lørdag 2. april 2011

Føden: - Ein trist dag


PORTEN Barnepleiar Silje Mo ved den forsterka fødestova på sjukehuset i Lærdal, er skuffa over måten regjeringa har informert dei tilsette om det endelege vedtaket om å redusere tilbodet ved avdelinga.

Sterke reaksjonar
Reaksjonane hjå helsepersonellet ved den forsterke fødestova på sjukehuset i Lærdal, er prega av frustrasjon og sinne. Etter at regjeringa med helseminister Anne Grete Strøm-Eriksen i spissen, vedtok å leggje ned det eksisterande fødetilbodet ved lokalsjukehuset, er det fleire som sit att med mange spørsmål.

Barnepleiar Silje Mo fortel at personellet ved føden i Lærdal har sete med ein klump i halsen i heile dag. Om dei ikkje har vore fortvila tidlegare, så er dei det ihvertfall no.
- Det har vore ein spesiell dag på jobb, seier Silje vidare, som kjenner seg heilt tom.
- Me håpar på å få svar etterkvart, seier barnepleiaren, som er ein av mange som har ei usikker framtid i møte.

Mange spørsmål
Ho meinar det er mykje som skal tilretteleggast før dei fødande kan få eit tilbod om ei jordmorstyrt fødestove. I tillegg er det mange spørsmål kring organiseringa, sidan mykje av rekrutteringa og økonomien i dette blir lagt til kommunane. Vidare er det ikkje sagt noko om kva tidsperspektiv ein operer med.

Alt dette gjer at dei tilsette ved føden i Lærdal kjenner seg utrygge, og har mange spørsmål dei ynskjer å få svar på.

Dårleg informasjon
Dei tilsette reagerer sterkt på korleis dei fekk informasjon om vedtaket som blei gjort av regjeringa.
- Me er skuffa over at det var gjennom media me fekk vite det, og at avdelingsleiaren vår ikkje fekk vere ilag med oss når dette skjedde, seier Mo vidare, som opplyser at Marianne Øren var på veg til Trondheim denne dagen, og viste like lite som dei.

Ifylgje Mo har det ikkje kome noko signal i forkant av regjeringa sitt vedtak. Einaste informasjonen dei tilsette har fått, er at det ville kome ei avklaring om fødetilbodet i god tid før påske.

Usikker framtid i møte
Pågangen til føden har vore stor etter vedtaket til regjeringa blei kjent i media, og telefonen har omtrent ikkje stått stille.
- Det har vore mange opprørte folk rundt omkring, og mange har teke kontakt, seier Silje vidare, som viser til at dei har fått mange sterke reaksjonar.

- Folk er heilt forferda, og reagerer på at det kunne gå så langt. Me har i løpet av våren sett at behovet for eit trygt og godt fødetilbod i nærleiken, har vore viktig når vegar har vore stengte på grunn av ras og flaum. Dette er berre ein forsmak på korleis det kan bli for dei gravide framover, avsluttar Mo, som er redd for rekrutteringa av dei som ynskjer å busette seg i Indre Sogn.

Ho meinar at situasjonen ved dei jordmorstyrte fødestovene utan gynekolog i beredskap, kan vere med å påverke ungdomar som vil flytte heim og på sikt stifte familie.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar