onsdag 29. september 2010

Ønskjer fødeinnspel


SOGN AVIS Faggruppa som vurderer fødetilbodet i fylket, går inn for å samla fødetilbodet i ein kvinneklinikk i Førde. 12. oktober er det eit endeleg møte i styringsgruppa.

Marta Finden Halset er Sogn Regionråd sin representant i styringsgruppa. Ho ber no om tilbakemelding på forslaget, som ho vil ta med seg tilbake til styringsgruppa.
– Eg har ikkje teke stilling til nokre av modellane. Eg sit som representant for Sogn Regionråd, og eg følgjer dei tilbakemeldingane eg får frå kommunane. Så eg vonar kommunane no vil drøfta dette og gje tilbakemelding.

Skeptisk
Lærdalsordførar Arne Sanden seier framlegget om å leggja ned i Lærdal er dramatisk.
– Men det er ikkje uventa ut frå dei føringane som ligg i strategidokumentet.

Sanden har tidlegare sagt seg villig til å ofra fødestova til fordel for ei ortopediavdeling ved sjukehuset.
– Ja, eg har sagt litt om kva eg såg på som viktig og mindre viktig ved sjukehuset. Då kom fødestova inn under den siste kategorien. Men eg vil ikkje som ordførar i Lærdal applaudera det som her kjem fram i dokumentet. Me har sett dei utfordringane som har vore omtala i samband med ei eventuell nedlegging av fødestova. Ikkje minst frå sjukehusaksjonen og fødande i regionen. Så ei nedlegging er ikkje noko god sak, verken for Lærdal eller dei andre kommunane i regionen. Me vil mista eit veldig viktig helsetilbod, dersom det går slik strategidokumentet legg opp til. Mykje kan tyda på det, sidan faggruppa konkluderer klårt og tydeleg.

Til kommunestyret

Sanden seier saka vil liggja på kommunestyrerepresentantane sitt bord til møtet 6. oktober.
– Me må gje ein uttale på dette, det er eg rimeleg trygg på.

Ordføraren legg til at ei nedlegging av fødetilbodet også vil få økonomiske konsekvensar for kommunen.
– Dette vil ha ein del å seia både for følgjetenesta og jordmortenesta. Du treng ikkje vera ekspert for å skjøna at me får ein del ekstra kostnader for å kunne gje eit heilskapleg tilbod på dette området. Så dette vil bli eit nytt døme på at kommunen blir påført ekstra kostnader frå staten si side utan at det følgjer med ekstra kroner.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar