onsdag 18. mars 2009

Lærdal formannskap: Uroa over nedbyggingsplanar ved sjukehuset


PORTEN Formannskapet er kritisk til Helse Førde sine planar om endringar innan overvakingstenesta utan at konsekvensane er skikkeleg utgreidd.

-Overvakingsavdelinga er hjarta i drifta av sjukehuset og kjerna i den akuttmedisinske beredskapen for alle innbyggjarane i Indre Sogn. Fagmiljøet ved avdelinga er bygd opp over lang tid, ei oppsplitting slik det går fram av notat frå fagdirektør Varden vil medføre ei nedbygging av dette miljøet. Dette er ei utvikling me ikkje kan godta, står det i ein uttale frå formannskapet.

Årdal, Lærdal og Aurland er i gang planar om å etablere ein felles legevaktsentral, der ein gjerne vil ha eit samarbeid med med Lærdal sjukehus og Helse Førde.

-Ei samlokalisering med Lærdal sjukehus er svært aktuell, og samlokalisering mellom interkommunal legevakt og overvakingsavdelinga er ein av fleire moglegheiter. Ei endring, slik framlegget til dir. Varden legg opp til, vil setje ein stoggar for dette alternativet, meiner formannskapet.

Konsekvensanalyse
Grunn til at Helse Førde ynskjer å ei endringa i drifta av overvakingsavdelinga er å spare pengar - nærare 5 millionar kroner. Dette vil dei oppnå med at den akuttmedisinske overvakinga vert redusert til eitt rom inn på ei ombygd medisinsk avdeling på sjukehuset. Ei løysing fagpersonale ved sjukehuset meiner er ei løysing som høyrer fortida til, då denne organiseringa er lik den ein hadde for denne tenesta på 70 og 80 talet.

Notatet frå fagdirektør Varden seier lite om alle andre kostnader ved tiltaket, som ombygging, nye bemanningsplanar og nye investeringar i nødvendig medisinsk utstyr og kompetansebygging i personalet.

-Før tiltaket vert nærare vurdert, krev formannskapet i Lærdal at planane for oppsplitting av overvakingsavdelinga ved Lærdal sjukehus vert nærarare utgreidd gjennom ei konsekvensanalyse, meiner dei folkevalde.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar