mandag 4. oktober 2010

Nordfjord-legane har fått nok


FJORDENES TIDENDE For spesialistane ved Nordfjord sjukehus er no begeret fullt. Mange av dei kjem til å seie opp stillingane sine dersom Helse Førde held fram drifta av sjukehuset.

Ifølgje Rune Muri er det snakk om minst åtte legar som no har fått nok av samarbeidsproblema og ukulturen i Helse Førde. Spesialistar ved ortopedisk og medisinsk avdeling orkar rett og slett ikkje meir av Helse Førde. Muri er pensjonert overlege ved Nordfjord sjukehus og er ein av dei som sit i arbeidsgruppa som arbeider for vidare drift av Nordfjord sjukehus.

Han opplyser at alle spesialistane på ortopedisk avdeling er spurt om dei vil halde fram i sine stillingar på sjukehuset med Helse Førde som arbeidsgjevar. Ifølgje Muri har samtlege, tilsaman seks legar ved avdelinga, gitt eit eintydig svar på spørsmålet.

Dei vil seie opp stillingane sine, seier Muri.

• Les heile saka i papirutgåva av Fjordenes Tidende måndag 4. oktober. Kjøp pdf-utgåva her.
• Klikk her eller på overskrifta for å sjå saka i Fjordenes Tidende på nett.

lørdag 2. oktober 2010

Fråsegn frå Legerådet Nordfjord Sjukehus


Helseminister / Helsedepartement
Styret Helse Førde
Styret Helse Vest
Nordfjordrådet
Eid Kommune
Fylkeslegen Sogn og Fjordane
Legeforeninga Sogn og Fjordane

Fråsegn frå Legerådet Nordfjord Sjukehus, 6. september 2010

Nordfjord Sjukehus har etter at den nye helseføretaksmodellen blei innført, vore gjennom store omstillingsprosessar. Blautdelskirurgien, inkludert urologien, blei tidleg sentralisert til Førde, dette trass i at vi hadde ein urolog som gav god behandling til pasientane ved Nordfjord Sjukehus. Sentraliseringa av urologien førte til ein pasientlekkasje til Helse Sunnmøre. Med denne sentraliseringa blei også ein overlegeheimel flytta til Førde.

Det ortopediske miljøet ved Nordfjord Sjukehus har vore ein av hjørnesteinane i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, har hatt høg fagleg kompetanse og utdanna eigne spesialistar, i samarbeid med Helse Bergen. Vi har behandla pasientar frå alle delar av fylket og halde kurs for allmennlegar og fysioterapeutar. Vi har også bygd opp eit godt og effektivt samarbeid med røntgenavdelinga vår, og har ein komplett utgreiings- og behandlingskjede innan leddbevarande kirurgi.

Sjukehuset si medisinske avdeling er godt utrusta, og har beredskap for alle dei vanlegaste indremedisinske lidingane. Vi har og der eit godt samarbeid med røntgenavdelinga, og pasientane får raskt avklarande CT ved mistanke om for eksempel blodpropp til hjernen. Vi følgjer slik nasjonale retningslinjer for akuttbehandling av hjerneslag. Hjertepasientar får på lik linje rask akuttbehandling når det haster.

Medisinsk avdeling har ein høg beleggsprosent, der dei aller fieste pasientane vert lagde inn akutt. Pasientgruppa er uselektert, der mange har infeksjonar, senil uro og diareplager. Vi har også regelmessig pasientar i pleie ved livets slutt / kreftpasientar.
Vi har ein velfungerende overvakingsavdeling (OVA) der de mest kritisk sjuke av alle kategorier får stabilisering før ev. overflytting, og behandling.

Det tidlegare ortopedivedtaket om å samle all akuttortopedi i Førde, anna enn det som kunne behandlast i lokalbedøving, har verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet og arbeidssituasjonen for ortopedane ved Nordfjord Sjukehus. Sjølv om dette vedtaket i etterkant ble noko mjuka opp, blir vår aktivitet heile tida vurdert, og vi blir kritisert regelmessig for inngrep utførte på vakttid.
Dette, saman med den belastninga det er kvar gong å fortelje ein pasient og pårørande at han dessverre må sendast vidare, gjer at den faglege integriteten og sjolvrespekten vert sett på prøve. Det er ikkje utført noko evaluering av effekten av dette vedtaket.
Vi har svært lange ventelister, spesielt på ortopedisk poliklinikk. Ein av grunnane til dette er manglande ortoped - og fysioterapeut-ressursar. Det er no oppretta ei felles tilvisingsadresse for ortopediske tilstandar ved Førde Sentralsjukehus, og Nordfjord Sjukehus kan ikkje lenger vurdere tilvisingar til ortopedisk poliklinikk her.

Nordfjord Sjukehus blir kritisert for dårlig effektivitet og planlegging på operasjonsavdelinga. Mange av dei operasjonane vi tar, er langvarige og krevjande, men har låg DRG-vekting. I store delar av 2009 var det også ein arbeidskonflikt mellom Helse Førde og Sjukepleieforbundet på operasjonsavdelinga ved Nordfjord Sjukehus, der fleire av spesialsjukepleiarane sa opp i protest, med redusert effektivitet og inntening til helseføretaket som resultat. No vert dårlege økonomiske resultat nytta som grunngjeving for vidare å redusere aktiviteten til berre eitt operasjonsteam dagleg.

Det vert no arbeidd for å opprette ein fellespost mellom ortopedisk og medisinsk avdeling ved Nordfjord Sjukehus, der ortopediske pasientar vert lagt inn på den medisinske sengeposten. Både organisatoriske og medisinsk-faglige moment talar sterkt imot ei slik organisering, spesielt auka fare for infeksjon hos nyopererte pasientar. Dette vil ytterlegare avgrense dei pasientgruppene som kan opererast ved Nordfjord Sjukehus.

Det må og nemnast at kollegaer i Sogn og Fjordane Legeforening og medlemmer av Styret i Helse Førde dessverre over fleire år har kritisert og nedvurdert Nordfjord Sjukehus i ulike media og på internett-bloggar. Administrasjonen i Helse Førde sin presentasjon av framlegget til vedtak om å gjere lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane om til lokalmedisinske senter, førte også til applaus i auditoriet på Førde Sentralsjukehus, overført på opne linjer til Nordfjord og Lærdal. Dette har også verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet ved lokalsjukehusa.

Styret i Helse Førde har gjort vedtak om å leggje ned ortopedisk avdeling ved Nordfjord Sjukehus. Ein ser også på organiseringa av fødetilbodet i Sogn og Fjordane. Det er sannsynleg at all operativ aktivitet ved Nordfjord Sjukehus blir avvikla innan kort tid, og med det også behovet for anestesilege i vaktberedskap.

Akuttberedskapen på medisinsk avdeling vil da heller ikkje kunne haldast oppe. Avdelinga vil raskt bli ein mellomstasjon for pasientar som ventar på sjukeheimsplass, som ein del av eit distriktsmedisinsk senter, drive av fastlegar med eventuelt gjenverande indremedisinarar som konsulentar.

Nordfjord Sjukehus vil slik ikkje lenger kunne reknast som eit sjukehus. Institusjonen vil ikkje kunne ta på seg stabilisering av kritisk sjuke pasientar, drive operativ aktivitet eller skadestovepoliklinikk. Den indremedisinske poliklinikkaktiviteten vil også verte begrensa, då prosedyrar som kan gje komplikasjonar som kan trenge full akuttberedskap inklusive anestesilege, ikkje kan utførast ved institusjonen.

Legerådet ved Nordfjord Sjukehus er svært bekymra for konsekvensen av den utviklinga vi no ser. Når det operative ortopediske tilbodet og beredskap for operativ forløysing på fødeavdelinga forsvinn, vil den tryggleiken som sjukehuset har representert, bli sterkt svekka. Turnuslege-tenesta vil ikkje kunne godkjennast i ein slik institusjon, noko som vil verke negativt inn på rekruttering til primærhelsetenesta i Nordfjord., samt gjere det umogeleg å ha døgnkontinuerlig vakt for medisinske pasientar.

Vi er bekymra for at dei innsparingane som helseføretaket reknar med, ikkje er realistiske. Det viser seg ofte at innsparingane ved samanslåing av sjukehus ikkje blir som forventa. Førde Sentralsykehus må opprustast og byggjast ut for å overta dei funksjonane som no finst på lokalsjukehusa, og transportutgiftene vil auke, i tillegg til ein auke i pasientlekkasje til andre helseføretak. Risikoen er stor for at dei fieste spesialistane som arbeider ved Nordfjord Sjukehus, vil slutte i helseføretaket, og dette kompetansetapet vil det ta lang tid å erstatte.

Denne fråsegna vert no sendt til den politiske leiinga og Fylkeslegen som ei bekymringsmelding. Det skal ikkje vere noko tvil om at vi som har vårt daglege arbeid ved Nordfjord Sjukehus, både ved intern og ekstern påverknad mot administrasjon og sentrale tillitsvalde lenge forgjeves har forsøkt å påverke dei mange prosessane vi har hatt, for å unngå den utviklinga vi no dessverre ser realitetane av. Dersom det går som skissert, vil Nordfjord Sjukehus vere nedlagt innan kort tid.

Legerådet ved Nordfjord Sjukehus
060910
Berg Henrik, Dahlen Magnus, Heiddal Siggurdur, Humborstad Kristian, Jernbert Arne, Kløtz Rene, Kvist Henry, Larsson Bengt Erik, Pettersson Mats, Richter Arina, Santander Godofredo, Sek Leslaw m.fi, overleger.

• Fråsegna er m.a. lagt ut på Helse Vest sine sider, klikk her eller på overskrifta for å sjå originaldokumentet.

Styremøte i Helse Vest 6. oktober


Helse Vest har lagt ut styredokument til møtet 6. oktober 2010.

Møtet blir halde i Helse Vest RHF, Stavanger. Tida er sett av frå kl 08:30 - 16:00.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå styredokumenta til møtet

– Dagens turnustjeneste har livets rett


DAGENS MEDISIN 24-09-2010 – Turnustjenesten er minst like god som for tre år siden, sier foretakstillitsvalgt ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN).

– Evalueringen av turnustjenesten illustrerer hvor vanskelig det vil bli for mange sykehus å tiltrekke seg turnusleger hvis helseministeren gjør alvor av Helsedirektoratets trussel om å innføre søknadsbasert turnusfordeling i Norge, sier Jo-Endre Midtbu, foretakstillitsvalgt ved UNN HF til Dagens Medisin.

De beste til slutt
Det er Legeforeningens forskningsinstitutt har gjennomført den femte landsomfattende evalueringen av turnustjenesten på oppdrag fra Turnusrådet.

Midtbu påpeker at mange av de sykehusene som gjør det klart best i den nasjonale evalueringen blir valgt helt til slutt i det trekningsbaserte opptaket.
– Se for eksempel på velfungerende turnussteder som sykehusene i Sandnessjøen, Hammerfest og Nordfjordeid. Dette er de tre toppsykehusene som i evalueringen får en skår over 8 på skalaen fra 1–10, sier han.

Til Nordfjordeid?
– Likevel er det slik at i turnusvalget før turnusoppstart 15. februar 2011, som er gjennomført denne uken, har den første studenten som velger Hammerfest sykehus trekningsnummer 295, Sandnessjøen 388 og Nordfjordeid 422 – av 443 nummer.

Basert på den sene fordelingen ved dagens trekningssystem kan man spørre seg hvem som vil søke seg til Nordfjordeid i et søknadsbasert opptak, hvis de får søkere i det hele tatt? spør han.

Midtbu mener alle turnussteder er sikret like gode turnusleger slik ordningen fungerer i dag. – Disse resultatene bør være av interesse for sentrale myndigheter som nå behandler direktoratets forslag om å endre dagens turnustjeneste, sier han til Dagens Medisin.

• Les saken i Dagens Medisin ved å klikke her eller på overskriften

torsdag 30. september 2010

Årdal kommunestyre mot nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus









Frå Årdal kommune sine heimesider, uttale vedteke 30. september 2010:

Årdal kommunestyre går i mot ei nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukhus. Tilbodet til fødande må oppretthaldast på nivå med det ein har i dag.

1. I høyringsuttale til ”Helse Førde sin strategiplan 2010 – 2020” uttalte Årdal kommunestyre på møte 15.04.10 m.a. følgjande:
”Omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod vert av befolkninga sett på som det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt”.

2. Frå regjeringa si side er det slege fast at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og befolkninga skal sikrast nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.

”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde” står i motstrid til styringssgnal som er komne frå regjeringa. Nedlegging av fødetilbodet i Lærdal vil ikkje sikre dei fødande frå Årdal nærleik til tenestene.

3. Årdal kommunestyre meinar at fjerning av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus vil medføre ei så vesentleg endring av tenestetilbodet at ei eventuell avgjerd om dette må takast av sjukhuseigar – dvs. regjeringa.

4. Framlegg til ”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorga” legg til grunn at ”Helse Førde sin strategiplan 2010 – 2020” vert godkjend slik den ligg føre.

Årdal kommune meinar at det er særs uheldig at statlege helseforetak og staten som sjukehuseigar gjennomfører fleire parallelle prosessar.
· Ein strategiprosess (Helse Førde) som i det alt vesentlege er økonomisk motivert og som eventuelt vil kunne medføre endringar i akuttfunksjonar og fødetilbod.
· Ein planprosess for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde som delvis er fagleg og delvis økonomisk motivert.
· Om kort tid legg regjeringa fram Nasjonal helse- og omsorgsplan som i vesentleg grad vil fastlegge rammer, oppgåver og ansvar for dei kommunale helse- og omsorgstenestene i framtida
Slike parallelle prosessar set kommunane i ein særs vanskeleg situasjon.

5. I framlegg til ”Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde” omtalar Helse Førde Stortingsmelding 12(2008-2009) – ”En gledelig begivenhet”, men det vert ikkje gjort greie for Stortinget si handsaming av stortingsmeldinga (Innst. S. nr 240) og dermed heller ikkje for kva stortingsfleirtalet meinar. Dette er ein mangel ved planframlegget.
· Stortingskomiteen slær fast at fritt sjukehusval også skal gjelde for fødande. Dermed kan ikkje Helse Førde rekne som sikkert at fødande frå Årdal vil velje å føde ved Førde Sentralsjukehus etter ei eventuell nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.
· Stortinget har avgjort at jordmortenesta framleis skal vere eit kommunalt ansvar. Helse Førde har ikkje teke dette inn i framlegg til områdeplan.

6. Frå 01.01.10 har helseforetaka fått ansvar for følgjeteneste for gravide. I planframlegget heiter det (sitat): ”Kven som skal ha ansvaret for vaktberedskapen med kvalifisert jordmor er, slik gruppa forstår det, enno ikkje heilt avklara”. Årdal kommune meinar at når ansvar for følgjetenesta er lagt til helseforetaka, så må dette innebere at helseforetaka også skal ha ansvar for vaktberedskapen.

Følgjeteneste med kvalifisert personell (jordmor) må samordnast med den øvrige sjuketransporten / ambulansetenesta (Jamfør Innst. S. nr 240 punkt 2.4), men Helse Førde si utgreiing gjev ikkje svar på vesentlege spørsmål som:
a) Korleis skal følgjetenesta organiserast ?
b) Korleis sikrejordmødreifølgjetenesta?
c) Korleis sikre logistiske utfordringar med omsyn til ambulansebilar og personell ?

Årdal kommune meinar at dette må avklarast før det eventuelt vert gjort endringar i fødetenesta ved lokalsjukehus. Det er ikkje fullgodt at (sitat) ”dette må ein i Helse Førde sjå nærare på”.

I og med at Helse Førde ikkje gjev fullgode svar på spørsmål a – c, vert det heller ikkje gjeve eit godt nok svar på korleis tryggleiken til dei fødande og retten til følgjeteneste skal sikrast dersom fødetilbodet i Lærdal vert fjerna.

7. Helse- og omsorgskomiteen i Stortinget uttalar i Innst. S. nr. 240 følgjande: ”Komiteen er opptatt av å sikre en desentralisert og differensiert fødselsomsorg og mener fødestuer bidrar til dette” I innstillinga heiter det vidare at ein i planlegginga må ta omsyn til geografi, kommunikasjonstilhøve, struktur i lokal jordmorteneste og følgjeteneste.

Det er falitterklæring at ein i eit spreiddbygd fylke som Sogn og Fjordane ikkje ser seg i stand til å oppretthalde eit fødetilbod ved Lærdal sjukehus.

• Last ned saksdokumentet frå Årdal kommune sine heimesider ved å klikke her eller på overskrifta

Nordfjord-jordmor: – Vi leikar ikkje sjukehus


FJORDABLADET – Vi må enten ha ei fullverdig fødeavdeling, eller ingenting. Vi leikar ikkje sjukehus, seier overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus. Ho har vore med i fagekspertgruppa som no vil sende alle fødande frå Nordfjord til Førde.

Linda Grotle Hauge har heile tida vore klar på at ho ikkje ser på ei jordmorstyrt fødestove som eit aktuelt alternativ dersom fødeavdelinga på Nordfjordeid vert lagt ned.
– For meg er jordmorstyrt fødestove ein modell som passar inn i sentrale strok i nær tilknyting til fødeavdeling/kvinneklinikk.

Faggruppa sitt mandat var å vurdere tre ulike modellar. I alle desse modellvala var fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus nedlagd eller omgjort til jordmorstyrt fødestove. Ein har lagt til grunn nasjonale, regionale og lokale føringar for arbeidet, seier Linda Grotle Hauge.

Overjordmora forstår at somme har problem med å forstå korleis ho kan setje namnet sitt under ein rapport som tilrår at alle fødande frå Nordfjord skal til Førde.

– Ville det ikkje heller vere betre å sende dei til Volda, dersom fødeavdelinga der vert oppretthalden?
– Vi i gruppa har halde oss strengt til det mandatet vi fekk. Der låg det ikkje inne vidareføring av dagens fødeavdeling på Nordfjordeid, og Volda var heller ikkje eit alternativ. Dersom ein ser bort frå føretaksgrensa, ville ei felles fødeavdeling med Volda, vere eit betre alternativ for mange av dei fødande frå Nordfjord, enn å måtte reise heilt til Førde, meiner jordmora.

I dag vert det fødd kring 300 babyar årleg ved Nordfjord sjukehus og 4-500 i Volda. Til samanlikning er det i dag om lag 800 fødslar i Førde. Nordfjord og Søre Sunnmøre ville til saman ha nok fødslar til å kunne forsvare firdelt skift av gynekologar.

Umogeleg å rekruttere
I beskrivinga av fødeavdelinga på Nordfjordeid er det nettopp problem med å skaffe gynekologar som vert sett på som den største utfordringa. Begge dei tilsette overlegane ved Nordfjord sjukehus er over 60 år. Fagekspertgruppa skriv i sin uttale at innanfor fagområdet er det tilnærma umogeleg å rekruttere nye, faste overlegar til dagens vaktordning, som inneber samanhengande vakt i 168 timar. I sjukdomsperiodar er drifta utsett, og ein har i løpet av det siste året hatt fleire periodar med stenging.

På direkte spørsmål til Linda Grotle Hauge om korleis ho ser på mogelegheitene for rekruttering av gynekologar til Nordfjord sjukehus, er svaret vi får:
– Det meste handlar om pengar. Du kan kjøpe det du vil. Men vi kan uansett ikkje sjå vekk frå krava om bemanning som kjem til fødeavdelingane.
–Det skal vere firedelt vakt for gynekologane og det set krav om 4-6 legar. Vidare vert det også stilt krav om at det skal vere to jordmødrer tilstades ved alle fødslar. Dette vil krevje ei auka bemanning, og eg må vere ærleg nok til å seie at våre fødselstal er så små at det ikkje er jobb nok til alle.

Fornuftige løysingar
Linda Grotle Hauge opplever det slik at det er få politikarar som tør å seie det som dei verkeleg meiner. Politikarane er bundne av partia sine synspunkt, i staden for å jobbe for det som er fornuftige løysingar lokalt.
– Eg synest det ville vere ille om dette skulle ende opp med at det korkje er fødeavdeling i Nordfjord eller i Volda. Til saman er det snakk om lag 700 fødande. For nordfjordingane ville det vere betre å få reise til Volda.
– Eg forstår veldig godt frustrasjonen og fortvilinga i Nordfjord. Då strategiprosessen starta, så var det i dokumentet skrive at «kvinnene i Nordfjord og kvinnene sør for Sognefjorden kan velje å føde på sjukehuset i Volda, på Voss sjukehus eller på Haukeland universitetsklinikk.» Det vart også skrive eit eige dokument om samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde. Ein rekna då med at kvinnene nord for Nordfjorden kunne velje å reise nordover for å føde. Dette alternativet synes no å vere heilt borte, seier Linda Grotle Hauge. Ho stiller spørsmål om ikkje tida no er inne for å vurdere eit samarbeid med sunnmøringane for å få til ei felles fødeavdeling før alt er tapt.

Uttale frå Helse Førde om plan for fødetilbodet skal vidare som innspel til Helse Vest sin regionale plan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorga.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 29. september 2010

Styremøte i Helse Førde 30. september 2010


Styremøte 30.09.2010
Møtestart klokka 10.30 på møterom 4, Førde sentralsjukehus 2. etasje.

Sakene til styremøtet:

Saksliste HF 30 sept 2010
Skriv og meldingar til 30 sept 2010
Styreprotokoll HF 27 08 2010
Styresak 054-10 O Ad si orientering 30 sept 2010
Styresak 055-10 A Rapportering fra verksemda per august 2010
Styresak 056-10 O Orientering - status UPH
Styresak 056-10 O Vedlegg 1
Styresak 057-10 A Risikostyring - rapportering 2 tertial 2010
Verksemdsrapport KIR august 2010
Verksemdsrapport MED august 2010
Verksemdsrapport PHV august 2010
Verksemdsrapport Stab august 2010

• Klikk her eller på overskrifta for å hente styresakene frå Helse Førde sine sider

– Eit reint bestillingsverk


FJORDABLADET – Faggruppa si tilråding er eit reint bestillingsverk for å rettferdiggjere reint fagleg dei endringane som dei har tenkt å gjere. Det er Frp-politikar Lars-Svein Drabløs si analyse av det som no skjer i form av planarbeid for framtidig svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg i Helse Førde.

– Dersom dei planlagde endringane vert gjennomført, vil det vere det mest vellukka sentraliseringsprosjektet som nokon gong er gjennomført i Sogn og Fjordane. Og skadeverknadene vil bli store. Helse betyr mykje for folk. Det vil bli vanskeleg å rekruttere unge folk til Nordfjord og Sogn, seier Drabløs. Han peikar på at det er det same som er i ferd med å skje også i resten av landet. Dei store spesialistgruppene er med politikarane si velsigning i ferd med å gjennomføre eit storstilt sentraliseringsprosjekt innan spesialisthelsetenesta.


Sentral standard
Drabløs viser til at samstundes som pengesekken vert krympa ved dei småsjukehusa, gjev statsminister Jens Stoltenberg 700 millionar kroner til Haukeland og omtalar Anne-Grete Strøm-Erichsen som verdens beste helseminister, ein karakteristikk som han tviler på om så mange i Nordfjord og Sogn er samde i.
– Det som kan redde situasjonen for fødeavdeling og akuttberedskap, er om det vert sett ein standard frå sentrale myndigheiter for korleis dette skal vere. Då må Helse Vest og Helse Førde prioritere i forhold til dette. Dersom ministeren forlangar at fødeavdelingane skal oppretthaldast, så må Helse Førde og Helse Vest forhalde seg til det.

Frp-politikaren meiner at det er eit stort paradoks at det vert sagt at faglege krav til fødselsomsorga skal styrkast.
– Strengare kvalitetskrav heng ikkje saman med nedgradering frå fødeavdeling til fødestove. Fødestove er ei politisk kvasiløysing, seier Drabløs.


Skal styrkje Førde
Slik Drabløs har oppfattar saka, har planen ei einaste målsetjing, nemleg å sende dei fødande frå Nordfjord og Sogn inn til Førde for at dei skal kunne oppretthalde statusen som kvinneklinikk.

– Problemet både for Førde og fylket med ein slik politikk, er at folketalet kjem til å gå ned, noko som står i sterk kontrast til den målsetjinga som fylket har om å auke folketalet. Det er tragisk at fylkespolitikarane ikkje klarer å samle seg og innsjå at eit desentralisert føde- og akuttilbod er heilt nødvending for at ein skal kunne ta heile fylket i bruk, seier Drabløs. Han meiner at sentralisering av spesialisthelsetenesta og nedbygging av fylket, er to sider av same sak.

– Det einaste som kan stoppe nedlegginga er massivt politisk press frå partia i Sogn og Fjordane overfor helseministeren. Eg håper at dei partia som vaklar vil innsjå kva som kjem til å skje ved neste val dersom dei ikkje mannar seg opp og seier at nok er nok, seier Lars-Svein Drabløs.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ønskjer fødeinnspel


SOGN AVIS Faggruppa som vurderer fødetilbodet i fylket, går inn for å samla fødetilbodet i ein kvinneklinikk i Førde. 12. oktober er det eit endeleg møte i styringsgruppa.

Marta Finden Halset er Sogn Regionråd sin representant i styringsgruppa. Ho ber no om tilbakemelding på forslaget, som ho vil ta med seg tilbake til styringsgruppa.
– Eg har ikkje teke stilling til nokre av modellane. Eg sit som representant for Sogn Regionråd, og eg følgjer dei tilbakemeldingane eg får frå kommunane. Så eg vonar kommunane no vil drøfta dette og gje tilbakemelding.

Skeptisk
Lærdalsordførar Arne Sanden seier framlegget om å leggja ned i Lærdal er dramatisk.
– Men det er ikkje uventa ut frå dei føringane som ligg i strategidokumentet.

Sanden har tidlegare sagt seg villig til å ofra fødestova til fordel for ei ortopediavdeling ved sjukehuset.
– Ja, eg har sagt litt om kva eg såg på som viktig og mindre viktig ved sjukehuset. Då kom fødestova inn under den siste kategorien. Men eg vil ikkje som ordførar i Lærdal applaudera det som her kjem fram i dokumentet. Me har sett dei utfordringane som har vore omtala i samband med ei eventuell nedlegging av fødestova. Ikkje minst frå sjukehusaksjonen og fødande i regionen. Så ei nedlegging er ikkje noko god sak, verken for Lærdal eller dei andre kommunane i regionen. Me vil mista eit veldig viktig helsetilbod, dersom det går slik strategidokumentet legg opp til. Mykje kan tyda på det, sidan faggruppa konkluderer klårt og tydeleg.

Til kommunestyret

Sanden seier saka vil liggja på kommunestyrerepresentantane sitt bord til møtet 6. oktober.
– Me må gje ein uttale på dette, det er eg rimeleg trygg på.

Ordføraren legg til at ei nedlegging av fødetilbodet også vil få økonomiske konsekvensar for kommunen.
– Dette vil ha ein del å seia både for følgjetenesta og jordmortenesta. Du treng ikkje vera ekspert for å skjøna at me får ein del ekstra kostnader for å kunne gje eit heilskapleg tilbod på dette området. Så dette vil bli eit nytt døme på at kommunen blir påført ekstra kostnader frå staten si side utan at det følgjer med ekstra kroner.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Blir skulda for faktafeil


NRK SOGN OG FJORDANE Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus brukar faktafeil i sin argumentasjon for å redde fødetilbodet i Lærdal, meiner overlege.

Det er Tom Gulhav, overlege ved Kvinneklinikken i Helse Førde, som skuldar Øien Hauge for bruk av faktafeil. Gulhav er med i faggruppa som har vurdert fødetilbodet i fylket.

Dei vil fjerne fødetilbodet i Lærdal og Eid, noko Øien Hauge har kalla fagleg uforsvarleg. Men Gulhav på si side meiner dette er tull.

Kranglar om kva som er forsvarleg
– Det går ikkje an å meine at det skal vere farleg for kvinner med låg risiko i graviditeten å reise til Førde, når dei med høgare risiko per i dag allereie gjer det, uansett om dei bur i Selje eller Øvre Årdal, seier Gulhav til NRK.no.

Måndag vart det klart at faggruppa i Helse Førde vil fjerne fødetilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus sa då til NRK at dette var fagleg uforsvarleg, og viste til at beredskapen ved lokalsjukehusa fleire gonger har redda liv.

– Eg forstår ikkje at det går an å hevde at det er fagleg forsvarleg å legge ned dei to tilboda utifrå hensynet til dei fødande, seier Øien Hauge.

– Det vil vere jordmor på vakt
Gulhav meiner på si side at Øien Hauge ikkje har sett seg godt nok inn i det framtidige tilbodet. Han viser mellom anna til at såkalla einingar for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar vil komme i både Lærdal og på i Eid.

– Der vil det vere jordmødre i døgnvakt og som har bakvakt slik at kvinnene som er i fødsel skal ha følgje av jordmor til Førde. Einaste skilnaden frå før er at fødselen ikkje føregår på lokalsjukehuset, seier Gulhav.

Han meiner vidare at Øien Hauge spelar mykje på følelsar og dramatikk og seier ho på den måten kan skremme gravide kvinner til å tru at det framtidige tilbodet er dårleg. Dette avviser Øien Hauge på det sterkaste:

– Eg synst ikkje eg snakkar mykje om følelsar og dramatikk. Det er ikkje eg som skremmer dei fødande. Det er Helse Førde som gjer det når dei aukar reisevegen. Det er Helse Førde som sentraliserer fødslar, og med det er det dei som skremmer dei gravide.

• Les saka - og høyr lydsporet - på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Alle fødande skal til Førde


FJORDABLADET Alle kvinnene i Nordfjord skal i framtida føde på sjukehuset i Førde. I tillegg skal det vere ei eining for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar i Eid og Lærdal som inkluderer ei naudfødestove. Dette er tilrådinga frå ei fagekspertgruppe i Helse Førde.

Faggruppa har vurdert fødestover i Lærdal og Nordfjordeid, men meiner at eit slikt tilbod ikkje er fagleg godt nok. Ved at alle reiser til Førde, vil alle kvinnene i Sogn og Fjordane få eit mest mogeleg einsarta tilbod.

Ekspertgruppa vart bedne om å vurdere tre ulike alternativ, der ingen av dei innebar vidareføring av dagens fødeavdelingar på Nordfjordeid og i Lærdal.

Einingane som er tilrådde oppretta på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus skal ha ei vaktordning med jordmødre som tilstadesvakt på lokalsjukehusa, også organisert med bakvakt.

Kvinner med lang veg kan bli lagt inn lokalt i påvente av fødsel og bli flytta tilbake til lokalsjukehusa etter fødsel i Førde. Eininga skal såleis kunne fungere som barselhotell/barselopphald.

Naudfødestovene skal vere eit alternativ som kan nyttast av kvinner med så raskt fødselsforløp at dei ikkje når fram til Førde. Her vil dei få hjelp av jordmor. Ho opplyste også om at det berre var sju transportfødslar i Sogn og Fjordane i 2009.

- Det vil bli eit betre tilbod enn å føde på ein parkeringsplass. På dagtid kan ein vere så heldig at der også er gynekolog på lokalsjukehusa, sa Tove Hovland frå Helse Førde då ho orienterte om saka i Nordfjordrådet i dag.

På lokalsjukehusa kan dei nyfødde mellom anna få teke blodprøver og høyrselstest.

Barnelegar og gynekologar skal ambulere frå Førde, og det vil vere mogeleg for risikosvangerskap å få gå til kontrollar på lokalsjukehusa. Dette vil ifølgje Hovland innebere ei kvalitetsheving for risikogravide, som i dag er hensviste til å reise til Førde.

Det vert også lagt opp til at jordmødrene som blir stasjonerte på Nordfjordeid og i Lærdal periodevis skal jobbe på sjukehuset i Førde.

Ein ser også føre seg at einingane på lokalsjukehusa skal kunne tilby sal av jordmortenester til kommunane.

Styringsgruppa i Helse Førde skal ta stilling til tilrådinga frå fagekspertgruppa 12. oktober

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 23. september 2010

NRK-kommentar: Er Øvsthus rett kvinne som pasientombod?


NRK SOGN OG FJORDANE Har Anne Ma Øvsthus nok distanse til leiinga i Helse Førde for å kunne gjere ein god jobb som pasientombod i Sogn og Fjordane?

Kommentar av Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane

Fagleg sett er det ingen tvil om at Anne Ma Øvsthus er kvalifisert til å vikariere i eit år som pasientombod i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna sjukepleiar, har jobba i helsevesenet i ei årrekkje og har også vore direktør i Helse Førde i mange år.

Øvsthus er internt i Helse Førde kjent som ein effektiv bulldosar, men slett ikkje like effektiv diplomat. Slik sett har ho også personlege eigenskap for å kunne ivareta behova til pasientane og brukarane av helsetenesta i fylket.

For kort tid
Frå 2003 til 2009 har pasientombodet i fylket hatt 1621 førespurnader. 74 personar meinte i 2009 at dei hadde blitt påført skade som følgje av uheldig behandling ved eit av sjukehusa i Sogn og Fjordane. Førde sentralsjukehus behandlar flest pasientar og får naturleg nok dei fleste klagene.

Anne Ma Øvsthus får no ansvaret for å hjelpe pasientar som meiner seg urettsvis behandla vidare i systemet. Ho skal basere seg på pasientane sine erfaringar. Ho skal lytte.

Mindre enn eit år etter at ho gjekk av som direktør for kirugisk klinikk i Helse Førde skal ho no inn i ein heilt ny rolle, på motsett side av bordet.

Det er for kort tid.

Varm forsvarar av Bolstad
Men dette er ikkje hovudankepunktet mot Øvsthus som pasientombod. Det nye pasientombodet har tidlegare markert seg sterkt som ein ekstremt lojal tilhengar av direktør Jon Bolstad. Vi såg det seinast då Jon Bolstad fekk sterk kritikk for leiarstilen sin frå eigne tilsette og fleire pasientar.

Då gjekk ho på bana som ein varm forsvarar av Bolstad, og ein streng refsar av kritikarane. Kritikarar som uttrykte kjensler, meinte seg dårleg behandla av leiinga.

Frå utsida av Helse Førde, i sin nye jobb i Bergen kommune, feia Øvsthus kritikken av bana, ukritisk og slett ikkje lyttande, slik eit ombod må vere.

Ho raljerte med kritikarane av Bolstad, særleg dei med bustadadresse Nordfjord, og avslutta lesarinnlegget sitt i Firda fredag 5. mars 2010 slik:
«Stå på Jon, det er mange som vil deg vel!» Ho la til at ho beundra Bolstad.

Tette band
Sjølvsagt skal Anne Ma Øvsthus få lov til å motbevise skepsisen. Men mange år i leiinga gjer at Øvsthus har tette band til fleire i toppleiinga i Helse Førde, og då er det all grunn til å vere skeptisk til om ho har den nødvendige avstand til leiinga i Helse Førde som eit pasientombod må ha:

Kan pasientane vere trygge på at dei får den hjelp dei skal ha når dei tek kontakt med det nye pasientombodet?
Vil pasientar uansett kvar dei bur i fylket bli høyrte, eller er det slik som Øvsthus sa til Firda 6. mars: «I våre dagar er det ingen som bur langt frå Førde»?
Ho la ikkje skjul på at ho gjekk av som direktør fordi «bevarte avdelingar» ikkje vart lagde ned, med klar adresse til lokalsjukehusa.

No skal ho som pasientombod ta vare på pasientar som meiner dei er eller blir råka av innsparingar i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane, og som er kritiske til vedtak som leiinga i Helse Førde med Øvsthus som ein av direktøren tidlegare har gjort.

• Les kommentaren på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ber politikarane legge ned verva sine


NRK SOGN OG FJORDANE – Det brenn eit blått lys for Nordfjord sjukehus. Brannen vert kraftigare for kvar dag, skriv Svein Hansen og Knut Leirgulen i opprop.

Leiarane i Sjukehusaksjonen ber kommunestyra i Nordfjord, Nordfjordrådet, partigrupper og lokallaga vurdere å legge ned sine politiske verv og melde seg ut.

Krev sterkare lut
– Tida for alle delegasjonsreiser til Oslo og utsending av A4-ark må no snart vere over. Alle har forstått at det ikkje fører fram. Sterkare lut må til! Vurder å legg ned dykkar politiske verv og lokallag og meld dykk ut!, skriv Hansen og Leirgulen.

Dei meiner dette er den einaste utvegen for å få regjeringa til å stoppe Helse Førde si nedlegging av Nordfjord sjukehus.

Gjer som politikarane i Hardanger
Vidare skriv dei at Helse Førde dei siste åra har amputert så mykje av sjukehusfunksjonane at det no berre er eit tidsspørsmål før sjukehuset er historie.

Aksjonistane meiner det er særleg viktig at politikarane frå regjeringspartia går i spissen. Dei viser til korleis politikarane i Hardanger har handla i kraftlinesaka, der dei har lagt ned politiske verv og såleis fekk regjeringa til å reagere.

– Politikarar: Vis nordfjordingane at de er modige og i praksis kan vise at de set folket sine interesser føre dykkar eigne politiske ambisjonar, avsluttar Hansen og Leirgulen.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med verken Svein Hansen eller Knut Leirgulen i dag.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Tidligere leder i Vågsøy Arbeiderparti har meldt seg ut: Stoler ikke lenger på eget parti


FJORDENES TIDENDE Tidligere leder i Vågsøy Ap, Inger Johanne Rimstad Heikkinen, kan ikke lenger være medlem i partiet.

Inger Johanne Rimstad Heikkinen vil ikke lenger vere medlem av Arbeiderpartiet og representere dette i styrer, råd og utvalg Vågsøy.

Hun har tidligere vært leder av Vågsøy Arbeiderparti i et år.

- Det er rett at det er helsepolitiske grunner til at jeg ikke lenger kan være medlem av Arbeiderpartiet. Grunnen er rett og slett det sviket som sentrale fylkespolitikere fra Arbeiderpartiet har fått lov å gjøre mot lokalsykehusene, sier Rimstad Heikkinen.

Hun forteller at hun sende sms til Vågsøy Ap sine representanter som var med på Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte den 5. mars om at hun kom til å melde seg ut av partiet om årsmøtet gikk inn for å legge ned lokalsykehusene i Sogn og Fjordane.

• Les saken i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskriften

onsdag 22. september 2010

Nytt ombod skaper reaksjonar


NRK SOGN OG FJORDANE Tidlegare Helse Førde-topp Anne Margrethe Øvsthus blir nytt pasientombod i Sogn og Fjordane. Tilsetjinga blir møtt med skepsis hos sjukehusaksjonist.

– Eg gler meg veldig. Fokuset no er å hjelpe dei som har behov for hjelp i helsevesenet både i høve til hjelpetid, opplevingar ein har og i høve til lov å pasientrettigheiter. Det er det eg skal ha fokus på, seier Øvsthus til NRK.

Men tilsetjinga vekkjer ikkje like stor begeistring hos leiaren i sjukehusaksjonen Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge.

Har forsvart Bolstad
Inntil for eitt år sidan var Anne Margrethe Øvsthus klinikkdirektør i Helse Førde. Ho har etter ho slutta også skrive lesarinlegg i avisene med støtte til Helse Førde-direktør Jon Bolstad, då det storma som verst rund han og hans leiarstil. Hauge stiller spørsmål ved kor uavhengig det nytilsette pasientombodet er.
– Eg synest det blir veldig underleg. Eg trur det blir veldig vanskeleg for folk å gå til ein person som har så sterke bindingar til sentralsjukehuset gjennom ei leiarrolle, og så skulle sjå på henne som eit ombod, seier Hauge.

– Eg har ingen bindingar
Sjølv meiner Øvsthus det ikkje kjem til å bli noko problem når ho no skal kikke sin tidlegare arbeidsgjevar og kollegaer i korta.
– Eg held meg til dei stillingane eg har i den aktuelle situasjonen eg er oppe i. Eg har ingen bindingar til tidlegare arbeidsgjevarar. Eg trur ikkje det skal bli noko problem, seier Øvsthus.

Tvilar ikkje på kvalifikasjonane, men...
Bente Øien Hauge er likevel skeptisk.
– Det er ikkje kvalifikasjonane og erfaringen som er problemet. Problemet er om ein kan sjå på henne som eit uavhengig ombod når ho har tre tiårs tilknyting til sentralsjukehuset og nesten ein tredel av dette som direktør, seier sjukehusaksjonisten.

Stillinga som pasientombod er eit årsvikariat for noverande ombod Ove Mjåtveit.

• Les saka hjå NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta