torsdag 19. mai 2011

Nordfjord: Helsepersonell har oppretta eiga faggruppe


FJORDENES TIDENDE Helsepersonell i Nordfjord har samla seg i ei eiga faggruppe for å kome med faglege innspel om sjukehussituasjonen.

Ifølgje kommunelege i Vågsøy, Bengt Georén, er det no danna ei medisinsk faggruppe for Nordfjord. Gruppa har ifølgje Georén eit titals medlemmer, og består av både kommunelegar, sjukehuslegar og anna medisinsk personell.

– Det er sjukehussituasjonen etter regjeringsvedtaket som er den utløysande årsaka til at gruppa er sett ned. Anestesispørsmålet er ei av sakene som blir diskutert, seier Georén, som er kontaktperson for den nyleg etablerte gruppa.

Som kjent inneber vedtaket til regjeringa, som blei offentleggjort 1. april i år, at fødeavdeling og ortopedisk avdeling på Nordfjordeid skal leggjast ned. Regjeringa har vidare lagt opp til at den indremedisinske akuttberedskapen skal bestå, men det er stor usikkerheit knytt til om anestesiberedskap blir ein del av det framtidige tilbodet.

Georén opplyser at det var kalla inn til eit møte sist torsdag, der anestesiberedkapen var blant tema som blei diskutert.

– Privat drift av sjukehuset var ikkje tema, seier legen.

Han vil ikkje konkretisere kva gruppa arbeider med eller kva som er gruppa sitt mål på noverande tidspunkt. Men han opplyser at lista som har vore presentert i media med tilstandar som ikkje vil kunne behandlast ved lokalsjukehuset om anestesien forsvinn, kjem frå faggruppa.

Georén legg ikkje skjul på at det er stor frustrasjon blant helsepersonell i Nordfjord med omsyn til at politikken tilsynelatande ikkje følgjer faglege råd og krav for ressursar innan akuttmedisin. Gruppa lenar seg også på legeforeininga sitt utspel om at det ikkje er muleg å drive moderne akuttmedisinsk behandling utan tilgjengeleg anestesilege.

I møtet torsdag blei det bestemt at medlemmene skulle utgjere ei eiga medisinsk faggruppe for Nordfjord. Georén seier vidare at gruppa har kome med tilbod overfor Nordfjordrådet om å bidra med faglege råd etter behov. Måndag hadde regionrådet foreløpig ikkje svart på denne invitasjonen.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar