fredag 12. oktober 2007

Lærdal og Aurland LHL utfordrar lag og organisasjonar

På porten.no finn me følgjande gledelege melding i dag:
"Leiar Jarle Vindedal i Lærdal og Aurland LHL viser til melding laurdag om at Forsvar Lærdal sjukehus kan verta lagt ned grunna pengemangel. Vårt lag har difor fatta vedtak om å gje overskotet me fekk inn ved loddsal på Haustmarknaden - kr 6 000 - til dette føremål.
Vindedal seier vidare: - Me vil oppmoda alle lag og organisasjonar som soknar til sjukehuset om å gje ei gåve til Forsvar Lærdal sjukehus, slik at det viktige arbeidet dei gjer ikkje vert stoppa.

Forsvar Lærdal sjukehus takkar for løyvinga og initiativet! Det er alt eitt anna lag som har teke kontakt med oss om denne utfordringa frå LHL. Me er takksame for alle bidrag - små eller store.

http://www.porten.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=Main_4915&Main_4915=4953:45059::0:4928:2:::0:0

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar