PORTEN Regionrådet ser med stor uro på HF administrasjonen sine kuttframlegg. Desse vert fredag lagt fram for styret i samband med saldering av budsjettet for 2009.
-Det er framlegget om endringar i ambulansetenesta i Luster, permanent nedlegging av ambulanseberedskapen i Aurland og endringane ved overvakingsavdelinga ved Lærdal Sjukehus som gir grunnlag for uroa. Endringane i ambulansetenesta vil gje færre bilar i aktiv teneste, lengre responstid og etter vår vurdering ei dårlegare teneste for innbyggjarane i Sogn.Det er helseforetaket si plikt å syte for ei god og tenleg ambulanseteneste for innbyggjarar i alle kommunar i fylket. Sogn Regionråd forventar at helseforetaket oppfyller denne plikta slik at innbyggjarane i alle sognekommunane kan vere trygge på at dei vert tekne hand om på beste vis ved behov, skriv ordførarane Arne Sanden, Jarle Aarvoll og Torodd Urnes i helsegruppa Sogn Regionråd.
Ytterlegare svekking
Rådet ser og med stor uro på endringane som det er gjort framlegg om ved Lærdal Sjukehus. Omlegging av den 10 år gamle overvakingsavdelinga ved sjukehuset betyr ei ytterlegare svekking av akuttberedskapen for innbyggjarane i Sogn. Omlegging av OVOP betyr at overvakinga av medisinske pasientar skal inn på eit rom ved medisinsk avdeling og at oppvakninga etter operasjonar skal takast hand om av akuttmedisinsk avdeling. Dette er løysingar som vart nytta på 1970 og 80 talet. Vi er usikre på om dette er ei oppretthalding av dagens nivå.
Konsekvensane av tiltaka som administrasjonen rår styret i foretaket til å gjennomføre, må utgreiast nærare. Sogn Regionråd ber derfor styret i Helse Førde om å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av tiltaka før desse vert vedtekne i styret, skriv helsegruppa i Sogn regionråd.
• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar