onsdag 10. oktober 2007

"Det trengst statlege krafttak, ikkje lokale amputasjonar"

Firda kommenterer den økonomiske krisa i Helse Førde på leiarplass i dag, onsdag 10. oktober:
"I sin tapre, men nesten håplause kamp for å følgje kravet om innsparingar, ber styreleiar Clara Øberg no Helse Vest om lov til å gå laus på strukturen. Det vil i klartekst seie at sjukehus skal leggjast ned. Dette er nok ikkje noko HF-styret ønskjer, men noko dei ser seg nøydde til.
Når Helse Førde vil drive sjukehus på færre stader, er det i første omgang Nærsjukehuset i Florø og den psykiatriske klinikken på Tronvik som peiker seg ut som naturlege innsparingsobjekt. Og sett frå styret i eit helseføretak som slit med nærast uoverkommelege sparepålegg på si side, kan slike øvingar verke fristande. Om det løyser problemet på sikt, har vi mindre tru på. For kjernen i problemet vil vere det same: Helse Førde har ikkje økonomiske rammer til å løyse dei oppgåvene dei er sett til."
(…)
"Det trengst statlege krafttak, ikkje lokale amputasjonar, for å få helsetiltaka ut av uføret dei er hamna i. Det kan verke freistande å leggje ned både Nærsjukehuset og Tronvik. Men som eingongs sparetiltak er det som å tisse i buksa for å halde varmen. Det hjelper ei kort stund, deretter blir det berre verre."

Dette som Firda skriv, er ein viktig bodskap som fylkespolitikarane og alle andre taleføre no må retta til sentrale styresmakter!
Den raudgrøne regjeringa må no sikra sjukehusa både her i fylket og andre stader ei finansiering som gjev pasienter og tilsette tryggheit og arbeidsro! Statsbudsjettet er ikkje vedteke …

Det finst diverre ikkje noko lenke til leiarartikkelen, men pdf-Firda kan lastast ned frå nettet mot mobilbetaling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar