onsdag 20. februar 2008

10 kandidatar til Helse Førde-styret

Helse Vest har fått forslag på 10 namn til nytt styret i Helse Førde. Av desse kjem føretaksmøtet i Helse Vest førstkomande måndag til å plukke ut tre eller fire styremedlemmer.

Av dei resterande sju blir kring halvparten plukka frå kandidatar foreslått av fylke og kommunar. Og her har Helse Vest fått 10 namn frå fylket og 16 av dei 26 kommunane.

Det er
Clara Øberg, frå Ap og Sogndal , foreslått attvald av fylket og 10 kommunar.
Jorunn Ringstad, Senterpartiet og Askvoll, er foreslått attvald av fylket og seks kommunar.
Per Kjøllesdal frå Senterpartiet og Stryn er foreslått av fylket og ni kommunar.
Arve Mjømen, Høgremann frå Solund er foreslått av fylket og fem kommunar.
Flora har spelt inn Elisabeth Normann og Oscar Bergheim.
Lærdal foreslår Knut O. Aarethun og Inger Bakken.
Førde har foreslått Harry Mowatt.
Eid er den einaste som har spelt inn attval på Siv Langøen Rotevatn.

• Les meir på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar