torsdag 14. januar 2010

Nordfjord: Møta er spel for galleriet


NRK SOGN OG FJORDANE Mange møtedeltakarar i Nordfjord kritiske til arbeidsmøte med Helse Førde.

Helse Førde har invitert heile fylket til å kome med innspel i strategiarbeidet på møta som tidlegare har vore både i Lærdal og Førde. Mellom 50 og 60 stilte tysdag til det opne møtet på Nordfjord sjukehus.

- Eg tykkjer det er eit spel for galleriet. Det kjennes ganske frustrerande å kome til eit møte der det ikkje er lagt opp til noko som helst diskusjon. Vi har skrive på lappane, men vi har vår store tvil om det i det heile blir brukt, sa Wenke Søvik Myklebust, tidlegare organisasjonspsykolog.

- Pedagogisk dårleg

Søvik Myklebust skildra tysdagens arbeidsmøte på Nordfjord sjukehus som meiningslaust. Helse Førde la opp til gruppearbeid, ikkje open diskusjon, og delte ut store plakatar, tusjar og post-it-lappar i ei rekkje fargar. Her skulle deltakarane kome med sine innspel til utfordringane Helse Førde står overfor.
- Eg tykkjer det er pedagogisk veldig dårleg framstilt, meinte sjukehusaksjonist Marit Nore Sørhaug frå Vågsøy.

Forbanna ordførar
Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, lot viseadministrerande direktør Vidar Vie få høyre kva han tykte om slike type møte.
- Eg blir rett og slett forbanna. Vi har to timar møte til dømes, og det går ein time og 50 minutt der vi blir fortalde kor positivt alt er og ti minutt til å fortelje om kva vi meiner om saker og ting. Når de kjem til Nordfjord og vi skal ha dialog, så vil eg vite kva vi skal produsere i Nordfjord, sa han.

- Flatt lite papir
Einar Sandven, kommunelege i Eid, meinte at mange synspunkt om Helse Førde aldri blir høyrde.
- Då er eg veldig glad for å invitere til møte slik som i dag. Eg hadde venta at eg kanskje skulle få sjansen til å seie noko om det eg meiner er viktigast. No har eg fått sjansen, rett nok i kortversjon på eit lite flatt papir, men eg har inga kjensle av at eg har fått argumentert særleg for det eg brenn for, oppsummerte han.

Fekk også skryt
Den einaste som opent skrytte av møteforma, var stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) som deltok mellom legar, lokalpolitikarar og den vanlege mann og kvinne i gata.
- Det kan vere mykje gode idear og tankar hos den vanlege mann, sa han.

- Alle blir høyrde
Helse Førde har tidlegare blitt kritisert for å ha lukka prosessar. Når dei no opnar opp for innspel frå alle, kom kritikken litt overraskande på utviklingssjef Tove Hovland. Ho forklarte at alle lappane skal samlast inn og leggjast fram for styret - og at alle dermed blir høyrde.
- Meiner framleis at den måten lagt fram prosessen på, der alle får kome med sine ting er viktig, og eg trur det kjem fram mykje viktig i denne prosessen, sa ho.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar