torsdag 27. august 2009

Fylkes-SV: Sjukehusa gjer kvarandre gode!


I Sogn og Fjordane har sjukehusdebattar ein lei tendens til å føre til at sjukehusa vert sette opp mot kvarandre. Somme lokalsjukehusforkjemparar meiner visst at vi kan greie oss utan sentralsjukehus medan andre er sentralistar som meiner at vi kan avvikle lokalsjukehusa. SV meiner dette er uheldige utgangspunkt for ordskiftet.

Sogn og Fjordane SV meiner utgangspunktet må vere at alle har rett til eit fullverdig helsetilbod uavhengig av kvar ein bur. Dette inneber at vi må ha velfungerande lokalsjukehus med høvelege akutt- og fødetilbod og samstundes eit sterkt sentralsjukehus som kan tilby meir spesialiserte tenester. Sentralsjukehuset er viktig for alle som bur i fylket vårt. Vi vil ikkje attende til tida då ein måtte til Bergen for å kome til augespesialist eller nevrolog. SV i Sogn og Fjordane går til val på at ingen av sjukehusa våre skal leggast ned.

I ei fornuftig spesialisthelseteneste er tilboda tilpassa kvarandre. Alle kan ikkje drive med alt, og forstandig arbeidsdeling er ein føresetnad for kvaliteten i tilboda. Sjukehusa er i realiteten avhengige av kvarandre og skulle difor ikkje vere i innbyrdes konkurranse. Er ein avhengig av kvarandre, må ein arbeide for å gjere kvarandre gode. Berre slik får vi utnytta ressursane godt, og berre slik får vi ei nødvendig vidareutvikling av spesialisthelsetenesta i fylket.

SV meiner at organiseringa av sjukehusa må ta vare på både behovet for spesialisering og nærleik til innbyggarane. SV har alltid vore i mot organiseringa i helseføretak fordi det gjer for lite folkevald styring og for tilfeldig organisering. SV ønskjer difor at Stortinget skal vedta nasjonale helseplanar som tek stilling til overordna prioritering og ansvarsfordeling. Ansvaret for drifta i tråd med helseplanen skal overførast til folkevalde på regionalt nivå. Dette er gjort i Skottland, og dette bør gjerast i Noreg.

Mange har reagert på at sentrale politikarar har hatt meiningar om drifta av helesføretaka. Helsepolitikk er noko som opptek folk flest. Det ville vere underleg om våre fremste folkevalde var dei einaste som dei ikkje skulle interessere seg eller om helsepolitikk var det einaste dei ikkje skulle uttale seg om. Folk i Sogn og Fjordane kan kjenne seg trygge på at ein har ansvarlege politikarar som yter sitt beste og som tek ombodsrolla si alvorleg sjølv når avgjerslene er flytta vekk frå politisk styring. Vi ser fram til å møte sentralsjukehuset den 1. september og ser gjerne at dei tillitsvalde også deltek på dette møtet.

Heidi Kathrin Osland
Fylkesleiar
Sogn og Fjordane SV

• Les innlegget på firda.origo.no ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar