Styret i Helse Vest bør gjere heilomvending og gje Helse Førde lov til å gå 40 millionar kroner i minus. Det er administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, som føresler at styret på torsdag går inn for å kutte balansekravet ovanfor Helse Førde.
- Slik vi har vurdert den økonomiske situasjonen i Helse Førde i år, så trur vi at det kan bli tøft å nå balanse allereie neste år. For at det ikkje skal bli for tøffe omstillingstiltak i 2008, så har eg føreslått ovanfor styret at dei også neste år får gå 40 millionar kroner i underskot, seier han.
Det er berre nokre veker sidan Helse Vest stod hardt på at helseføretaket her i fylket må vere i balanse innan utgangen av året. I år ligg Helse Førde an til å få 87 millionar kroner i underskot.
Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane på nett (klikk på overskrifta eller kopier lenka her):
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.3946779
mandag 5. november 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar