lørdag 16. januar 2010

Lesarbrev i Sogn Avis i dag: Trivselfylket?

LESARBREV I SOGN AVIS Trivselfylke, vekstfylke, framtidsfylke. Det er ikkje måte på kor positiv stoda er.
Ikkje alle i indre Sogn og Nordfjord er samde i karakteristikken.


I Lærdal har dei bygt ned ei velfungerande fødeavdeling, - og på Nordfjordeid er det no planar om det same. Dette er tryggleik – og velferdstilbod møysommeleg oppbygd over tid. Å byggja ned noko som har fungert så godt, - høver det for eit vekst og trivselfylke? Er det slik ein skal stanse forgubbinga?

Endå meir nedlegging trugar. Truleg ryk ortopedien på ein av stadane. Nordfjord vert sett opp mot Sogn; Førde vinn.
Ein kan allereide ane kvar nedskjæringane kjem ved neste krossveg; Lærdal eller Eid, viss det er att kjøt å skjere i.

Kven er det som eigentleg bestemmer denne nedbygginga av lokalsjukehusa? Ein skulle tru at lokalpolitikarane kjempa mot. Men ordførar og varaordførar i Lærdal er på vikande front. I Sogn Avis 9. des.09 seier ordføraren: ”Den som trur at julenissen kjem til Lærdal for å opne oppatt ei fødeavdeling i år eller neste år, den tek definitivt feil.”
”Lars Petter Nesse slo fast at det ikkje nytta for ein lokalpolitikar å påverka helseføretaka. – Me forsvarar ikkje dette.”
Begge er langt frå fagre vallovnader. Og begge er altså eigentleg imot nedgraderinga i Lærdal, men har tydelegvis gjeve opp kampen.Ein skulle tru lokalpolitikarar kunne påverka oppover i partisystema!

Kven er dei reelle makthavarane? Helseføretakstyret, ”dyktige” direktørar som sakshandsamarar, eller politikarar?

Viss makthavarane ein gong får bygt opp traumehospitalet i Førde slik som dei vil, så får ein håpe på at spesialavdelingane vert av topp kvalitet, sjølv om det er få pasientar å øve seg på i fylket. Hugs: Det er fritt sjukehusval. Eit relevant spørsmål i den samanheng er i kor stor grad innbyggjarane i Sogn og Nordfjord er motiverte for å velja Førde. Det er farbar veg både nordover, sørover og austover.
Det kan vel ikkje prinsipielt vera slik at omsynet til fylkesgrenser og helseføretaksgrenser skal koma framom omsynet til pasienten?

Ein kan ikkje begrava fogderistriden med eit fylkestingsvedtak. Derimot kan striden truleg dempast ved kloke politiske avgjerder. Det synest som striden no er meir betent enn nokon gong.

Å byggja ned i Nordfjord og Sogn til fordel for Førde, er som å helle bensin på open varme.

Er det slike tilstandar utflytta ungdomar skal flytte attende til? Kanskje bør dei vente til familiestrukturen er vel etablert. Flytter dei til framtidsfylket?

Om det vert hjernekirurgi i Førde i framtida skal dei vite at det krevst serdeles høg kompetanse for å lobotomere bort patriotismen hjå sogningar og nordfjordingar.
Me har ei felles sak å kjempe for: Robuste lokalsjukehus med gode basale tenester.I vårt velferdssamfunn bør ein verdig fødsel, ein verdig død og rimeleg nærleik til akutthjelp vera sjølvsagt!

Pasienten må koma i fokus. Og dei frustrerte sjukehustilsette må få trygge forutsigbare arbeidsforhold. Riv ikkje ned det som er bygd opp, bygg heller vidare på lokalsjukehusa!

Og viss dei folkevalde sviktar oss, så får me blåøygde veljarar la vere å tru på julenissen i neste valkamp.

Steinar J. Mundal
Lærdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar