lørdag 26. september 2009
Lønskutt rammar tilsette og pasientar i Nordfjord
FJORDABLADET Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane (NSF) ser med stor uro på situasjonen som oppstår ved Nordfjord Sjukehus frå måndag 28. september.
Dette skriv fylkesleiar Oddgeir Lunde i Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane i ei pressemelding etter at kirurgisk klinikk i Helse Førde pålegg NSF sine medlemmar ved operasjons og anestesiavdelinga ved Nordfjord Sjukehus å gå inn i ei arbeidstidsordning som rammar pasientar og medlemmar.
– Pasientane vert ramma fordi både vaktberedskap og vanleg drift ved operasjon og anestesiavdelinga vert råka ved dette pålegget om mindre aktiv vaktteneste, skriv Lunde i pressemeldinga.
– NSF er kritisk til måten dette har vore handtert på frå Helse Førde si side. Våre medlemmar ved Nordfjord sjukehus har gjennom prosessen strekt seg langt i forsøket på å møte arbeidsgjevar sitt tilbod. Dette har dei gjort fordi dei er svært glad i arbeidsplassen sin.
Arbeidstidsordninga er pålagd frå måndag 28. september. Den består av auke i passiv vakt(vakt på vaktrom/beredskap) og mindre aktiv teneste i kvar stilling. Helse Førde vil lønne spesialsjukepleiarane med 1/3 timelønn ved vakt på vaktrom. I følgje våre medlemmar ved Nordfjord sjukehus utgjer denne reduksjonen i aktiv arbeidstid ein lønnsreduksjon mellom 100.000 og 120.000 kr i året. NSF beklagar at medlemmane er utsett for konsekvensen av arbeidsgjevarpolitikken til Helse Førde, heiter det til slutt i pressemeldinga frå NSF Sogn og Fjordane.
• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar