onsdag 23. februar 2011

Mobiliserer for full musikk


SOGN AVIS – No må årdølene ha seg ut or godstolen og gå på barrikadane for sjukehuset vårt. Gjer me ikkje noko no, er eg redd at tida vil springa frå oss, seier Bjørn Årebru i Frivillig sentralen i Årdal.

Saman med musikk- og kulturlivet i Årdal, politikarar, privatpersonar og Forsvar Lærdal sjukehus, inviterer Årebru til «Musikk og politikk for Lærdal sjukehus» i samfunnshuset i Øvre Årdal onsdag 2. mars.

– Skal høyrast
Arbeidsgruppa som førebur konserten neste onsdag har laga si eiga gruppe på Facebook. Ifølgje interessa der, kan dei nok rekna med fullt hus i samfunnshuset, som har plass til i underkant av 400 i salen.

Odd Tore Moen i arbeidsgruppa har klokkartru på at det skal bli «stinn brakke» denne kvelden. Og at aksjonen skal bli lagt merkje til.

– No er det alvor, for tidspunktet for når lagnaden til sjukehuset vårt blir avgjort nærmar seg. Difor mobiliserer me årdølene til å stilla opp for sjukehuset. Og eg er heilt sikker på at det skal høyrast på lang lei at me ikkje vil gje slepp på sjukehuset, seier han.

Ord og tonar
Moen har fått med Øvre Årdal janitsjar, så vel som musikk- og kulturskulen i Årdal på deltakarlista til konserten. Helge Øren i janitsjaren fortel at det er viktig å stilla opp no.

– No må me buldra det me kan, for det er truleg siste sjansen vår til å markera oss i denne saka, seier han.

Og arrangørane vonar at «bulderet» vil bli høyrt både i stortings- og regjeringskrinsar der sjukehusavgjerda til sjuande og sist blir teken.

– Me har invitert dei to Ap-representantane frå fylket, Ingrid Heggø og Tor Bremer, til markeringa i samfunnshuset. Me vonar at dei kjem, og ser gjerne at dei tre andre frå stortingsbenken, Erling Sande, Bjørn Lødemel og Åge Starheim, også stiller opp. I tillegg har me sjølvsagt sendt invitasjon til våre folk i helse- og omsorgskomiteen, samt til den politiske leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet, seier, Ap-leiar Hilmar Høl.

Allsang
Og tek dei inviterte turen til samfunnshuset den 2. mars, får dei i tillegg til engasjerte innlegg, janitsjaren og kulturskuleelevar, høyra musikkinnslag frå medlemer i Hugin musikkforum, så vel som Longhorn frå Lærdal.

– Longhorn skal framføra sjukehussongen sin, og Bjørn Årebru har lova å kopiera opp teksten til den songen i tilstrekkeleg mange eksemplar. Så då blir det allsang frå eit fullsett samfunnshus, seier Thomas Nordheim Moen.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar