torsdag 23. januar 2014

NORDFJORD: Kommunane vil bryte med Helse Førde om det vert nei til kirurgi



FJORDABLADET 22. JANUAR 2014

Truar med å bryte med Helse Førde

Dersom styret i Helse Førde ikkje går inn for å opprette dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus og dette vert resultatet, vil Nordfjordkommunane  bryte samarbeidet om Utviklingsprosjektet, og det kan bli aktuelt å vurdere alternativ føretakstilknyting for heile eller delar av Nordfjord.
Stryn-ordførar Sven Flo (til venstre), Eid-ordførar Alfred Bjørlo (til høgre)  og resten av Nordfjordrådet har sendt brev til styret i Helse Førde der dei krev dagkirurgi og framfører sterk kritikk av administrerande direktør Jon Bolstad. (Arkivfoto: Anna Wuttudal)

Styret i Helse Førde skal på møte fredag handsame sak om oppretting av dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Innstillinga frå administrerande direktør Jon Bosltad er negativ. I eit brev til styret i Helse Førde går Nordfjordrådet hardt ut mot administrasjonen si tilråding, og dei gjer det heilt klart at det å gjere Nordfjord sjukehus til landets einaste lokalsjukehus utan dagkirurgi ikkje er ein modell Nordfjordrådet kan stå inne for.

Nordfjordkommunane har sidan hausten 2011 valt å samarbeide med Helse Vest og Helse Førde om Utviklingsprosjektet Framtidas Lokalsjukehus. Ein sentral føresetnad for deltakinga har vore at alle partar skal respektere konklusjonane i prosjektet og implementere dei ved Nordfjord sjukehus i ein heilskapleg modell.
  Betydninga av dagkirurgi blir sterkt vektlagt av alle faglege instansar i høyringsprosessen utanom Helse Førde.
   – Vi må diverre konkludere med at dersom adm dir i Helse Førde si innstilling og negative haldning til dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus blir ståande, er vårt to år lange arbeid med å lage ein nasjonal føregangsmodell i Nordfjord for framtidas helsetenester gjort til liten nytte - sjølv om det er mange positive enkeltelement som er komne på plass.
 – Desse enkeltelementa står diverre ikkje på «trygg grunn» utan at dagkirurgi er ein del av heilskapen.  Å gjere Nordfjord sjukehus til landets einaste lokalsjukehus utan dagkirurgi er ikkje ein modell Nordfjordrådet kan stå inne for. Det vil vi gjere klart både for Helse Vest, Helse- og omsorgsministeren og det politiske miljøet på Stortinget. Det vil også stå i skarp kontrast både til fagrapporten om dagkirurgi i utviklingsprosjektet og dei faglege innspela i høyringsrunden, heiter det mellom i brevet som Nordfjordrådet har sendt til styret.

Sikrar kompetanse
Referansegruppa i utviklingsprosjektet peika på at «den kompetanse og erfaring som erverves gjennom dagkirurgisk arbeid, bidrar i vesentlig grad til å sikre den kompetanse som er nødvendig for den døgnkontinuerlige indremedisinske beredskap».
  Dette er moment som ikkje er drøfta i styresaka, noko Nordfjordrådet  ser på som alvorleg.
Referansegruppa peikar også på at etableringa av dagkirurgi kan bidra  til fornuftig bruk av anestesiressursen ved Nordfjord sjukehus - ein funksjon som uansett er ved sjukehuset som del av den medisinske akuttberedskapen.

Ordførarane i Nordfjord foreslår at styret i Helse Førde ber administrasjonen hente inspirasjon og fagleg støtte til å lage ein god modell for dagkirurgi frå dei nasjonale ekspertane som har delteke i Utviklingsprosjektet, og frå andre helseføretak som klarer dette sjølv på lokalsjukehus som er mindre enn Nordfjord sjukehus.

Problemfokusert
Nordfjordrådet har merka seg at andre helseforetak andre stader i landet ikkje ser ut til å ha problem med å få til gode modellar for dagkirurgi ved lokalsjukehus, medan administrasjonen i Helse Førde si styresak om same tema er ei problematisering nær sagt utan ende.
   – Å etablere noko nytt krev aktiv handling og vilje frå leiinga si side. Den viljen registrerer vi diverre er fråverande i administrasjonen i Helse Førde, skriv Nordfjordrådet. Dei peikar også på at alt ligg til rette bygnings- og kompetansemessig på Nordfjord sjukehus. Operasjonsstovene står ferdige til bruk og kompetansen er på plass.

Strittar imot
Nordfjordrådet er svært krass i sin kritikk av Helse Førde sin innsats i Utviklingsprosjektet for Nordfjord sjukehus og skriv mellom anna følgjande:
 – For eit helseføretak burde 75 millionar kroner  i friske midlar frå Regjeringa ha vore ein «gåvepakke» og noko ein la si ære i å gjere til ein framtidsretta modell nasjonalt. I staden kan det sjå ut som om adminstrasjonen i helseføretaket strittar imot, har søkt å bruke mest mulig av pengane på ting ein uansett hadde tenkt å gjere frå før, og syner ein slåande mangel på vilje til å samarbeide om å få på plass tenester som i utviklingsprosjektet blir beskrivne som kloke/nødvendige å ha på eit lokalsjukehus.

Alternativ føretakstilknyting
–  Vi vonar styret går grundig inn i saka, og fattar eit prinsippvedtak om at det skal vere dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Skjer ikkje det, vil Nordfjordrådet gjere det klart for Helse Vest at vi ikkje lenger kan gi vår støtte til prosjektet, og be om ei prinsippavklaring om dagkirurgi ved lokalsjukehus nasjonalt.
–  Dersom ein ikkje finn løysingar i tråd med utviklingsprosjektet og nasjonale standardar som Helse Førde ønskjer å gjennomføre ved Nordfjord sjukehus, vil vi om nødvendig ta opp til drøfting nasjonalt ei alternativ organisering/føretakstilknyting av spesialisthelsetenestene for heile eller deler av Nordfjord. Dette skriv Nordfjordrådet avslutningsvis i brevet til styret i Helse Førde ved styreleiar Jorunn Ringstad.

• LES SAKA OG KOMMENTARANE I FJORDABLADET PÅ NETT VED Å KLIKKE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar