fredag 29. mai 2009
Ber om meir pengar. Opnar òg for debatt om sjukehusstrukturen i fylket.
SOGN AVIS I styremøtet i Helse Førde i Sogndal i dag kom det fram at helseføretaket går inn for å be om meir pengar frå Helse Vest.
Etter kuttforslaget for neste år på 12 millionar kroner, i tillegg til dei 40 millionane Helse Førde allereie har fått lov til å gå i minus, er den økonomiske situasjonen mildt sagt stram for helseføretaket.
Vanskeleg fylke
Det er ikkje spesifisert kor mykje Helse Førde vil be Helse Vest om, men det blir bedt om at sjukehusa i Sogn og Fjordane må få auka skjønsmidlar.
Det blir bedt om at Helse Vest blant anna må ta omsyn til at Sogn og Fjordane er eit spesielt fylke å driva helseføretak i – med eit sentralsjukehus og to lokalsjukehus.
Det blir òg langt vekt på at transportkostnadane her overgår mange andre fylke.
Strukturdebatt
Styremedlem Harry Mowatt sa på styremøtet at han ønskjer full debatt om sjukehusstrukturen, med sentral- og lokalsjukehus, her i fylket.
Også styreleiar Clara Øberg opna for dette, og dette er truleg noko som vil bli diskutert fram mot neste styremøte.
• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar