mandag 7. juli 2008

Skuffa over helseministeren


NRK Sogn og Fjordane: Sjukehusaksjonistane i Lærdal og Nordfjord er skuffa over den nye helseministeren.

I helga sa Bjarne Håkon Hanssen at han ynskjer å sentralisere landets akuttmottak, med bakgrunn i at kvalitet er viktigare enn nærleik.

– Skuffa
Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge er lite imponert over at Hanssen ynskjer å sentralisere den kirurgiske akuttberedskapen utan å ha henta fagkunnskap frå lokalsjukehusa. – Eg blir veldig skuffa over at han går ut med så bastante påstander så kort tid etter at han byrja i jobben, sukkar Øien Hauge.

Spørsmålsteikn
Ho set spørsmålsteikn ved at helseministeren understrekar at kvalitet kanskje er viktigare enn nærleik.

– Eg tykkjer det er ulogisk og tilslørande å setje desse to momenta opp som at det er motsetnader. Han framstillar det som at ein treng veldig store sjukehus for å få kvalitet i behandlinga, og det har dei ikkje dokumentasjon for å hevde, meiner sjukehusaksjonisten.

– Han har stort sett besøkt dei store sjukehusa, og lytta til deira fagmiljø. Når han skal inspisere helse-Norge bør han óg besøke dei små sjukehusa, meiner ho.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar