fredag 22. august 2008

Helse Førde: Må spare inn 70 mill. andre halvår 2008


FIRDA.NO: Helse Førde ligg an til millionsprekk.

Ifølgje årsprognosen til Helse Førde ligg føretaket an til ein sprekk på 54 millionar kroner i 2008, trass positivt juliresultat. Då gav resultatet eit positivt resultat på 1,3 millionar kroner i forhold til budsjettet.

Framleis store utfordringar
Rapporten seier at juliresultatet ikkje endrar risikoen og utfordringane helseføretaket må handtere. dei ligg framleis an til millionsprekk.
Avviksrisikoen er størst innanfor klinikkane kirurgisk og medisinsk. Der har føretaket utfordringar både med omsyn til lønn og aktivitet.
Klinikkane er i gang med tiltak som skal redusere risikoen for avvik, men det vert framleis ein utfordring å realisere desse og få effekt av dei på den korte tida som er att av 2008.

Må spare 70 millionar
Ifølgje rapporten, har Helse Førde klart å spare inn kring 30 millionar kroner av ein tiltakspakke på om lag 105 mill, som vart vedteke i budsjettet. No må helseføretaket gå i gang med den krevjande oppgåva å spare inn ytterlegare 70 millionar kroner i andre halvår 2008, står der i dokumentet.

• Les heile saka på firda.no ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar