torsdag 6. september 2007

SV vil ha omkamp om sjukehusreforma

I Sogn Avis (SA 6. september, s. 17) seier SV sin representant i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Inga Marte Thorkildsen, at SV ynskjer omkamp om helsereforma. Sv vil gjera omkamp om helsereforma til ei av sine viktigaste valkampsaker framføre neste stortingsval.

Inga Marte Thorkildsen var deltakar og sat i panelet under konferansen i Oslo der den alternative evalueringa av helseforetaksreformen vart presentert.

"Me må sjå på dette på ny, delse fordi systemet i dag underminerer lokalsjukehusfunksjonar. Føretaksmodellen har også gjort sjukehusa til ein næringaktør og pasientane til kundar. Dette gjer at sjukehusa er nøydde til å tenkja lønsmed og prioritera pasientar som gjev størst inntekter. Det er ikkje sikkert at det er dei same pasientane som me som samfunn skal prioritera. Her kan me også koma i situasjonar som helsepersonell vil oppleva som uetisk."

Thorkildsen seier det er sjukehuset si oppgåve å hjelpa folk, ikkje å tena mest mogleg pengar. "- Me må få ei heilskapstenking i systemet som me ikkje har i dag."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar