onsdag 20. juni 2007

Økonomisk støtte til sjukehusaksjonen?

Aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus starta i årsskiftet 2002/2003, og var opphaveleg meint som ein kortvarig aksjon for å protestera på framlegget om å gjera om Lærdal sjukehus til eit distriktsmedisinsk senter.

Utviklinga i helseforetaket, med stadig nye framlegg om kutt ved sjukehuset, har gjort det naudsynt å halda fram med aksjonsarbeidet. Aksjonen får mange støtteerklæringar frå folk og oppmuntrande helsingar frå pasientar i alle aldrar, fødekvinner og andre interesserte. Me får stadig stadfesta at kampen for sjukehuset har brei støtte i befolkninga i Sogn. Dette gjer at me meiner det er rett å halda fram som "vaktbikkje" for eit best mogeleg sjukehustilbod i regionen.

Samarbeidet med dei andre aksjonane i det nasjonale nettverket "Folkerørsla for lokalsjukehusa" gjer også at me får høve til å få løfta fram Lærdal sjukehus på nasjonale arenaer.

Sjølv om all arbeidsinnsatsen går føre seg etter "løn i himmelen"-prinsippet, er det ei viss kostnadsside ein ikke kjem unna. Me kan ikkje driva på utan å få dekt dokumenterte driftsutgifter og utlegg, m.a. til reiser og kontorhald. Og no er det faktisk ikkje att midlar på aksjonen sin konto til å betala for det som er lagt ut av private.

Me tillet oss difor å be om tilskot frå lag og organisasjonar i Indre Sogn som er interessert i, og har høve til, i å støtta kampen for sjukehuset. Aksjonen treng eit økonomisk fundament for vidare aktivitet, og me er takksame for alle bidrag.

Dersom de finn å kunne støtta aksjonen, ber me om at tilskot vert sendt til aksjonen sitt kontonummer 3730 05 06888.

Mottakaradresse:
Forsvar Lærdal sjukehus
v/kasserar A. S. Mundal
Ljøsne
6887 Lærdal


På førehand mange takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar