søndag 2. mai 2010

1. mai i Lærdal og Årdal: Slo ring om lokalsjukehuset


PORTEN Kampen for lokalsjukehusa sto sentralt i 1. mai arrangementa både i Lærdal og Årdal. Litt galgenhumor var det og plass til, lærdølene har ei klar oppfatning om korleis eit lokalmedisinsk senter vil sjå ut.

Det er svært mange år sidan så mange deltok i 1. mai-toget i Lærdal. Og det har sin naturlege årsak, ein sterk vilje til å kjempe for lokalsjukehuset si framtid.

Onsdag kjem helseminister Grete Strøm-Erichsen til Lærdal og Årdal, det er stor spenning knytt til dette besøket, spørsmålet folk stiller seg er om ministaren har noko nytt å kome med i høve sjukehuset si framtid. Strøm-Erichsen veit nok kva grasrota meinar, dette vart og sterkt understreka i samband med 1. mai-feiringa. "Vern om lokalsjukehuset", "Tunnelfødsel = dårleg fødsel", "Hugs Soria Moria 2" og "Ikkje ta frå oss sjukehuset vårt" var parolar som viser at engasjementet er stort. Ei tom sjukeseng, og eit sjølvlaga lokalmedisinsk senter var òg gode innslag i toget i Lærdal.

Som alltid gjorde 1. mai-toget i Lærdal ein stogg ved Lærdal alders- og sjukeheim der korpset spelte medan leiar i 1. mai-komiteen Knut O. Aarethun delte ut roser. Toget enda ved Lærdalsøyri skule, i storstova var det sal av kaffi og kaker, der alle inntektene gjekk til sjukehusaksjonen. Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen var 1. mai-talar, og Bente Øien Hauge held ein glitrande god apell. Bente fekk trampeklapp for det arbeidet ho legg ned for sjukehuset vårt.

- Helse er det viktigaste me har, å ta vare på sjukehusa i Lærdal og Eid er veldig avgjerande for at folk skal busetje seg her. Lokalsjukehusa er sjølve tryggleiksbasen i samfunna våre, sa Sonja Edvardsen.

Tradisjonell feiring i Årdal
I Ap-bastionen Årdal var det som vanleg bra oppslutnad om 1. mai feiringa, sjølv om ein del folk var utanbygds sidan arbeidardagen i år fall på ein laurdag. Årdalskoret var på plass med flott korsong, i tillegg var det songar frå årets russekull.

Stortingsrepresentant Tor Bremer var 1. mai talar i Årdal. I god tradisjon måtte talaren i elden to gonger, fyrst i Øvre Årdal, seinare på dagen fekk tangingane høyre kva Bremer hadde på hjarta.

Hafslobygdingen streka mellom anna under kor viktig det er med fellesskap, og peika på at ytterste høgre vil avvikle felleskapet og velferdssamfunnet.

Han refererte EU-presidenten, ein "høgremann" frå Portugal, som ved eit høve hadde peika mot nord og sagt: "Når ein får så mykje velferd ut av skattar og avgifter, ja då er det ok med høge skattar og avgifter."

• KLIKK HER FOR Å SJÅ BILETE PÅ PORTEN SITT GALLERI

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på Porten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar