
Vi finn oss ikkje i at administrasjon og styre i Helse Førde som har ca.2300 tilsette og eit budsjett på ca.1,6 milliardar skal forsette med å trakassere enkelte av dei tilsette på ymse nivå. Vi finn oss heller ikkje i at legane ved Nordfjord sjukehus og kommunelegane i Nordfjordregionen skal utsetjast for overstyring når dei ut i frå faglege grunnar tek pasientane sitt parti for rett behandling til rett tid.
Vi har dyktige personar som arbeider for at vi skal ha eit godt helsetilbod i Nordfjord og Sogn og Fjordane fylke . Dette må sjåast i ein heilskap. Ortopedivedtaket er skadeleg for helsetilbodet i Sogn og Fjordane og vil på sikt resultere til at vi får mangel på kvalifiserte legar til fylket, ortopedivedtaket må kort og godt vekk.
I Soria Moria –erklæringa slår Regjeringa fast at den vil oppretthalde et desentralisert sjukehustilbod, som blant anna sikrar nærheit til akuttfunksjonar og fødetilbod.
Samhandling er et viktig ord , men då må ein del personar sjå at Sogn og Fjordane fylke er meir en Førde.

Vi legg ved :
Uttale frå 31 kommunelegar i Nordfjord-regionen. dat.26.10.2008.
Uttale til Styret i Helse Førde frå 10 overlegar ved Nordfjord sjukehus. dat.13.06.2008.
Protokoll frå Spesialistskomiteens besøk ved Førde Sentralsjukehus 10.09.2007.
Protokoll frå Spesialistskomiteens besøk ved Nordfjord sjukehus 11.09.2007.
Brev frå dei tilsette ved Nordfjord sjukehus til Helse og omsorgsminister. dat.30.09.2008

Det er også viktig og merke seg uttale frå pasientombodet i Sogn og Fjordane, Ove Mjåtveit i avisa FIRDA den 28.oktober der han meiner at nettopp dei faglege vurderingane har fått for liten plass i den offentlege debatten.

Med venleg helsing
Svein Hansen
Leiar.

Kopi til:
Helse og omsorgsdepartementet v/ Bjarne Håkon Hanssen.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane v/fylkeslegen.
Helse Førde v/styreleiar Clara Øberg.
Helse Vest v/ styreleiar Herlof Nilssen
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Fylkesordførar Nils R. Sandal .
Kommunane i Nordfjord v/ordførar.
Legane i kommunehelsetenesta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar