tirsdag 7. april 2009

Leiar i Sogn Avis: Eit heilt legitimt krav


LEIAR I SOGN AVIS, MANDAG 6. APRIL

Sogn og Fjordane Arbeiderparti forlangar no at heile skeivfordelinga som Helse Vest har vore råka av sidan opprettinga av helseføretaka, blir kompensert i revidert nasjonalbudsjett i vår. Dette er eit heilt nødvendig og eit heilt legitimt krav. Det er på høg tid at det blir sett eit skikkeleg lokalt fokus på denne saka, det burde vore gjort for lenge sidan.

Det er i eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet den nyvalde leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva peikar på at Helse Vest førebels i 2009 berre har fått kompensert for halvparten av den skeivfordelinga alle involverte er samde om at helseføretaket vårt har vore råka av. Resten av den urettferdige skeivfordelinga vil etter planen bli kompensert først i 2010.

Den økonomiske stoda i Helse Førde er dramatisk. På siste styremøte måtte Helse Førde utsetja å ta stilling til framlegg om alvorlege kutt i ambulansetenesta. Men det vart vedteke budsjettkutt som mange meiner vil råka til dømes overvakinga på Lærdal sjukehus uforsvarleg hardt. Som om ikkje dette er nok ha det dei siste dagane kome klar melding frå mellom andre styremdlem i Helse Førde, Harry Mowatt og Jorunn Eide Kirketeig i Førde Arbeiderparti, som begge forlangar at Sentralsjukehuset no må skjermast for vidare kutt.

Bak dette ligg krav om at regjeringa må oppheva dei bindingane som er lagt på styret, mellom anna om at den forsterka fødestova i Lærdal ikkje skal rørast. Når budsjettet skal handamast att i midten av juni, må eitt av to skje – enten må det koma friske midlar eller så må det kuttast i tilbod som det blir hevda er uforsvarleg å kutta i, enten det no er på lokalsjukehusa eller Sentralsjukehuset.

Først og fremst, og på kort sikt må det rettast opp i skeivfordelinga. Det er uhøyrt at nokon i eit forsvarleg politisk parti ber Helse Førde vurdera å kutta den forsterka fødestova i Lærdal. Denne burde i staden oppgraderast til ordinær fødeavdeling att. Det er etter vårt skjønn det einaste fornuftige.

Den interne kampen som Mowatt & Co no nører opp under, er fullstendig meiningslaus. I staden burde det fokuserast på sjølve styringsmodellen for det norske helsevesenet. Slik det fungerer i dag er dette eit botnlaust sluk som aldri vil koma i noko som liknad økonomisk balanse. Som me ha skrive før, lær av Skotland og å norsk helsevesen på beina att.

Men i mellomtida må skeivfordelinga rettast opp og det lyt skje kjapt. Akkurat der har Sogn og Fjordane Arbeiderparti heilt rett.

Jan Inge Fardal, redaktør

• Les leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar