mandag 5. mars 2012

Mowatt om nedbyggingen: – Problemet er ikkje pasientane, men at enkelte kommunar mister arbeidsplassar



FJORDABLADET.NO  – Det største problemet er ikkje forholdet til pasientane, men at enkelte kommunar mister arbeidsplassar. Dette sa Harry Mowatt, styremedlem i Helse Førde, då styret torsdag vedtok kutt i bemanninga ved dei medisinske avdelingane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. 


Styret i Helse Førde vedtok torsdag korleis det framtidige indremedisinsk døgntilbodet ved sjukehusa i Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus skal dimensjonerast.

  Tidlegare har styret i helseføretaket vedteke at det skal vere medisinsk sengepostar med 15 senger ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, og at avdelingane blir bemanna der etter. I tillegg har styret vedteke at overvakingsavdelinga (OVA) ved Nordfjord Sjukehus skal integrerast i medisinsk sengepost, med tre senger. Praktisk betyr dette at dagens OVA blir ein del av sengeposten, men med færre senger enn i dag.

Budsjett
Endring og kutt i talet på senger, og bemanningskutt som følgje av dette, har vore grunnlaget for planlegginga av aktiviteten og budsjettet for 2012 i medisinsk klinikk. I etterkant av vedtaka har styret i helseføretaket bede om ei fornya vurdering, der ein ser på framdrift i omlegging av talet på senger ved lokalsjukehusa. Bakgrunnen for dette er mellom anna  samhandlingsreforma som vart gjort gjeldande frå 1. januar i år.

Arbeidsplassar
I debatten i styret kom det klart fram at integreringa av OVA i sengeposten skal gjennomførast etter planen, noko som også er i tråd med administrasjonen sitt framlegg.
  – Når ein har greidd å få til ei slik integrering i Lærdal, så er det ingen grunn til at ein ikkje skal få til tilsvarande ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Det største problemet er ikkje forholdet til pasientane, men at enkelte kommunar mister arbeidsplassar, sa styremedlem Harry Mowatt.

Sengekapasiteten
Samla har medisinsk avdeling 81 senger ved dei tre sjukehusa i føretaket. 41 senger ved sentralsjukehuset i Førde, 20 senger på Nordfjord sjukehus og 20 senger i Lærdal. I tillegg nyttar ein intensiv- og overvakingssenger i intensivavdelinga som ligg under avdeling for akuttmedisin (AAM). Desse sengene vert delte med andre avdelingar på sjukehuset i Førde.
OVA ved Nordfjord sjukehus har to medisinske overvakingssenger og ei seng i akuttrom, totalt tre tekniske senger. Lærdal har også to integrerte overvakingssenger og ei seng i akuttrom, også her tre tekniske senger.

Overforbruk
I 2011 var gjennomsnittsbelegget ved Nordfjord sjukehus 107 prosent, sjukehuset i Førde hadde eit belegg på 93 prosent og Lærdal sjukehus 73 prosent. Sengeposten på Nordfjord sjukehus er bemanna for 20 pasientar. Etter som det er ledige rom i sengeposten unngår stort sett seksjonen korridorpasientar. Som beleggsprosenten på 107 prosent viser, har likevel seksjonen nær kontinuerlig overbelegg.
  – Forbruket i Nordfjord ligg langt over det som er nasjonal standard. Det må vere eit mål for helseføretaket å få ned forbruket av medisinske senger til det som er nasjonal standard, sa nestleiar i Helse Førde-styret Kunt Cotta Schønberg som også var klar på at OVA måtte integrerast i medisinsk avdeling etter den opsette planen.

Trinnvist nedtak
I saksunderlaget peikar administrasjonen på at den planlagde reduksjonen til 15 senger ved medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus er utfordrande.
  – Med utgangspunkt i pasientbelegget som seksjonen har i dag, anbefalast å gjennomføre eit trinnvis nedtak. Første prioritet er å integrere OVA i sengeposten. I dette ligg eventuelt også å etablere ei mellombels ordning i sengeposten, samt å samordne turnusar. Dersom arealplanarbeidet som går føre seg indikerer flyttingar i fleire operasjonar, må dette takast omsyn til. Nokre gynekologiske operasjonar, naudsynt overvaking etter elektrosjokkbehandling i narkose, tidvis behov for overvaking av pasientar i samband med oppretta skadepoliklinikk og betjening av legevaktstelefonsentral medfører at reduksjon av tilsette må skje gradvis. I tillegg har ein utviklingsprosjektet ved NSH som kan gje ressursar til å understøtte omstillingsarbeidet både med kompetansemidlar, midlar til investeringar i utstyr og ombyggingar dersom ein vert samd om det, skriv administrerande direktør i saksutgreiinga.

Samhandling
Styreleiar Jorunn Ringstad, som leia sitt første styremøte torsdag, understreka at styret ikkje må gjere eit vedtak som er til hinder for ei god samhandling med kommunane.
  – I det ligg det at føretaket i samhandling med den enkelte kommune får føreseieleg og gode pasientforløp, sa styreleiaren som like vel var tydeleg på at tidlegare vedtak både i høve OVA og dimensjonering måtte følgjast opp.

Krevjande balanse
Som ein del av saksunderlaget vert frå administrasjonen peikt på at det er naudsynt med omstilling samstundes som ein sikrar rett kompetanse og tek i vare økonomisk god drift.
  – Denne balansen er krevjande men fullt mogeleg. For Nordfjord sjukehus vil ein foreslå at OVA vert omstilt i samsvar med skissert tidsplan og at integrasjonen vert gjennomført, om naudsynt med mellombels løysing. Sengetalet vert så justert gradvis, og i takt med andre omstillingar. Eit delmål kan vere 18 senger inkludert tekniske senger med aksjonsdato som foreslått i budsjettet, skriv administrasjonen i saksunderlaget. 

Vedtaket
1. Styret tek styresak om prosess for justering av døgnkapasiteten ved medisinsk seksjon LSH og NSH til orientering.
2. Styret merkar seg at justering av sengetal skal skje i samanheng med faglege omstillingar.
3. Styret ber om å bli vidare orientert om arbeidet med endring av indremedisinske tenester ved sjukehusa i Helse Førde.
4. I dette ligg at føretaket i samhandling med den enkelte kommune får føreseielege pasientforløp.(Framlegg frå styreleiar Jorunn Ringstad.) 

• Les saka på Fjordabladet ved å klikke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar