søndag 2. mai 2010

Irritert på Helse Sunnmøre


FJORDINGEN Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde, er irritert på administrerande direktør i Helse Sunnmøre etter at ho uttalte seg kritisk om strategiprosessen i Helse Førde.

Som referert på leiarplass i Fjordingen fredag, har administrerande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid Eidsvik, uttalt til Sunnmørsposten at Helse Førde ikkje har utgreidd godt nok følgjene av å sende pasientar til Førde. Ho meiner Helse Førde ikkje har teke høgde for at ikkje berre fødande, men og mange medisinske pasientar frå Nordfjord vil velje Volda framfor Førde.

Då styret i Helse Førde var samla til møte i Lærdal i dag, skulle styret etter planen gje uttale til Helse Sunnmøre sin strategiplan. Men Clara Øberg fekk eit samrøystes styre med seg på å utsetje saka til Helse Førde er ferdig med sin eigen strategiplan.

- Det er merkeleg at direktøren i Helse Sunnmøre nærast har slakta vår strategiprosess, samtidig som Helse Sunnmøre vil ta oppgåver frå oss. Det som er sagt viser at ho ikkje har sett seg godt nok inn i saka, sa Øberg før styret vedtok å utsetje saka.

- Korleis reagerte du på utspelelet frå toppane i Helse Sunnmøre?
- Det er høgst uvanleg at ein administrerande direktør kritiserer korleis andre helseføretak driv. Ho er på gyngjande grunn når ho uttaler seg om noko ho ikkje har kunnskap om. Det er så oppsiktsvekkjande at eg vil ta opp med nestleiaren i Helse Førde om vi skal be om møte med styreleiaren i Helse Sunnmøre. I eit slikt møte vil eg diskutere denne type utspel, seier Øberg.
- Kan dette øydeleggje eit framtidig samarbeid mellom Helse Førde og Helse Sunnmøre?
- Nei, men denne måten å gå ut på - og på eit sviktande grunnlag - er lite klokt. Vi må få etablert eit samarbeid mellom helseføretaka. Kvivsvegen som opnar om to år utløyser heilt nye reisemønstre og opnar dermed for ny bruk av tenestetilbod på begge sider av fylkesgrensa. Men no gjer vi først vedtak om eigen strategi før vi uttalar oss om Helse Sunnmøre. Det blir rett rekkjefølgje, seier Øberg.

• Les saka i Fjordingen ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar