tirsdag 8. september 2009

Sogn Avis kommenterer utspel om Aurlandsambulansen: Seint, men godt nok frå Bremer?

SOGN AVIS, LEIAR SKRIVEN AV JAN INGE FARDAL

Det nærmar seg val, og Arbeiderpartiet har dårlege meiningsmålingar her i fylket. Det er på dette bakteppet at partiet sin andrekandidat, Tor Bremer sitt utspel i Sogn Avis laurdag må vurderast. Då gjekk Bremer ut og bad styret i Helse Førde og partikamerat Clara Øberg syta for at det snarast kjem på plass att ein døgnambulanse i Aurland.

Det er mange dagar sidan Ap-veteran Harald Sjursen i Aurland var ute og truga med å lata vera å stemma på partiet i haust. Aurland Ap har dempa valkampen ned til eit minimum i år. Slik sett kjem Tor Bremers klare støtte til kravet frå aurlendingane kanskje i seinaste laget. Og det er liten tvil om at Bremer Ap treng kvar einaste røyst dei kan frå i Aurland om andremandatet skal sikrast neste måndag.

I meiningsmålinga som Sentio gjennomførte for Sogn Avis, Firda og Firdaposten sist veke, var det mest dødt løp mellom Ap og Sp om det 4. mandatet frå Sogn og Fjordane. Og skulle partikameratane til Bremer i Aurland, som stilte skikkeleg opp for Ap for fire år sidan, gjera alvor av trugsmåla sine, kan Bremer sin plass på Løvebakken hengja i ein svært tynn tråd.

Det var med andre ord på høg tid at han reagerte på aurlendingane sitt urokkelege krav om døgnambulanse. Me er nokså trygge på at folk i Aurland – både Ap-tilhengjarar og andre – set pris på Tor Bremers klokkeklare utspel, sjølv om han altså har brukt vel lang tid på å koma ut med det.

Elles er me heilt på linje med Tor Bremers grunngjeving for å stasjonera ein døgnambulanse i kommunen, som ligg mellom fleire av dei lengste og farlegaste tunnelane i landet. Også argumentet med den dramatiske folketalsveksten sommarhalvåret har vore løfta fram før. Det er i det heile ikkje mange nye moment i Bremers støtte.

Samstundes er det ikkje til å stikka under stol at Bremers adressat i denne saka er ein annan sentral Ap-medlem i fylket, Clara Øberg. Ho hevar seg over valkampen og seier ho ikkje kan forstå kritikken mot føretaksstyret frå Bremer. Øberg peika på at det må vera langt meir fruktbare måtar å løysa dette problemet på.

Og sjølvsagt er det. Men det må først og fremst vera Helse Førde sitt ansvar å leggja forholda til rette for å rekruttera fagleg kapable mannskap til ein døgnambulanse. Me kan ikkje sjå at helseføretaket så langt har gjort nok og i så måte treff Bremer med sin kritikk. Så trur me at dersom Øberg kjenner etter i valkampmuskelen sin, så vil ho skjøna partikameraten sitt frieri til den viktige Ap-kommunen Aurland.

Det er berre jakta på stemmer som er forklaringa på at Tor Bremer hakka laus på styret i helseføretaket og partikamerat Øberg i Sogn Avis laurdag. Først måndag 14. kjem svaret på om Bremers utspel kom tidsnok og var godt nok. Det går nok lenger tid før ein døgnambulanse er på plass…

• Les leiaren på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar