Sogn Avis kommenterer på leiarplass avgangen til Nasjonalt Råd for fødselsomsorg og skriv mellom anna:
Statistikken syner at fagfolka i Lærdal har halde seg strengt til seleksjonskrieriane som rådet fastsette, men kjempa med nebb og klør for å behalda ein gynekolog i beredskap. Ikkje for å vera vrange, men fordi dei visste at det ville komme tilfelle der liv og helse for mor og barn ville vera i fare dersom dei ikkje hadde ein akuttberedskap.
Dette fall Pål Øian og det nasjonale rådet tungt for bringa. I fjor sende dei difor brev til Helse Vest der dei skulda Lærdal sjukehus for framleis å driva ei fødeavdeling. I tillegg til å setja fram ei rekkje påstandar om kva dei fann kritikkverdig, var meldinga til helseføretaket at rådet ikkje lenger kunne ta ansvar for det som skjedde der. Påstandar som var så feilaktige at Helse Førde måtte gå ut å dementera. Likevel hadde Øian & co på nytt klart å skapa ei unødig frykt om at det er farleg å føda i Lærdal.
Det meste tyder på at fødeavdelingane i Lærdal og Mosjøen vart ofra på det nasjonale rådet sitt alter. Hadde fagfolka, på utsida av rådet, følt seg trygge på at kvaliteten hadde blitt oppretthalden ved overgangen frå fødeavdeling til fødestove ved dei små sjukehusa, så hadde dette blitt innført over heile landet. Ingen her er lei seg for at Øian og rådet hans, takkar for seg før dei får gjort meir skade. Den omsorga dei har synt for fødekvinnene i Indre Sogn kan me klara oss utan.
• Les heile leiaren i Sogn Avis ved å klikke på overskrifta her eller gå inn på www.sognavis.no
tirsdag 6. november 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar