mandag 3. mai 2010

Nordfjord Ap: Går mot Helse Førde si tilråding


FJORDABLADET – Dersom ein gjer om lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra slik som Helse Førde tilrår, går ein feil veg så lenge målet er å oppretthalde nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Dette skriv Arbeidarpartilaga i Nordfjord i sin høyringsuttale til Helse Førde sitt strategidokument.

Vidare i høyringssvaret heiter det:
Plandokumentet skisserer tre modellar for organisering av den framtidige spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane:
1. Eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske sentra i Sogn og Nordfjord
2. Eitt sentralsjukehus som leverer alle spesialisthelsetenester i fylket
3. Tre likeverdige lokalsjukehus og samarbeid med Haukeland universitetssjukehus om sentralsjukehusfunksjonar

Modellen som styret i Helse Førde tilrår – der lokalsjukehusa vert gjort om til lokalmedisinske sentra – står heilt klårt i motstrid til den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa der det heiter:
«Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus. Dette kan innebere at somme sjukehus skal gjere andre oppgåver enn i dag, blant anna sett i samanheng
med samhandlingsreforma. I dette arbeidet blir det lagt til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Det vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, sjølv om slike tilbod ikkje blir gjevne ved alle sjukehus. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned».

Omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod vert av kommunane og befolkninga sett på som det same som å leggje ned eit lokalsjukehus.

Arbeidarpartilaga i Nordfjord er særs kritisk til at endringane som Helse Førde gjer framlegg om, kjem som ei direkte følgje av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som eit resultat av ein tydeleg og vilja nasjonal helsepolitikk, men marknad og økonomisk tenking framfor behov
.
Vi finn grunn til å peike på at:
• Regjeringa arbeider med ein Nasjonal helse- og omsorgsplan og at denne skal leggast fram i løpet av året.
• Stortinget sin helse- og omsorgskomité skal gje innstilling om «Samhandlingsreforma» 20.04.10.

I strategiplanen forskotterer Helse Førde i stor grad «Samhandlingsreforma». Dette skjer før ho er vedteken av Stortinget. Omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra - med kommunale tenester som skal kome før, i staden for og etter sjukehusbehandling - føreset ein vesentleg medverknad frå kommunane si side – både økonomisk og personellmessig.

Vi har merka oss at regjeringa i stortingsmelding nr 47 (Samhandlingsreforma) skildrar og drøftar oppgåver som den kommunale helse- og omsorgstenesta kan få ansvar for i framtida. Det vert uttalt i meldinga at:
«Hvilke oppgaver, omfanget av disse og tidspunkt for iverksettelse, vil Regjeringen ta stilling til etter at Stortinget har behandlet stortingsmeldingen»
Og vidare:
«Kommunene skal ikke pålegges nye oppgaver uten at de blir gitt nødvendige ressursforutsetninger for dette»

Vi forventar at dette vert gjort gjeldande også i Sogn og Fjordane.

Omgjering av to lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra vil auke pasientstraumane ut av fylket. Gjennom fritt sjukehusval vil høgst truleg eit fleirtal i befolkninga på sørsida av Sognefjorden søkje sjukehusbehandling på Voss og på Haukeland og folk i Nordfjord til Volda/Ålesund.

Arbeidarpartilaga i Nordfjord meinar at Helse Førde undervurderer dei faglege og økonomiske konsekvensane av dette då det ikkje går fram at dette er konsekvensutgreidd. Det same gjeld kva konsekvensar dette kan få for tenestetilbodet som sentralsjukehuset vil vere i stand til å yte i 2020.

Vi vil og peike på at sentralsjukehuset innan fleire tenesteområde allereie i dag er avhengig av at fleire spesialiserte oppgåver vert utførte ved Haukeland sjukehus i Bergen. Dette gjeld mellom anna innan viktig fagområde som hjarte- og karsjukdomar, traume/hovudskader og kreftkirurgi. Dette skuldast mellom anna den raske utviklinga innan medisinsk teknologi og dei stadig aukande krava til spesialisering. Det er grunn til å tru at denne trenden vil halde fram, og høyringsnotatet burde difor ha drøfta grundig kva som vil vera eit ynskjeleg og realistisk tenestetilbod ved sentralsjukehuset i 2020.

Arbeidarpartilaga i Nordfjord meiner at modellane som Helse Førde skisserer, heilt klårt er av prinsipiell betyding, har vesentlege samfunnsmessige verknader og inneber omfattande endringar i tenestetilbodet. Dersom ein gjer om lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra slik som Helse Førde tilrår, går ein feil veg så lenge målet er å oppretthalde nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.

Vår vurdering er at befolkninga og kommunane i Sogn og Fjordane er best tent med ei vidareføreing av eksisterande struktur med naudsynte tilpasningar. Etter vår vurdering er enno ikkje alle steinar snudde i arbeidet med å redusereusere og få kontroll over driftskostnadane i foretaket. Me vil særskilt peike på to forhold:
1. Dagens modell der utgifter og inntekter berre vert rekneskapsført i den einskilde klinikken på tvers av institusjonsgrensene, hindrar god kostnadsoversikt og effektiv ressursutnytting innan den einskilde institusjonen.
2. Ei omlegging av rekneskapssystemet til også å omfatte institusjonsnivået, kan gje rom for ein ny kritisk gjennomgang av økonomi og tenester. I dette arbeidet bør ein vurdere både tenestetilbod og økonomi ved den einskilde driftseininga og gjere ei samla vurdering av kva tenester som bør ytast i regi av Helse Førde i 2020.

Arbeidarpartilaga i Nordfjord krev:
1. At spørsmål om eventuell omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra, fjerning av akuttfunksjonar og fødeteneste, må leggjast fram for regjeringa til avgjerd.
Slike avgjerder og tolking av den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa må ikkje overlatast til helseføretaka åleine.

2. At vesentlege endringar i tenestetilbodet og oppgåvedelinga mellom den statlege spesialisthelsetenesta og kommunane må kome som ei følgje av ein nasjonal helse- og omsorgspolitikk der den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa vert lagt til grunn og ikkje som ei følgje av helseføretaka sine underskot.

3. At regjeringa gjennom ein nasjonal helse- og omsorgspolitikk sikrar befolkninga i distrikta nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane må difor oppretthaldast.

4. At det vert iverksett naudsynte tiltak for å sikra at Helse Førde kan og vil føre vidare ein sjukehusstruktur med to lokalsjukehus og eitt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar