søndag 22. april 2012

Sjukehusforkjempar fryktar sjukehus er lagt ned på feil grunnlag


NATIONEN.NO  Tilbod ved lokalsjukehus kan vera lagt ned på feil grunnlag, fryktar leiar i Folkebevegelsen for lokalsykehusene, Bente Øien Hauge.


Dei siste åra har fleire lokalsjukehus mista viktige tilbod, som akuttenester og fødetilbod. Bente Øien Hauge krev at helsepolitikarane ryddar opp og at Stortinget så raskt som overhovudet mogleg får alle fakta på bordet.
— Sjukehus-Noreg er under eit enormt press som følgje av sparekrav. Til grunn for innsparinga ligg det påståtte overforbruket av sjukehustenester, seier Hauge.
I fjor vart legeberedskapen fjerna frå fødetilbodet ved fire lokalsjukehus.
— Regjeringa argumenterte då med faglegheit, men det synte seg at det ikkje var høgare risiko ved desse sjukehusa, tvert om. Diverre er konsekvensen at kvinner har mista det lokale fødetilbodet, og det på feil grunnlag frå Regjeringa, seier Hauge.
Ho seier Folkebevegelsen for lokalsykehusene ikkje har fått svar når dei har konfrontert departementa med denne kunnskapen.
— Det er på høg tid at regjeringa tek ein reell diskusjon om sjukehusøkonomi og strukturendringane som er pressa gjennom. Om grunnlaget for den harde økonomiske linja er feil, må det rettast opp. Det må få fylgjer for kutta som no går føre seg rundt om i landet, seier Hauge.
 Ho er ikkje overraska over analysen frå Terje L. Møinichen-Berstad.
Les mer på Nationens e-avis lørdag 21. april. Den kan du kjøpe her
— Sidan eg vart aktiv i sjukehuskampen i 2003 har eg mista dei fleste illusjonar om openheit og redelegheit i sjukehuspolitikken, seier Hauge.

• Les saka i nettutgåva av Nationen ved å klikke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar