Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har sendt spørreskjema til 24 000 pasientar som var innlagde på somatiske sjukehus i september, oktober og november i fjor. Lærdal sjukehus sitt resultat ligg langt over landsgjennomsnittet på alle seks område og er best på Vestlandet!
Pasientane har svart på korleis dei vurderar legane, pleia, informasjon om prøvar, standarden på sjukehuset, måten pårørande vert møtt på og organiseringa på sjukehuset.
Resultata for Lærdal sjukehus (med landsgjennomsnitt i parentes):
Legar 82,8 (75,0)
Pleie 84,1 (78,0)
Informasjon om prøvar 76,2 (67,0)
Standard 77,5 (71,0)
Måten pårørande vart møtt på 82,4 (74,0)
Organisering 74,9 (63,0)
Sogn Avis skriv: "På spørsmål som gjeld informasjon om prøver, undersøkingar og resultat av desse får lokalsjukehuset i Indre Sogn høgast skår av alle sjukehus i landet. Legane ved sjukehuset blir berre overgått av kollegaene på Feiringklinikken på evne til å snakka forståeleg, det å ha omsorg og å vera fagleg dyktige. Også innanfor dei andre felta får sjukehuset svært gode skussmål frå pasientane."
Dette er berre å ta av seg hatten for! Flott jobba av dei tilsette ved sjukehuset! Aksjonen har levert blomster i resepsjonen på sjukehuset i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar