fredag 20. april 2012

Norge bruker ikke "mest i verden" på helse: Helseanalytiker avviser OECDs samanlikning av helsekostnadar



NATIONEN.NO Terje L. Møinichen-Berstad seier at OECDs samanlikning av helsekostnader i Europa ikkje tek omsyn til at landa har ulikt lønsnivå.

— Helseutgiftene i Noreg vert skildra som kjempehøge, men justert for prisnivået for helsetenester, stemmer det slett ikkje. Tvert om ligg helseutgiftene våre då under snittet for dei vestlege EU-landa.
Det seier analytikar Terje L. Møinichen-Berstad.
I ein artikkel som vert publisert i tidsskriftet Samfunnsøkonomen i dag, argumenterer han for at OECD-tala norske styresmakter har basert helsebudsjett, helseføretaksreform og andre store endringar i sjukehusstruktur på, er feiltolka.
Statssekretær Robin Kåss (Ap) i Helsedepartementet avviser påstandane og held fast på at Noreg ligg på europatoppen i pengebruk på helse.

Trekk vurderingar i tvil
Frå statsbudsjettet for 2012 går det fram at Noreg i 2009 brukte i overkant av 229 milliardar kroner på helseføremål, eller om lag 47 4000 kroner per innbyggjar. "Sammenlignet med andre OECD-land er det bare USA som bruker mer penger per innbygger", heiter det i statsbudsjettet.
— Det er ein vanleg påstand frå fagmiljøa i helsesektoren, helseøkonomar og politiske miljø at Noreg har høgare ressursbruk til helsetenester enn andre land, seier Møinichen-Berstad, som meiner tala er feil.
— Det er skrike opp om at ting kostar for mykje og at det vert produsert lite helse. Det kan sjølvsagt vere gode faglege argument også har spela inn for endringane som er gjort, men vurderingane som er gjort på kostnadssida er det i alle fall god grunn til å trekkje i tvil, seier han.
Ut frå prisjusterte tal han har sett på, er det til dømes ikkje grunn til å seie at helseføretaksreforma har redusert kostnadsnivået på produksjon av helsetenester.
— At privat modell ikkje automatisk er av stor verdi for effektiviteten i helsesektoren, stemmer også godt med konklusjonen i ein av OECDs eigne rapportar frå 2011, påpeikar han.

— Noreg har lågast vekst
I artikkelen "Helseutgiftene i Norge sammenliknet med andre land" presenterer Møinichen-Berstad utrekningar som syner at volumet av helsetenester per innbyggjar i Noreg er mindre enn snittet per innbyggjar i dei vestlege EU-landa.
— For å kome på nivå med land som Frankrike, Tyskland, Sverige, Østerrike, Sveits og Nederland, må helseutgiftene aukast med minst 10 prosent. For å verte best i Europa må auken vere på minst 20 prosent, skriv han.
Han syner til at volumet av helsetenester kan aukast på to måtar: Ved å kjøpe fleire tenester, eller ved å redusere kostnadsnivået på produksjonen av tenestene.
— Vi har høgt kostnadsnivå, men det er i hovudsak forklart med det generelle lønsnivået vårt.
I artikkelen syner han også at Noreg har hatt ein lågare vekst i helseutgiftene per innbyggjar det siste tiåret enn alle andre OECD-land. Det har påverka volumet av helsetenester, men ikkje kostnadsnivået.

Nedleggingar kan vere feil
Han seier utviklinga på Nordfjord sjukehus kan vere eit godt døme på korleis helsetenestetilbodet i Noreg sakkar bakut. I Nordfjordeid vart fødeavdelinga vedteken nedlagt i fjor.
— Vart det gjort for å spare pengar, var det feil. Kanskje øydelegg vi no eit helsesystem som eigentleg leverte mykje helse for lite pengar, seier Møinichen-Berstad.
Det som skil Møinichen-Berstad sine tal frå dei rådande OECD-tala, er at han mellom anna korrigerer for lønsnivået i Noreg og tek omsyn til at lønningar betyr meir for helseutgiftene enn for BNP.
— Løn utgjer hovuddelen av helseutgiftene i Noreg. Den viktigaste innvendinga mot OECD-tala er at prisnivåjusteringa deira ikkje tek høgd for at norske løningar er høgare enn lønningane i andre land.

• Les også om saken i Nationens e-avis 20. april. Den kan du kjøpe her.

• DU KAN LESE DENNE ARTIKKELEN OG KOMMENTARAR PÅ NATIONEN.NO VED Å KLIKKE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar