fredag 25. juli 2008

Statssekretæren på besøk i Nordfjord

FJORDABLADET: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Dagfinn Sundsbø (Sp), hadde berre eitt råd til Nordfjordrådet og leiinga i Helse Førde då han torsdag fekk presentert to totalt ulike versjonar og tolking av ortopedivedtak i Helse Førde. Rydd opp sjølve!

Dagfinn Sundsbø kunne ikkje love tilsette ved Nordfjord sjukehus og politikarane i Nordfjord at departementet ville overprøve ortopedivedtaket i Helse Førde. Fleire av dei tilsette statssekretæren var i kontakt med åtvara mot sentralisering. (Foto: Tormod Flatebø.) - Eg har vore på Nordfjordeid for å lytte. Slik saka står i dag er det ikkje aktuelt å legge den fram for statsråden. Først må Nordfjordrådet og Helse Førde sette seg saman å bli einige om konsekvensar av vedtaket, sa Sundsbø.


• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar