torsdag 18. juni 2009

Tendensiøs rapport frå PriceWaterhousCoopers et angrep på Føden i Lærdal


SOGN AVIS Klar til ny kamp
– Dette er eit tingingsverk for å skada føden, seier Bente Øien Hauge.
Føden ved Lærdal sjukehus er skyteskive att. No i PricewaterhousCoopers-rapporten som styret i Helse Førde skal behandla i morgon fredag.
– Eg har lese rapporten, og særleg når det gjeld den delen som handlar om fødetenestene er rapporten både tendensiøs, og gjennomsyra av formuleringar som me kjenner att frå tidlegare angrep på føden i Lærdal, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

– Institusjons-kannibalisme
I det innleigde konsulentselskapet si vurdering av fødetilbodet i Helse Førde, er det fleire påstandar om føden i Lærdal Øien Hauge set store spørjeteikn ved. Mellom anna tal polikliniske gynekologiske konsultasjonar som føden i Lærdal har hatt, målt mot tal fødande.
– Desse oppstillingane er i beste fall tekne ut av samanhengen. Først blir om lag 40 prosent av dei fødande selektert bort frå føden i Lærdal. Og om nokre av desse vel å nytta det polikliniske tilbodet i Lærdal i staden for i Førde, blir føden i Lærdal «straffa» for det i denne rapporten, seier Bente Øien Hauge.
– Slik saksframstilling er det eit dekkande ord for, nemleg institusjonskannibalisme, seier ho.

Tryggleik
– I tillegg tek ikkje rapporten innover seg at dette polikliniske tilbodet er viktig for kvinnehelsa i Sogn. Det å ha dette tilbodet ved lokalsjukehuset er absolutt førebyggjande, seier Øien Hauge.

I PricewaterhouseCooper-rapporten er det einaste nemde argumentet mot ei fjerning av føden i Lærdal at kvinnene vil tapa det nære fødetilbodet sitt. Bente Øien Hauge er overraska over at ikkje andre argument har komme fram.

– Me snakkar mellom anna om tryggleiken i det å ha fødetilbodet i Indre Sogn. I fleire høve, mellom anna to gonger i fjor vår, var føden i Lærdal skilnaden på liv og død. For dei nyfødde i dei to fødslane ville ikkje ha greidd seg dersom dei fødande skulle blitt frakta til Førde eller Voss, seier ho.

• Les saka på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar