tirsdag 31. mars 2009

Kvifor har direktørane og styret forsømt seg?


PORTEN Ordførar Arne Sanden med ope brev til styreleiar Clara Øberg

I samband med dei siste budsjettkutta i Helse Førde, skal OVOP avdelinga ved Lærdal Sjukehus leggjast ned og tenestene ved avdelinga skal delast opp. Medisinsk overvaking skal inn på eit rom på medisinsk avdeling og avdeling for akuttmedisin skal overta overvakinga av dei opererte pasientane. OVOP har i dag 12, 2 sjukepleiarstillingar og eit samla budsjett på ca. 10 mill kroner. Ved å leggje ned OVOP avdelinga og leggje tenestene inn under andre avdelingar, meiner direktørane og styret at ein skal spare 5 mill kroner på årsbasis, men framleis levere like gode tenester til innbyggjarane i Sogn.

Nær sagt frå fyrste dag etter at helseforetaket vart etablert, har ein hatt problem med budsjetta og kuttframlegga i tenestene har nær sagt hagla over innbyggjarane i fjordfylket i åra etter. Engasjementet kring helsetilboda våre er stort og framlegga til løysingar har vore mange. Dei mest ivrige i denne debatten, som normalt er kloke folk, har til og med kome med løysingar som går på at ein skal redusere helsetilbodet i ein del av fjordfylket, for at ein skal kunne oppretthalde eller betre tilbodet i ein annan del. Utenkjelege løysingar kan du vita, for oss som representerar eit parti som har programfesta like gode helsetilbod til alle og der nærleik til tenesta er avgjerande viktig. Dette er både grunnleggjande og avgjerande for at me skal få folk til å busetje seg i alle små bygder etter fjordane våre.

OVOP i Lærdal er, og har vore ein tryggleiksbase for innbyggjarane i Sogn, og er ein viktig del av akuttberedskapen ved sjukehuset. Eg trur at alle forstår, inkludert direktørar og styremedlemar, at helse og omsorgsarbeid i stor grad er knytt til personalressursar og kunnskapane som desse har. Med det som bakgrunn; korleis skal tenestene verte like gode og like trygge når budsjettet til tenesta skal halverast og tal tilsette skal halverast ? Til orientering går det med snaut 5,5 stillingar, for å ha 1 person på vakt gjennom døgnet i eit år.

Og viss dette grepet er enkelt; kvifor har ikkje direktørane og styret gjennomført endringa for fleire år attende ? Ein kunne jo ha spart nærare 5 mill kroner over fleire år og dermed redusert budsjettunderskota ! Er samanhengen slik , har både direktørane og styret forsømt seg, og gode styreleiar, eg spør kvifor ??

Eg registrerar elles at det er medisinsk klinikk som får ei innsparing, medan oppvakingstenesta ikkje er omtala. Dei ekstra kostnadane som avdeling for akuttmedisin får med denne tenesta etter omlegginga, er ikkje omtala budsjettdokumentet. Betyr det at direktørane og styret ikkje påreknar ekstra kostnader ved denne tenesta etter omlegginga ? Eller skal alt likevel overførast til Førde, slik NRK melde i sine nyhendesendingar måndag ettermiddag ?

Arne Sanden - Ordførar i Lærdal

• Les brevet på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar