torsdag 29. oktober 2009

Leiar i Sogn Avis: Fjern uvissa


Leiaren er skriven av journalist og vaktsjef Jan Egil Fimreite og lagt på nett 29. oktober

Lokalsjukehusa er nok ein gong utsette for angrep frå ulikt hald. Uvissa om kva som eigentleg ligg i Soria Moria 2 har ført til nye spekulasjonar om kva som kan skje med innhaldet i lokalsjukehusa. Og på ny er det fødestova i Lærdal som ligg lagleg til for hogg sidan talet på fødslar der går kraftig ned. Me trur Clara Øberg har heilt rett når ho som ei forklaring på nedgangen meiner uroa rundt fødestova i Lærdal har ført til at kvinner kan vegra seg for å føda der.

Situasjonen har ført til ny uvisse for dei tilsette ved sjukehuset. Dette er ei uvisse dei har levd med heilt sidan Helse Førde la ned ei velfungerande fødeavdeling og oppretta fødestove, som faktisk kan vera like velfungerande men som ikkje får lov til å vera det. Helse Førde er også med på å styrkja denne uvissa ved å spreia i beste fall misvisande påstandar om situasjonen i Lærdal. Er det slik me vil ha det her i landet, er det slik eit helseføretak skal fungera? Skal tilsette gå rundt og vera usikre i høve til jobben, skal kvinner reisa i timevis for å føda når dei bør ha eit tilbod i nærleiken? Me tvilar sterkt på at dette er god utnytting av helsekronene.

Eit omgrep som går att i helse-Noreg etter at føretaksmodellen vart innført, er sikring av kvalitet i helsetenestene. Det er vel neppe noko uttrykk som er meir misbrukt enn akkurat det. Historia til tvillingforeldra i Lærdal i Sogn Avis nyleg, seier klart at storleik ikkje er synonymt med kvalitet. Her vel diverre Helse Førde den lettvinte løysinga med ikkje å kommentera opplevinga til paret, i staden for å gå inn i problemstillinga og få gjort noko med det. For historia til paret er ikkje den einaste redaksjonen i Sogn Avis har teke imot.

Folkeaksjonen blir skulda for å leggja mykje kjensle i debatten og lite fagleg argumentasjon. Seinast av Tord Dale her i avisa, som i same slengen også greier å setja ulike grupper opp mot kvarandre. Men det er like mykje utslag av kjensle å hevda at alt blir så mykje betre dersom sentralsjukehuset blir stort og sterkt. Det er ikkje noko grunnlag, verken fagleg eller vitskapleg, for å hevda dette.

Eit fylke som Sogn og Fjordane, med store reiseavstandar og ofte utfordrande reisetilhøve, treng gode sjukehus i kvar region. Det må vera sjukehus som sikrar tryggleiken til lokalbefolkninga, med nærleik til akuttfunksjonar og eit fødetilbod som kan ta imot dei aller fleste fødande. Dette er basistenester som må vera til stades skal me kunna kalla oss eit moderne velferdssamfunn. Meir avanserte og spesialiserte helsetilbod må naturleg nok sentraliserast skal gode fagmiljø byggjast opp og blomstra. Det er då heller ingen ved lokalsjukehusa eller sjukehusaksjonistar som hevdar noko anna.

• Henta frå Origo, les saka der ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar