fredag 22. mai 2009

Helse Førde kan miste inntekter


NRK SOGN OG FJORDANE Eit utval føreslår eit inntektskutt på 12 millionar kroner i året til Helse Førde. Den allereie svært tronge økonomien i helseføretaket vil dermed bli endå meir prekær.

- Dette godtek vi ikkje, seier Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde.
- Vi vil alltid ha meir pengar, fordi vi har bruk for meir pengar. No er dette ute på høyring, og vi kjem til å spele inn våre ting om dette.

- Tek ikkje omsyn til sjukehusstrukturen
Dersom forslaget til ny inntektsmodell for Helse Vest blir vedteke, vil det medføre millionkutt for Helse Førde. Helse Førde har sjølv rekna ut at kuttet vil kome på om lag 12 millionar kronar, i ein sjukehusøkonomi som frå før er meir enn trong.

Helse Førde har sjukehus både i Lærdal, Førde og på Nordfjordeid. Det er ein struktur som er svært kostbar sett i høve det samla folketalet i området. Øberg meiner den kostbare sjukehusstrukturen, som den raudgrøne regjeringa har pålagt Helse Førde å ha, må takast meir omsyn til i den nye inntektsmodellen.

- Det er ikkje teke omsyn til den strukturen vi er pålagt å ha. Det er ganske krevjande, fordi vi har ein struktur som gjer at Helse Førde som føretak er dyrt å drive. Det tenkjer eg er noko vi vil spele inn. At vi kunne tenkt oss å få kompensert for det.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar