fredag 10. juli 2009

Skaff meir pengar eller gå


Leiar i Sogn Avis, juni 2007. Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Det er ingen ende på den økonomiske krisa i Helse Førde, tydlegvis. Det er såleis all grunn for lokalsjukehusforkjemparane til å henta fram att aksjonsplanane sine. Leiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge karakteriserte til Sogn Avis sist torsdag ein rapport frå PricewaterhouseCoopers som ein invitt til institusjonskanibalisme. Aksjonsleiaren fryktar både for ortopedien og fødetilbodet i Lærdal.

Denne frykten kom godt til syne før styremøtet i Helse Førde sist fredag. Det er liten grunn til å tru at denne fryktene er mindre etter styremøtet. Då han presenterte den omtalte PC-rapporten for styret, gjorde Bjørn Hestmamar i PricewaterhouseCoopers det klart at Helse Førde må kutta, ikkje berre litt her og der etter ostehøvelprinsippet – føretaket kjem rett og slett ikkje utanom å sjå på sjølve sjukehusstrukturen.

Det hevda altso økonomen som har vore innleigd av Helse Førde for å vurdera driftsgrunnlaget i helseføretaket og å laga ein rapport om det. Ein rapport som aksjonsleiar Øien Hauge har karakterisert som eit tingingsverk, som både er tendensiøs og «gjennomsyra av formuleringar, lett attkjennelege frå tidlegare åtak på føden i Lærdal».

Denne rapporten, som altso konluderer med at der skal sparast einstad mellom 150 og 200 millionar kroner, kjem i ein situasjon der sjukepleiarforbundet allereie får sterke reaksjonar frå frustrete medlemmer over heile fylket. Sjukepleiarar som fortel om ein arbeidskvardag prega av uvisse. Fylkesleiar Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet gjekk sist veke ut i NRK og oppmoda styremedlemmane i Helse Førde om å vurdera verva sine dersom dei blir tvinga til å gjennomføra ytterlegare kutt.

Dette er eit råd som Sogn Avis ved fleire høve har kome med. Dersom den negative utviklinga og sparepresset held fram vil Helse Førde sitt styre ikkje vera anna enn nyttige idiotar, sett til å effektuera tiltak som til sjuande og sist vil vera i strid med den opphavelege Soria Moria-erklæringa. Du treng ikkje vera økonom for å skjønna at dagens sjukehusstruktur ikkje kan overleva kutt på 200 millionar kroner på toppen av alle andre kutt.

Alt for lenge har det vore alt for stor uvisse om framtida rundt om på dei ulike lokalsjukehusa i fylket. Alt for lenge har alt for mange flinke og oppofrande helsearbeidarar brukt alt for mykje krefter på grunn av for dårleg bemanning og utstyr. Det er eigentleg utruleg at det er mogeleg å rekruttera nye folk til ledige stillingar i helseføretaket så lenge arbeidskvardagen er så tøff og framtidsutsiktene så uvisse.

Viss ikkje det kjem monaleg meir pengar på bordet til å driva Helse Førde, bør det sitjande styret følga oppmodinga frå Oddgeir Lunde.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese leiaren på Sogn Avis sine sider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar