onsdag 20. august 2008

Helse Førde: Lukka ortopedimøte


FJORDABLADET Møtet mellom Nordfjordrådet og Helse Førde om sentraliseringa av akutt ortopedisk beredskap vert halde for lukka dører.

Møtet mellom Nordfjordrådet og leiinga i Helse Førde vert ikkje ope for pressa. Nordfjordrådet bad for ei tid tilbake om eit oppklaringsmøte med Helse Førde for å få avklara ein del uklare sider ved det siste ortopedivedtaket.
Møtet vert halde på Sentralsjukehuset i Førde torsdag (21. august), klokka 15.00.

På spørsmål frå Fjordabladet om møtet vil vere ope for pressa er svaret frå informasjonsavdelinga i Helse Førde at ein definerer møtet som eit internt møte, der Helse Førde ønskjer å informere Nordfjordrådet om dei ulike sidene ved det mykje omtala vedtaket om å sentralisere all ortopedisk akuttberedskap som har trong for operasjonsteam.

Leiar i Nordfjordrådet, Sonja Edvardsen, vil ikkje kommentere ope eller lukka møte ut over at ho er tilhengar av opne møter. Etter det Fjordabladet kjenner til har leiaren i Nordfjordrådet invitert kommunelege Einar Sandven til å vere med på møte.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar