fredag 1. april 2011

– Klar styrking av Lærdal


SOGN AVIS Helsestatsråden spelar ballen over til kommunane for å sikra eit fødetilbod i Lærdal.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier til Sogn Avis at det no er mykje opp til kommunane for å få til ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

– Me har bestemt at det uansett skal vera eit barseltilbod ved sjukehuset, slik at fødande kvinner kan koma attende dit etter fødselen. Men klarer me å rekruttera lokale jordmødre, og unngå vikarstafettane, vil dei som ønskjer det og har helse til det, kunne føda i Lærdal, sler Strøm-Erichsen fast.

Ho trur at kommunane no vil kunne setje seg saman og finne ei løysing for dette, samstundes som det i Lærdal vil bli ei utvida satsing på lokalmedisinske tilbod. Ho er og særs nøgd med at regjeringa har valt å oppretthalda ortopedien, og akuttberedskap i form av laboratorium-tenester, røntgen og liknande.

– Dette er ei framtidsretta satsing på sjukehuset i Lærdal, seier Strøm-Erichsen, som legg vekt på at Lærdal skal utviklast med fleire polikliniske tenester.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar