mandag 15. august 2011

Nordfjord: Vil gå rettens veg for å stoppe ortopedivedtak


FIRDA TIDEND 13.08.2011

Sjukehusaksjonen i Nordfjord meiner Helse Førde sitt vedtak om å legge ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus er i strid med føringane som regjeringa har lagt, og vil gå rettens veg for å stoppe det om ikkje vedtaket vert omgjort.

Dette kjem fram i ein uttale sjukehusaksjonen kjem med etter eit møte i går. Her er uttalen deira:
"Styret i Helse Førde HF bestemte den 17. juni 2011 å leggje ned all ortopedisk verksemd ved Nordfjord Sjukehus snarast råd, og seinast innan utgangen av 2011.

Administrasjonen har i sommar fylgt opp styret sitt vedtak med beskjed om at alle ortopediske tilvisingar skal sendast til Sentralsjukehuset i Førde, gjeldande frå 1. august 2011.
Dette inneber at det seinast innan utgangen av 2011 vil Nordfjord Sjukehus vere eit sjukehus utan kirurgisk aktivitet. Dette er openlyst i strid med dei føringane som Regjering og Storting har lagt, om kva eit lokalsjukehus med akuttfunksjonar minimum skal innehalde.

Nedlegginga vil blant anna få alvorlege følgjer for akuttberedskapen i Nordfjord.

Helse Førde opptrer i strid med Stortinget.
Regjering og Storting har også understreka at dette tilbodet skal vere likeverdig over heile landet.

Vi viser også til Helse og Omsorgsdepartementet si vurdering i brev til Helse Vest RHF, datert 01.07.-2011.

• Sikre spesialisthelsetenester til innbyggjarane i sin region i tråd med Regjeringa sin politikk og Stortinget sine føringar
• Vidareutvikle spesialisttilbodet ved Nordfjord sjukehus
• Utvikling av Medisinsk senter skal ikkje vere ein del av ”Prosjekt Nordfjord sjukehus”
• Som det går fram av Nasjonal Helse- og Omsorgsplan, bør kommunane ha stor fridom til å organisere sine tenester.

Andre ting som Sjukehusaksjonen vil påpeike:
• Gjennomføringa av Samhandlingsreforma må ikkje fortrenge bruken av eksisterande areal på Nordfjord sjukehus
• Ein stiller seg uforståande til at Regjeringsvedtaket frå 1. april 2011 om at; ” ingen tilsette skal seiast opp” samstundes som Helse Førde startar Nedbemanningsutval
• Ein stiller seg også uforståande til at dette går føre seg samstundes som Regjeringsvedtaket om oppstart av Prosjekt Nordfjord sjukehus skal gjennomførast
• Likeeins at Nordfjord sjukehus skal vere eit Fyrtårn/Modell for dei andre lokalsjukehus i landet, når all aktivitet (ortopedi, fødeavdeling og akuttfunksjon) er teke bort
• Påstandane om at Nordfjord sjukehus har rekrutteringsproblem er ikkje i tråd med realiteten. Tvert i mot, så har Nordfjord sjukehus eit stabilt og sterkt fagmiljø og god tilgang på spesialistar/fagpersonar som vil arbeide ved Nordfjord sjukehus. Stillingane har ikkje vore utlyste pga at Helse Førde har innført stillingsstopp,

Kva har vi/folket og tilsette ved Nordfjord sjukehus vore utsette for i lang tid?
Vi viser til:
• Uforsvarlege vedtak og uverdig behandling av Nordfjordingane
• Bevisst feilinformasjon
• Manipulasjon av fakta
• Frårøve Nordfjordingane fritt sjukehusval
• Helse Førde og Helse Vest motarbeider Regjering og Storting sine vedtak
• Neglisjering av klager, manglande vilje til å undersøkje fakta, manglande eller utilstrekkelege attendemeldingar
• Gåvebrevet – Sjukehuset blei gjeve til Fylket/Staten for å sikre folket i Nordfjord eit godt helsetilbod, med vekt på kirurgisk aktivitet. Helse Førde har gjennom sitt vedtak handla i strid med gåvebrevet

Sjukehusaksjonen Nordfjord vil no i verksette nødvendige tiltak for at befolkninga i Nordfjord skal vere sikra eit forsvarleg og likeverdig spesialisttilbod i framtida, på lik linje med resten av befolkninga i landet.
Etterkjem ikkje oppmodinga om å utsette iverksetting av vedtaket om avvikling av all ortopedisk verksemd ved sjukehuset, vil Sjukehusaksjonen Nordfjord i gong sette rettslege steg for å stanse den allereie i verksette nedlegginga.
Det vil i første omgong innebere krav om at retten fattar vedtak om mellombels forføyning."

• Les saka i Firda Tidend ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar