fredag 27. februar 2009
Fortvilar over økonomikaos
FIRDA Før to månader av 2009 er tilbakelagt, er det eit faktum. Driftbudsjettet til Helse Førde held ikkje.
Kor mange titals millionar driftsbudsjettet vil sprekke med, veit ingen. Investeringsbudsjettet må gjerast om og kappast ned.
Dette var dei dystre realitetane som fram under styremøtet i Helse Førde torsdag.
– Vi kan ikkje halde fram slik, klaga nærast rådlause styremedlemmer.
150 mill. i minus
I fjor enda drifta av helseføretaket med blodraude tal. Den endelege rekneskapen for 2008 er enno ikkje klar, men så langt ser Helse Førde ut til å ende med eit underskot på 150 millionar kroner.
• Les heile saka på Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar