torsdag 29. oktober 2009

Eid kommune: Formannskapet krev fullverdig lokalsjukehus


FJORDABLADET – Som vertskommune for Nordfjord sjukehus kviler det eit stort ansvar på oss. Ikkje berre krev vi å få behalde eit fullverdig lokalsjukehus med livsviktige funksjonar for befolkninga, vi krev også at sjukehuset på Nordfjordeid får mulegheit til å utvikle seg. Dette krev formannskapet i Eid.

Som vertskommune for Nordfjord Sjukehus ønskjer Formannskapet i Eid kommune å understreke behovet for å behalde og vidareutvikle eit fullverdig lokalsjukehustilbod i Nordfjord, med tilbod som dekkjer innbyggjarane sine vanlegaste behandlingsbehov. Formannskapet krev at Nordfjord sjukehus har:

● Vaktkompetanse i indremedisin, ortopedi/kirurgi (med fullverdig ortopedisk akuttfunksjon) og anestesi, samt tilgang til klinisk-kjemiske og radiologiske tenester døgnet rundt.
● Føde/gynavdeling.
● Medisinsk avdeling.
● Ortopedisk avdeling.
● Base for ambulanseteneste.
● Dialyse.
● Poliklinikkar.
● Vidare tilrettelegging for legevaktsamarbeidet i Nordfjord.

– Som vertskommune for Nordfjord sjukehus kviler det eit stort ansvar på oss. Ikkje berre krev vi å få behalde eit fullverdig lokalsjukehus med livsviktige funksjonar for befolkninga, vi krev også at sjukehuset på Nordfjordeid får mulegheit til å utvikle seg.

Dette sa ordførar Sonja Edvardsen (Ap) då Formannskapet i Eid kommune torsdag drøfta den vanskelege situasjonen Nordfjord sjukehus har kome i.
– Dersom det ikkje skjer ei haldingsendring når det gjeld lokalsjukehuset, så føler eg at vi er i ferd med å nå ei grense for ei framtidig god samhandling mellom kommunen og Helse Førde, sa ordføraren.

Øberg til bordet
– På det siste fylkestinget, som vart halde i Loen for kort tid sidan orientert styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg fylkesutvalet om situasjonen i Helse Førde. Informasjonen som vart gjeve vart, slik eg oppfatta det, gjeve i eit lukka møte. Eg vil oppmode ordføraren om å ta kontakt med styreleiar Øberg og krevje at ho kjem til Eid og gjev den same informasjonen til formannskapet i Eid som den ho gav til fylkesutvalet, sa Lars-Svein Drabløs (Frp) før formannskapet samrøystes vedtok ei svært omfattande fråsegn som vert sendt til styreleiar Øberg med kopi til mellom andre styreleiar Oddvar Nielsen i Helse Vest RHF:

Fråsegna
Både i Soria Moria II og Stortingsmelding nr. 47 vert det lagt vekt på at det skal etablerast gode pasientforløp og «saumlause tenester», og at kommunane, gjennom si faglege tyngd, skal vere premissleverandørar for kva tenester spesialisthelsetenesta skal yte. Eid formannskap ønskjer å setje fokus på dette likeverdsprinsippet som regjeringa no legg opp til i Soria Moria II-dokumentet.

Nordfjord Sjukehus har gjennom mange år vore gjennom ei rekkje omstillings- og effektiviseringsprosessar, og står i dag fram som eit lokalsjukehus med høg kompetanse og eit fagleg sterkt tilbod til innbyggjarane i Nordfjord. Til dømes vert kompetansen ved ortopedisk avdeling ved Nordfjord Sjukehus i fleire samanhengar trekt fram som eit viktig og berande element i Helse Førde. Saman med dei spesialiserte tenestetilboda som er bygde opp ved Nordfjord Psykiatrisenter, vil desse institusjonane i framtida kunne dekkje behandlingsbehova til dei mest vanlege pasientgruppene, og pasientar med samansette behov.

I 2008 blei akuttfunksjonen ved ortopedisk avdeling sentralisert til Førde sentralsjukehus. Nordfjord Sjukehus toler ikkje ei ytterlegare utarming av noverande tenestetilbod, dersom institusjonen skal vere ei berande kraft i framtida. Ei ytterlegare svekking av dei ulike delområda vil føre til ei forvitring av heile lokalsjukehustilbodet, og dermed føresetnaden for å kunne oppfylle regjeringa sine intensjonar om gode pasientforløp gjennom eit desentralisert spesialisthelsetenestetilbod i tett samarbeid med kommunehelsetenesta.

Både Nordfjordrådet og einskildkommunar har ved fleire høve peika på at dei er uroa for skadeverknader ved strukturendringar ved Nordfjord Sjukehus; ikkje minst samfunnsmessige skadeverknader.

Kommune- og spesialisthelsetenesta står framfor store utfordringar når det gjeld gjennomføring av Samhandlingsreforma, særleg når det gjeld holdningsendringar med tanke på samarbeid. Kommunane vil får eit større ansvar for å yte helsetenester til innbyggjarane, og spesialisthelsetenesta skal utviklast i «en enda tydeligere spesialisert retning» (Soria Moria II, s. 43). I Soria Moria II heiter det vidare at det eksisterande desentraliserte sjukehustilbodet skal oppretthaldast, noko som vil sikre nærleiken til akuttfunksjonar og fødetilbod, og det vert presisert at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Regjeringa seier også at «Når sykdom rammer, skal folk oppleve at de får tilbud om behandling og pleie med kort ventetid og med størst mulig nærhet til brukeren».

I Stortingsmelding nr. 47 vert det trekt fram at Samhandlingsreforma gir viktige utviklingsmulegheiter for lokalsjukehusa. Eitt av måla er at kommunane og lokalsjukehusa skal lukkast i å byggje opp samarbeidsformer som kan føre til at lokalsjukehusa sine faglege og organisatoriske «fortrinn» vert vidareutvikla (s. 11). Nærleik til tenestetilbod, likeverdige tilbod og gode pasientforløp er heilt sentrale stikkord i regjeringa sitt helsepolitiske grunnlagsdokument for den komande stortingsperioden.

For at kommunane i Nordfjord skal kunne greie å møte endringar og store framtidige utfordringar, er det heilt naudsynt at Nordfjord Sjukehus vert oppretthalde med dei funksjonane som ligg til sjukehuset i dag. I tillegg er det viktig å få attende ein fullverdig ortopedisk akuttfunksjon, mellom anna for å kunne gi dei eldre, demente og kronisk sjuke eit fagleg godt tilbod, til dømes ved lårhalsbrot og andre vanlege skader. For desse pasientgruppene er lange transportar og venting på behandling ei stor påkjenning. Kommunane og helseføretaka skal vere likeverdige partar, og kommunane skal, i mykje større grad enn i dag, kunne leggje premissane for tenestetilboda og stille krav til sjukehusa (Stortingsmelding 47, s. 113).

Også Eid kommune er villig til å ta på seg fleire oppgåver og eit større ansvar for behandlingstilboda. Men dersom kommunen skal verte i stand til å gi behandling og oppfølging, er det ein viktig føresetnad at ei god diagnostisk avklaring, utført av spesialistar, ligg i botnen. I byar og tettbygde strok med lett tilgjengelegheit til spesialisthelsetenester, er dette sjølvsagt. Distrikta har krav på det same tilbodet, men denne problemstillinga vert sjeldan vektlagt i statlege styringsdokument.

Med bakgrunn i intensjonane i regjeringa sine visjonar og mål, vil formannskapet i Eid kommune krevje at Nordfjord Sjukehus vert oppretthalde med eksisterande funksjonar. I tillegg er det eit krav at Nordfjord Sjukehus får attende ein fullverdig ortopedisk akuttfunksjon. Berre slik kan kommunen (og andre Nordfjordkommunar) bli sette i stand til å etterleve regjeringa sine helsepolitiske mål, slik dei er nedfelte i Soria Moria II.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar