Helse Førde-styret diskuterte på forrige styremøte behovet for eit dialogmøte med aksjonsgruppene i Sogn og Fjordane. På bakgrunn av diskusjonen inviterer dei no aksjonsgruppene til eit møte på sentralsjukehuset torsdag 27. september.
Helse Førde ynskjer å setje fokus på
- utviklinga i spesialisthelsetenesta dei fem siste åra,
- felles akuttmottak, legevakt og akuttmedisinske team samt
- utfordringar for helseforetaket.
Invitasjonsbrev er sendt til:
Forsvar Lærdal sjukehus v/Bente Øien Hauge,
Aksjonsgruppa for Nordfjord sjukehus v/Svein Hansen og
Aksjonsgruppa for eit godt helsetilbod i Sogn og Fjordane v/Ingrid Astor.
Helse Førde ber om at me på førehand varslar om kva problemstillingar me er mest interessert i å diskutere.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar