fredag 23. januar 2009

Sjukehusseminaret i Lærdal kommunestyre: Diskuterte felles legevakt


PORTEN -Tida absolutt er moden for å gjere eit nytt forsøk på å etablere felles legevakt for kommunane Lærdal, Årdal og Aurland lokalisert til Lærdal sjukehus, seier kommunelege Frode Myklebust. Ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid er samd i at dette på nytt bør utredast, men ville også ha med dei tre kommunane på andre sida av fjorden.

Legevaktsamarbeid i Indre Sogn var blant tema som sto på dagsorden då Lærdal komune torsdag skipa til miniseminar om framtidige utfordringar for indresogningane sitt sjukehus. Til stades var administrasjon i Helse Førde med adm.dir. Jon Bolstad i spissen, Bente Øien Hauge frå Forsvar Lærdal sjukehus, kommunelege i Lærdal Frode Myklebust, ordførarane i Årdal og Sogndal, og folkevalde i Lærdal.

Nytt forsøk
I sitt innlegg argumenterte kommunelege Frode Myklebust for at ein no måtte gjere eitt nytt forsøk på å få i gang felles legevakt. Ordninga er allereie etablert i Nordfjord og Sunnfjord.

-Tida er i ferd med å springe frå oss, det er absolutt grunn til å gjere eitt nytt forsøk, sa Myklebust. Og la til at kommunelegane i Årdal og Aurland også stiller seg bak dette. Myklebust føreslo at kommunane set saman ei prosjektgruppe der kommunelegane, representantar frå Helse Førde og kommuneleiinga lagar eit endeleg saks- og avtaleframlegg til alle kommunane samstundes.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar