mandag 25. februar 2008

Avisa Firdas presentasjon av styremedlemmane til Helse Førde

Anni Felde, som i fleire år var fylkeskommunens fremste helsepolitikar og seinare sat i styret for Helse Vest, er henta inn utan å vere føreslegen av noko kommune. Felde har tidlegare stått midt oppe i sjukehusstridane i fylket. T.d. leia ho det fylkeskommunale helse- og sosialutvalet då sjukehuset i Florø vart bygd ned og fødeavdelinga der avvikla i 1995.

Mowatts kandidatur vart først offentleg kjent etter at helseminister Sylvia Brustad (Ap) hadde avklara uvissa rundt sjukehussengene i Florø 15. februar. Den tidlegare Hyllestad-ordføraren blir rekna som ein av Aps sterke menn i fylket, og er både respektert og frykta som politisk strateg. Mowatt framstår som ein av dei mest markante medlemene av Aps fylkestingsgruppe.

• Klikk på overskrifta for å sjå heile saka på Firda sine nettsider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar