torsdag 14. juni 2007

Helse Førde med uttale om fødestovestengingen

Etter de siste dagenes farseaktige uklarhet om hvorfor fødestova i Lærdal er stengt, la Helse Førde i går ut følgende opprydding på sine nettsider:
http://www.helse-forde.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1645&Category.ID=592

STENGING AV FØDESTOVA I LÆRDAL
Av praktiske årsaker er det ikkje mogeleg å oppheve stenginga av fødestova i Lærdal i sommar.

Departementet har varsla at dei vil be føretaka unngå stengingar som åleine er ein følgje av økonomiske vurderingar. Stenginga i Lærdal vart bestemt i budsjettvedtaket i januar, og lettar gjennomføringa av ferieavviklinga samstundes som føretaket sparar pengar. Vedtaket har vore godt kjent i kommunane i fleire månader.

Den planlagde stenginga skjer i veke 28, 29, 30 og 31. Det er ikkje mogeleg å reversere vedtaket berre vel tre veker før stenginga blir gjennomført. Ferien for dei tilsette er planlagt for lenge sidan, arbeidsplanar er lagt og det er ikkje mogeleg å endre dette kort tid før stenging og der tilsette er i ferd med å ta ut planlagt ferie. Det er etablert følgjeteneste med jordmor i Årdal og Lærdal i stengingsperioden. Det er også jordmor i aktiv vakt fire timar ein dag i veka for å føreta svangerskapskontroll og seleksjonskontrollar.

Styrevedtaket omfattar også stenging av fødestova to veker i jule- og nyttårshelga. Helse Førde vil vurdere denne stenginga på nytt når føretaket mottek det varsla skrivet frå departementet.

Vidar Vie 13.06.2007

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar