onsdag 20. januar 2010

Uttale frå årsmøtet til Senterkvinnene: Vil ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar


FJORDABLADET - Vi skal ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar for å gje alle innbyggjarane trygg og sikker hjelp. Dette kjem fram i ei fråsegn fylkesårsmøtet i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane vedtok på fylkesårsmøtet sist helg.

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane meiner dagens sjukehusstrid er skadeleg for fylket både på kort og lang sikt.

Ein slik strid skapar unødig splid mellom kommunar, folk og regionar og gjer at innbyggjarane føler seg usikre og utrygge. Senterkvinnene ynskjer ein sakleg debatt basert på fakta. Årsmøtet meiner at alle har rett til rask, effektiv hjelp av høg kvalitet når sjukdom oppstår og at dette må ligge til grunn i debatten om sjukehusa, heiter det i fråsegna..

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane meiner:

• At vi skal ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar for å gje alle innbyggjarane trygg og sikker hjelp, og oppretthalde fødeavdelingane.

• At ambulansetenesta skal vere god med høge faglege krav til dei tilsette, og den skal vere tilgjengeleg i heile fylket.

• At vi skal ha ei sterkt sentralsjukehus som bidreg til å ha eit godt fagmiljø i heile fylket, og som er ei drivkraft for rekruttering og kompetanseutvikling til beste for alle sjukehusa i fylka – der alle sjukehusa dreg nytte av kvarandre sin kompetanse,

• At Helse Førde må gjennomføre ei funksjonsfordeling mellom sjukehusa som gjev eit best mogleg tilbod og gjev eit sterkt fagmiljø ved kvart enkelt sjukehus.


Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar